Menneskerettar

I dag har vi alle rettar, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, tru eller politisk ståsted. Korleis vart menneskerettane etablert og korleis kan vi verna dei?

Accessibility icon Menneskerettar

Kvifor blei menneskerettane utvikla? 

Etter 2. verdskrigen oppstod eit tydeleg behov for å utvikla internasjonalt samarbeid som skulle hjelpa å halda fred mellom ulike land.  

SN – dei sameinte nasjonane  

24. oktober 1948 blei Dei sameinte nasjonane (SN) oppretta. Hovudmålet var å styrka internasjonalt arbeid og utvikla nokre universelle rettar, altså rettar for alle borgarane i verda. 

Frå hovudkvarteret til SN i New York. 

FNs hovedkvarter i New York med medlemsflaggene vaiende utenfor
FNs hovedkvarter i New York med medlemsflaggene vaiende utenfor

I ei etterkrigsverd 

Under 2. verdskrigen blei jødar, romfolk, homofile og andre minoritetar utsette for grove overgrep. Som følgje av dette forstod mange at verda trengte nokre internasjonale rettar som verna alle menneske, uavhengig av bakgrunn. Desse kalla ein menneskerettar.  

Davidsstjerna blir brukt som symbol i mange jødiske synagogar. Under 2. verdskrigen blei jødane i Tyskland tvungne til å bera ei gul davidsstjerne for å visa trusretninga si.  

Verdserklæringa om menneskerettar 

10. desember 1948 blei verdserklæringa om menneskerettar vedteke. Ho består av 30 artiklar. 

Artikkel 1 frå verdserklæringa lyder slik:  «Alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrte med fornuft og samvit og bør handla mot kvarande i anda til brorskapet.» (SN-Sambandet, 2020)

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike typar menneskerettar 

I dag har vi alle rettar, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, tru eller politisk syn.   

Verdserklæringa om menneskerettar formar dei grunnleggjande rettane våre. I ettertid har ein også utvikla desse rettane gjennom konvensjonar. SN har vedteke ni konvensjonar, blant anna barnekonvensjonen og flyktningkonvensjonen.  

Ein av dei mest sentrale konvensjonane for å halda oppe demokratiet, er konvensjonen om sivile og politiske rettar. Denne konvensjonen sikrar ytringsfridom, valfridom og demokratisk styresett. Sjølv om det på verdsbasis har vore store framsteg i demokrati dei siste 60 åra, er vi i dag vitne til nasjonar som utfordrar desse grunnleggjande rettane.  

⬅  Retten til å demonstrera, eller ytra eigne tankar, er ein av våre mest grunnleggjande sivile og politiske rettar som menneske i denne verda.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Film frå SN-sambandet: Menneskerettar og berekraftig utvikling  

Brot på menneskerettar 

I mange land, også i Noreg, finn vi brot på menneskerettar. Graden av brota varierer frå låg til høg.  

I Polen har regjeringa i det siste gjort nokre endringar som bryt med menneskerettane. Ifølgje ein rapport frå Amnesty International driv den polske regjeringa ein homo-transfobisk kampanje. Dei siste åra har den polske regjeringa stoppa LHBT-aktivisme og sensurert informasjon som handlar om LHBT. Dette er eit klart brot på ytringsfridomen.   

Den polske regjeringa har i tillegg gjennomført  reformer som svekkjer rettsstaten. Dette bryt med maktfordelingsprinsippet, som er grunnleggjande for eit velfungerande demokrati.  

Den Europeiske Union (EU)har prøvt å stoppa desse menneskerettsfiendtlege reformene frå Polen, men den polske regjeringa tek ikkje omsyn til åtvaringane frå EU. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

«Black lives matter»  

25. mai 2020 drap politiet i Minneapolis (USA) George Floyd. George Floyd var ein 46 år gamal afroamerikansk mann som truleg prøvde å bruka ein forfalska pengesetel på butikken kor han blei arrestert. Drapet på George Floyd har løyst ut dei største protestane mot rasisme og politibrutalitet i USA på over 50 år. Rundt omkring i verda har tusenvis av menneske demonstrert i gatene mot rasisme. 

Det at ein stemplar dei som er mørke i huda som meir kriminelle utan at dei har gjort nokre grove straffbare handlingar blir rekna som eit brot på menneskerettane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Opptøyar i Frankrike

Heilt sidan revolusjonen i 1789, har franskmenn brukt demonstrasjon og opptøyar når dei opplever samfunnet som urettferdig. Sommaren 2023 skjedde det igjen. Folka, særleg ungdommar med
nordafrikansk bakgrunn, var rasande pga vald og diskriminering frå politiet. Dei var lei av at styresmaktene ikkje anerkjenner at dei har ei utfordring med strukturell rasisme i samfunnet, og at dei ikkje gjer noko med det. Den røyndommen minoritetar i Frankrike opplever er eit klassedelt samfunn med ein elite som dei ikkje får vera ein del av. Dette snakkar ein ikkje om i Frankrike.

Det som utløyste opptøyane var drapet på den marrokkansk-franske guten Naheel 27. juni.

Dine moglegheiter for å påverka  

Sjølv om du er ein elev, har du moglegheiter til å fremja menneskerettar i Noreg og verda.   

Ein kan påverka politikarar ved å melda seg inn i ein organisasjon, eit politisk parti, starta ein underskriftskampanje, ytra seg i media eller driva med aktivisme i sosiale medium.   

Kvar og ein borgar er ein forkjempar for demokrati og menneskerettar. 

Sakharovprisen 

Filmen under er frå Sakharovprisen 2013, ein årleg pris som blir delt ut av EU til ein organisasjon eller eit individ som har utmerka seg i sitt arbeid for menneskerettar.  

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Julsrud, Ottar; Tvedt, Knut Are; Trondal, Jarle:
    EU – Den europeiske union  i  Store norske leksikon  på snl.no.
    Hentet
    19. august 2020  fra https://snl.no/EU_-_Den_europeiske_union