Jul i Minecraft
Lag eit juleeventyr i Minecraft! Bygg eit juletre eller sleden til julenissen på rundt 15 minutt. Kanskje vil du byggje i ei verd med snø?
Juletre og reinsdyr
Bygg sleden til julenissen
Start med å setje gjerdestolpar i to høgder med tre blokker imellom. Etterpå set du fem portar bak kvar av dei.
Julenissens slede
Det første reinsdyret
Sleden kan lagast av raud leire eller ull. Fallemmar kan vere dører. Framfor sleden kan du laga det første reinsdyret av brun ull. Det ser kanskje litt kjedeleg ut no. Men snart blir det betre!
Første reinsdyr
Sal til reinsdyret
Eit teppe kan vere sal. Jerngitter kan vere horn. Steinknappar kan vere auge. Ein treknapp kan vere nase. Og eit snubletrådfeste kan vere eit halsband.
Sal til reinsdyr
Fleire reinsdyr
Så er det berre å byggje resten av reinsdyra. No har du ein fiks ferdig julenisseslede!
Viss du vil, kan du pynte med nokre kister på sleden. Desse liknar på julegåver.
Flere reinsdyr
Bygg eit juletre
Begynn med å lage eit juletreteppe av teppebitar i fine fargar. Teppet bør vere minst så stort som på biletet. I midten kan du setje tre granblokker oppå kvarandre.
Juletre fot
Første trelag
Det er viktig at du får det første trelaget rett. Fyll inn med granblad i djupna til tre blokker i alle retningar. Det skal vere omtrent på storleik med teppet du har laga.
Første trelaget
Fem lag
Vi har gitt treet vårt fem lag. Dei tre laga i midten er to blokker høge. Du kan lage det høgare viss du vil. Då må du nok gjere det breiare òg!
Nesten ferdig juletre
Julekuler
For å lage ei stjerne kan du bruke ein gjerdestolpe med noko glødande øvst. Mobhovud kan vere julekuler. Nokre kister som gåver rundt treet blir fint. Kanskje vil du pynte treet med noko anna òg?
God jul!
Ferdig juletre med julekuler
Kjelder:
- Den ultimate guiden til Minecraft (2019)
Orage Forlag AS
Biletrettar:
Alle skjermbilete av Luka Majchrowicz