Sivilisasjonens vogge

Sivilisasjonen vår starta i det området me kallar Mesopotamia. Der busette menneska seg saman og organiserte seg i eit samfunn. Det kallar me ein sivilisasjon. Ordet «Mesopotamia» betyr «landet mellom elvene». Elvene heiter Eufrat og Tigris. Dei renn gjennom det som i dag er Tyrkia, Irak og Syria. Jorda der var svært fruktbar. Sjølv om det regna lite, fekk ein gode avlingar.

Folket i Mesopotamia blei dyktige bønder. Dei bytte avlingane mot ting dei trong, som til dømes tre, metall og stein.

Mesopotamia var ikkje berre eitt folk, men fleire sjølvstendige bystatar og folkegrupper. Dei blei einige om å samarbeida. Dei blei einige om reglar. Dei fann eit felles skriftspråk. Og så delte dei på arbeidet. Slik blei den første sivilisasjonen danna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein rik kultur

Velstanden i Mesopotamia auka fordi produksjonen av mat blei organisert. Det gjorde at innbyggjararne lærte seg nye ting fort. Religion var også viktig i Mesopotamia. Det knytte saman heile folket. Religion gav dei eit felles sett med levereglar. Kongen var avhengig av velvilje frå gudane.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!