Ein rik kultur
I Mesopotamia auka velstanden då produksjonen av mat blei organisert. Det førte til at teknologi og kultur utvikla seg fort. Religion var viktig i Mesopotamia. Det knytte saman alle folkegruppene og statane. Religionen gav folk eit felles sett med levereglar, og kongen var avhengig av velvilje frå gudane.
Ny teknologi
Innbyggjarane i Mesopotamia fann opp nye våpen og verktøy. Dei temde dyr og studerte stjernehimmelen og månen. Dei første spora etter vognhjulet er funne i Mesopotamia. Kileskrifta blei funne opp. Skrifta blei skriven på leirtavler og heldt seg veldig lenge. Det gjorde at tradisjonar blei overleverte frå generasjon til generasjon i større grad enn tidlegare.
Da Vinci-bakgrunn
Velstand førte til utvikling
Elvene gjorde at Mesopotamia ofte blei ramma av overfløyming og turkeperiodar. Men innbyggjarane bygde dike for å sikra avlingane mot overfløyming. Slik blei tilgangen til mat stabil nok til at velstanden auka.
⬅ Båt på elva Eufrat i det som i dag er Syria.
Det første samfunnshuset?
No var menneska i stand til å kontrollera naturen og laga varige bygg. Dei første byggverka som blei bygde, var truleg templa. Desse blei kalla zigguratar. Me trur at templa var senter for sosiale og økonomiske spørsmål. Templa blei sett på som heilage.
Da Vinci-bakgrunn
Sumer
Sumer låg lengst sør i Mesopotamia, i det som i dag er Kuwait og det sørlege Irak. Sumer blei grunnlagt allereie omkring år 4500 f.Kr., eller kanskje endå tidlegare. Her finn me restar av den første kjende byen i verda. Denne byen heiter Uruk.
Assyria
Assyria var eit kongedøme i oldtida som låg i delar av det som i dag er Irak, Syria og Tyrkia. Assyrarane var dyktige i å utvikla teknologi, vitskap og krigføring i Mesopotamia. Det assyriske imperiet blei gradvis større. Då makta og rikdomen voks, blei Assyria veldig viktig i regionen frå cirka 2000–900 f.Kr.
Babylon
Dette var hovudstaden i oldtidsriket Babylonia. Hovudstaden låg midt i Mesopotamia, i det som i dag er Irak. Kong Hammurabi kom til makta på 1790-talet f.Kr. Då blei Babylon eit sterkt maktsentrum for heile Mesopotamia.
⬅ Ruinane av Babylon.
Kjelder:
- Andersen, Øivind: oldtiden i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/oldtiden
- Barstad, Hans M.: kileskrift i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå http://snl.no/kileskrift
- Groth, Bente; Barstad, Hans M.: Mesopotamia i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/Mesopotamia
- Historie Junior (2016)
Orage Forlag AS
- Historie (2016): Vår fortid – slik har den påvirket oss
Orage Forlag AS
- Sommerfelt, Axel; Schackt, Jon: sivilisasjon i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/sivilisasjon
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Fæ (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Shutterstock
-
Dr. Osama Shukir Muhammed Amin (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-