Kva er ideologi? 

Det å styre eit samfunn er som å styre ein maskin med mange tannhjul. Kvart tannhjul er viktig. Viss eitt tannhjul står fast, vil ikkje heile maskinen fungere.

Ein ideologi er politiske idéar for korleis samfunnet bør organiserast og styrast. Dei som står bak ein ideologi, ønskjer å styre eit samfunn på den måten dei meiner er best. Ideologiane har dermed klare målsetjingar.

Ein ideologi bruker mange verkemiddel for å nå måla sine. Verkemidla kan vere revolusjon og krig eller demokratiske prosessar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Mennesket i tilværet

Det som har hendt i fortida verkar inn på notida – og på framtida.

Ideologiane prøver å finne svar på kva plass mennesket har i tilværetDei ulike ideologiane gir ulike svar på korleis samfunnet bør organiserast. 

Det er samtidig viktig å finne løysingar på korleis vi fordeler makt, gode og byrder. Goda er dei fordelane ein har i eit samfunn, mens byrdene er det som kan vere utfordrande og krevjande.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Har alle menneske like stor verdi? 

Ideologiane kan skape store endringar i livet til det enkelte mennesket, i samfunnet og i verda. Noko av det ein ideologi fører med seg, er synet på menneskeverdet. 

📷  Auschwitz var den største tyske konsentrasjonsleiren under den andre verdskrigen. Han ligg i Polen.

Her er nokre viktige spørsmål å reflektere over: 

  • Har alle menneske like stor verdi? 
  • Kven har rett til å bestemme over andre? 
  • Kva slags forhold har ein til demokratiet? 
  • Skal staten eller privatpersonar styre samfunnet? 
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Moderne ideologiar 

Dei moderne ideologiane oppstod etter opplysningstida på 1700-talet. Då skulle samfunnet organiserast med hjelp av kunnskap og fornuft, og ikkje med hjelp av trua på ein allmektig Gud.

Den industrielle revolusjonen frå 1770-åra skapte store økonomiske og sosiale endringar i samfunnet. På grunn av store fabrikkar som trong arbeidsfolk, vaks byane. Ideologiane prøvde å begrunne og forklare det nye samfunnet. 

Kvar ideologi ønskte å vise vegen til eit betre samfunn. Den industrielle revolusjonen gjorde at ulike grupper i samfunnet hadde ulike oppfatningar om korleis endringane kunne tene mennesket best.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ulike gruppeinteresser 

I Europa var det fleire revolusjonar i siste halvdelen av 1700-talet. Ulike grupper i samfunnet ønskte å styre slik dei meinte var best. Dette førte ofte til  krigshandlingar. Revolusjonane hadde positive ringverknader for nokre, og negative for andre.

📷  Gatekampar under den franske revolusjonen.
  • Borgarskapet ønskte å sikre sin eigen politiske og økonomiske fridom.
  • Adelen og dei kongelege ønskte ikkje å miste dei fordelane dei hadde hatt som rike og mektige.
  • Arbeidarklassen som vaks fram under den industrielle revolusjonen, hadde sterke ønske om og behov for eit rettferdig og trygt arbeidsmiljø.

For at kvar av desse skulle få behova sine dekte, blei det etablert ulike ideologiar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kampene under den Franske revolusjonen
Kampene under den Franske revolusjonen

Dei vanlegaste ideologiane:

En knyttet neve malt på en rødmalt vegg
En knyttet neve malt på en rødmalt vegg

Andre ideologiar 

  • Anarkismen ønskjer ikkje å ha ein sterk stat. Dei meiner at samfunnet er i stand til å styre seg sjølv utan politikarar. 
  • Grøn ideologi ønskjer å forvalte natur og klima på best mogleg måte. Dette kan gjerast gjennom demokratiske prosessar, fredsarbeid og ikkje-vald. 
  • Feminismen er ikkje éin ideologi, men eit sett av ideologiar. Fellestrekk er likestilling og rettferd for kvinner.
Vindmøller
Vindmøller

Fundamentalisme 

Fundamentalisme er religiøse ideologiar som bruker sine heilage skrifter for å skape eit samfunn. Jødane har Tanakh, kristne har Bibelen, og muslimar har Koranen.

Fundamentalistiske grupper bruker medieteknologi for å spreie bodskapen. Politikk eller religionar som trugar ideologien deira, vert rekna som fiendar, og det kan oppstå krig.

Mann peker og holder opp en bibel
Mann peker og holder opp en bibel

Politiske ideologiar i Noreg 

Vi har mange politiske parti i Noreg, og alle byggjer på ein ideologi. Desse har endra seg mykje sidan partia vart starta, men nokre typiske kjenneteikn finst framleis.

Høgresida 

Høyresida har tradisjonelt lagt vekt på: 

  • fridom for det enkelte mennesket, og vern om det beståande samfunnet 
  • privat eigedomsrett og privat næringsliv 
  • marknadsøkonomi med fri konkurranse og lite offentleg innblanding

Parti på høgresida i norsk politikk er Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP). 

Venstresida 

Venstresida har tradisjonelt lagt vekt på at: 

  • staten styrer økonomien i samfunnet 
  • tilbodet av velferdsgode som blant anna skule og aldersheim skal vere eit offentleg ansvar 

Parti på venstresida i norsk politikk er Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Raudt (R). 

Sentrumsparti 

Mellom høgresida og venstresida finn vi sentrumspartia Kristeleg Folkeparti (KrF), Venstre (V) og Senterpartiet (Sp). Desse set familie, kristendom, tradisjonell moral og bygdeverdiar høgt. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Stortinget
Stortinget

Stortingsval

Kvart fjerde år er det stortingsval i Noreg. Då kan alle norske statsborgarar over 18 år stemme på det partiet dei meiner vil gjere ein best mogleg jobb for Noreg.

En som stemmer på stortingsvalget med det norske flagget i bakgrunnen
En som stemmer på stortingsvalget med det norske flagget i bakgrunnen

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Arkikon (CC BY-SA 4.0)
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images