Mellomkrigstida

Tida mellom 1. og 2. verdskrigen blir kalla mellomkrigstida. Perioden var prega av dårleg økonomi og høg arbeidsløyse over heile verda. Mellomkrigstida varte frå 1918 til 1939. Åra bar preg av at fredssamtalane etter første verdskrigen ikkje gav stabil fred i Europa.

Mange vestlege land var redde for korleis kommunismen kunne spreie seg. Dette som følgje av den russiske revolusjonen og ei veksande arbeidarrørsle. I land som Tyskland og Italia gav denne frykta grobotn for fascisme og nazisme.

I mellomkrigstida vart fleire imperium oppløyste. Desse vart erstatta av nye nasjonalstatar. Både Storbritannia og Frankrike beheldt koloniane sine. I Nord-Amerika kom eit børskrakk i 1929. Det gjorde det vanskeleg å byggje opp landet etter 1. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kart over Europa i papir stil
Kart over Europa i papir stil

Russland

Mange frå Russland vart drepne under 1. verdskrigen. Den russiske hæren mangla god leiing. Til slutt slutta mange soldatar å lystre ordre. I staden for å gjere det dei fekk beskjed om, reiste dei heim. Landet var prega av hungersnaud, og mange svalt og fraus i hel. I byane streika og demonstrerte folk for eit betre liv.

I russiske byar samla streikande arbeidarar seg i grupper. Dei vart kalla sovjet. Her vart det diskutert kva ein ønskte for framtida. Mange var misnøgde med tsaren og den russiske nasjonalforsamlinga, dumaen.

Arbeidarane gjorde opprør. Tsaren måtte gå av i mars 1917. Hendinga  vart kalla «februarrevolusjonen» sjølv om det var i mars. Sovjetunionen brukte den julianske kalenderen som framleis var februar. Tsaren og familien hans vart avretta eitt år seinare.

I 1917 kom Vladimir Lenin tilbake til Russland. Han hadde vore i utlandet i mange år. Han leidde ei gruppe som kalla seg bolsjevikane. Dei kalla seg seinare kommunistar.

Bolsjevikane ønskte eit meir rettferdig samfunn. Dei meinte at arbeidarane skulle ha makta og rett til å bestemme over seg sjølve. Jorda skulle bli eigd av alle. Alle skulle få brød. Bolsjevikane danna ein hær, og ei natt arresterte dei heile regjeringa.

Lenin danna ny regjering. Dei bestemte at dei skulle ha kontroll over industri og handel. Då Lenin døydde, overtok Josef Stalin makta. Stalin betyr stålmannen.

Lenin hadde arbeidd for at alle skulle eige jorda saman og bestemme over eigne liv. Stalin bestemte kva som skulle bli dyrka på jorda. Han bygde mange nye fabrikkar. Stalin var redd for opprør og for å miste makta. Han begynte då å avrette alle som var imot han! Det blir kalla eit terrorregime.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Februarrevolusjonen 1917 i Russland
Februarrevolusjonen 1917 i Russland

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!