Menneskerettar

I dag har vi alle rettigheter, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, tro eller politisk ståsted. Hvordan ble menneskerettighetene etablert og hvordan kan vi beskytte dem?

Accessibility icon Menneskerettar

Kvifor blei menneskerettane utvikla? 

Etter 2. verdskrigen blei det naudsynt å laga eit internasjonalt samarbeid som skulle hjelpa å halda fred mellom ulike land.  

SN – dei sameinte nasjonane  

24. oktober 1948 blei Dei sameinte nasjonane (SN) oppretta. SN skulle styrka internasjonalt arbeid. I tillegg utvikla SN nokre universelle rettar, altså rettar for alle borgarane i verda.

Frå hovudkvarteret til SN i New York. 

FNs hovedkvarter i New York med medlemsflaggene vaiende utenfor
FNs hovedkvarter i New York med medlemsflaggene vaiende utenfor

I ei etterkrigsverd 

Under 2. verdskrigen blei jødar, romfolk, homofile og andre minoritetar veldig dårleg behandla. Etter dette forstod mange at verda trengte nokre internasjonale rettar som verna alle menneske uansett kor ein kom frå. Desse kalla ein menneskerettar.  

Davidsstjerna blir brukt som symbol i mange jødiske synagogar. Under 2. verdskrigen blei jødane i Tyskland tvungne til å bera ei gul davidsstjerne, slik at ein kunne sjå at dei var jødar.  

Verdserklæringa om menneskerettar 

10. desember 1948 godkjende SN den endelege verdserklæringa om menneskerettar. Ho består av 30 artiklar. 

Verdserklæringa startar slik (artikkel 1):  «Alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrte med fornuft og samvit og bør handla mot kvarande i anda til brorskapet.» (SN-Sambandet, 2020)

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike typar menneskerettar 

I dag har vi alle rettar, uansett kva kjønn vi er, kor gamle vi er, eller kva hudfarge, tru eller politisk meining vi har.   

Verdserklæringa om menneskerettar formar dei grunnleggjande rettane våre. Seinare har ein utvikla desse rettane gjennom såkalla konvensjonar, eller ekstra reglar. SN har lagt fram ni konvensjonar, blant anna barnekonvensjonen og flyktningkonvensjonen.  

Ein av dei mest sentrale konvensjonane er konvensjonen som passar på så vi kan leva i eit demokratisk samfunn. Denne konvensjonen blir også kalla konvensjonen om sivile og politiske rettar. Denne regelen sikrar ytringsfridom, valfridom og demokratisk styresett. Sjølv om det har skjedd mykje bra innan demokrati dei siste 60 åra, ser vi i dag at mange land tek frå innbyggjarane sine ein del rettar.  

⬅  Retten til å demonstrera, eller seia si eiga meining, er ein av våre viktigaste sivile og politiske rettar som menneske i denne verda. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Film frå SN-sambandet: Menneskerettar og berekraftig utvikling  

Brot på menneskerettar 

I mange land, også i Noreg, finn vi brot på menneskerettar.

I Polen har regjeringa i det siste gjort nokre endringar som bryt med menneskerettane. Amnesty International er ein internasjonal humanitær organisasjon som jobbar med og for menneskerettar. Ifølgje ein rapport frå Amnesty driv den polske regjeringa ein kamp mot homofile og transseksuelle. 

LHBT er ei forkorting bygd på forbokstaven til lesbiske, homofile, bifile og transseksuelle. Dei siste åra har den polske regjeringa stoppa lhbt-aktivisme og sensurert informasjon som handlar om LHBT. Når regjeringa sensurerer informasjon, tyder det at dei kontrollerer, og endrar eller fjernar informasjon som dei ikkje vil skal stå der. Dette er eit klart brot på ytringsfridomen.  

Den polske regjeringa har i tillegg gjort endringar som svekkjer rettsstaten. Dette bryt med maktfordelingsprinsippet, som er viktig for eit godt demokrati.   

Maktfordelingsprinsippet byggjer på at eit demokrati har tre statsmakter: Stortinget, regjeringa og domstolane. Desse tre uavhengige institusjonane vaktar kvarandre slik at ingen av dei får moglegheit til å misbruka makta si.  

Den Europeiske Union (EU) har prøvt å stoppa desse endringane frå Polen, men den polske regjeringa vil ikkje høyra på åtvaringane frå EU.  

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

«Black lives matter»  

25. mai 2020 drap politiet i Minneapolis (USA) George Floyd. George Floyd var ein 46 år gamal afroamerikansk mann. Det blir sagt at han prøvde å bruka ein forfalska pengesetel på butikken kor han blei arrestert. Drapet på George Floyd har sett i gong dei største protestane mot rasisme i USA på over 50 år. Rundt omkring i verda har tusenvis av menneske blitt med på demonstrasjonar mot rasisme. 

Demonstrasjonane er eit teikn på at mange meiner at afroamerikanarar – og andre mindre folkegrupper – blir urettferdig behandla av politiet.

Mange reagerer på at politiet ser på afroamerikanarar som meir kriminelle berre på grunn av hudfargen sin. Dette er eit brot på menneskerettane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Opptøyar i Frankrike

Heilt sidan den franske revolusjonen i 1789, har franskmenn brukt demonstrasjon og opptøyar når dei meiner samfunnet er urettferdig. Sommaren 2023 skjedde det igjen.

Mange ungdommar med nordafrikansk bakgrunn var rasande etter vald og diskriminering frå politiet. Dei meiner at styresmaktene ikkje innrømmer at det er rasisme i Frankrike, og at dei derfor ikkje gjer noko med det.

Minoritetar i Frankrike opplever at dei som har nordafrikansk bakgrunn blir meir og meir fattige, medan opphavleg franske blir rikare og får det betre for kvar generasjon. Dette snakkar ein ikkje om i Frankrike.

Det var drapet på den marrokkansk-franske guten Naheel 27. juni som starta demonstrasjonane.

Dine moglegheiter for å påverka  

Sjølv om du er ein elev, har du moglegheiter til å styrka menneskerettar i Noreg og verda.   

Ein kan påverka politikarar ved å melda seg inn i ein organisasjon, eit politisk parti, starta ein underskriftskampanje, ytra seg i media eller driva med aktivisme i sosiale medium.   

Kvar og ein borgar kan kjempa for demokrati og menneskerettar. 

Sakharovprisen 

Filmen under er frå Sakharovprisen 2013, ein årleg pris som blir delt ut av EU til ein organisasjon eller eit individ som har utmerka seg i sitt arbeid for menneskerettar.  

Kjelder:

  • Knudsen, Olav Fagelund; Julsrud, Ottar; Tvedt, Knut Are; Trondal, Jarle:
    EU – Den europeiske union  i  Store norske leksikon  på snl.no.
    Hentet
    19. august 2020  fra https://snl.no/EU_-_Den_europeiske_union