Menneskerettar

I dag har vi alle rettigheter, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, tro eller politisk ståsted. Hvordan ble menneskerettighetene etablert og hvordan kan vi beskytte dem?

Accessibility icon Menneskerettar

Kvifor blei menneskerettane utvikla? 

Etter 2. verdskrig blei det viktig å verna om freden mellom dei ulike landa i verda. Difor laga ein eit samarbeid mellom dei. 

SN – dei sameinte nasjonane  

24. oktober 1948 blei Dei sameinte nasjonane (SN) til. SN skulle hjelpa land med å samarbeida. I tillegg utvikla SN nokre universelle rettar, altså rettar for alle borgarane i verda. 

Frå hovudkvarteret til SN i New York. 

FNs hovedkvarter i New York med medlemsflaggene vaiende utenfor
FNs hovedkvarter i New York med medlemsflaggene vaiende utenfor

I ei etterkrigsverd 

Under 2. verdskrigen blei jødar, romfolk, homofile og andre minoritetar veldig dårleg behandla. Etter dette forstod mange at det var viktig med nokre rettar som verna alle menneske uansett kor i verda ein kom frå. Desse kalla ein menneskerettar.  

Davidsstjerna blir brukt som symbol i mange jødiske synagogar. Under 2. verdskrigen blei jødane i Tyskland tvungne til å bera ei gul davidsstjerne. Då kunne alle på gata sjå at dei var jødar.  

Verdserklæringa om menneskerettar 

10. desember 1948 godkjende SN verdserklæringa om menneskerettar. Ho består av 30 punkt.

Verdserklæringa startar slik:  «Alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrte med fornuft og samvit og bør handla mot kvarande i anda til brorskapet.» (SN-Sambandet, 2020)

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike typar menneskerettar 

I dag har vi alle rettar. Desse har vi uansett kva kjønn vi er, kor gamle vi er, eller kva hudfarge eller tru vi har.   

SN har utvikla nokre ekstra reglar. Desse kallar ein konvensjonar. SN har lagt fram ni konvensjonar, blant anna barnekonvensjonen og flyktningkonvensjonen.  

Ein av dei mest sentrale reglane er den som passar på så vi kan leva i eit demokratisk samfunn. Denne regelen blir også kalla konvensjonen om sivile og politiske rettar. Denne regelen gir oss ytringsfridom, valfridom og demokratisk styresett. Det har skjedd mykje bra innan demokrati dei siste 60 åra. Likevel ser vi i dag at nokre land tek frå innbyggjarane sine ein del rettar. 

⬅  Retten til å demonstrera, eller seia si eiga meining, er ein av våre viktigaste sivile og politiske rettar som menneske i denne verda. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Film frå SN-sambandet: Menneskerettar og berekraftig utvikling  

Brot på menneskerettar 

I mange land, også i Noreg, finn vi brot på menneskerettar.  

I Polen har regjeringa i det siste gjort nokre endringar som bryt med menneskerettane. Amnesty International er ein internasjonal humanitær organisasjon som jobbar med og for menneskerettar. Ifølgje Amnesty prøver den polske regjeringa å setja ei grense for rettane til dei homofile og transseksuelle.  

Den polske regjeringa har i tillegg gjort endringar som gjer det meir vanskeleg å bli rettferdig behandla i retten   

Den Europeiske Unionen (EU) er ein samarbeidsorganisasjon i Europa med 27 medlemsland. EU har prøvt å stoppa desse endringane frå Polen, men den polske regjeringa vil ikkje høyra på åtvaringane frå EU.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

«Black lives matter»  

25. mai 2020 drap politiet i Minneapolis (USA) George Floyd. George Floyd var ein 46 år gamal afroamerikansk mann. Det blir sagt at han prøvde å bruka falske pengar på butikken kor han blei arrestert. Drapet på George Floyd har starta store protestar mot rasisme i USA og rundt omkring i verda. Tusenvis av menneske har blitt med på demonstrasjonar mot rasisme. 

Demonstrasjonane viser at det er mange som meiner at folk med mørk hud og andre minoritetsgrupper blir behandla urettferdig av politiet.

Folk er sinte fordi politiet ser på afroamerikanarar som meir kriminelle berre på grunn av hudfargen deira. Dette er imot menneskerettane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Opptøyar i Frankrike

I Frankrike går folk ofte ut i gatene og demonstrerer når dei er veldig misfornøgde og synest at samfunnet er urettferdig.

I sommaren 2023 skjedde det igjen. Mange unge menneske med foreldre eller familie frå landa i Nord-Afrika var rasande fordi dei meiner at styresmaktene ikkje vil innrømma at det finst rasisme i Frankrike, og at dei ikkje gjer nok for å stoppa det.

Dei som har bakgrunn frå Nord-Afrika blir fattigare og fattigare, medan dei som er opphavleg franske blir rikare og får det betre for kvar generasjon som går.

Opptøyane starta fordi ein gut som var både frå Marokko og Frankrike vart skoten av politiet den 27. juni.

Dine moglegheiter for å påverka  

Sjølv om du er ein elev, har du moglegheiter til å styrka menneskerettar i Noreg og verda.   

Ein kan melda seg inn i ein organisasjon, eit politisk parti, starta ein underskriftskampanje, ytra seg i media eller driva med aktivisme i sosiale medium.   

Kvar og ein borgar kan kjempa for demokrati og menneskerettar.   

Sakharovprisen 

Filmen under er frå Sakharovprisen 2013, ein årleg pris som blir delt ut av EU til ein organisasjon eller eit individ som har utmerka seg i sitt arbeid for menneskerettar.  

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Julsrud, Ottar; Tvedt, Knut Are; Trondal, Jarle:
    EU – Den europeiske union  i  Store norske leksikon  på snl.no.
    Hentet
    19. august 2020  fra https://snl.no/EU_-_Den_europeiske_union