London før bybrannen

I 1666 brann London by ned. Bybrannen øydela over 13 000 hus, og byen slik han var  blei heilt borte. Museum of London har laga eit kart over gamle London i Minecraft. Dette gjorde dei for å markere 350-årsjubileet for den store bybrannen i London. Kartet viser deg korleis byen såg ut før. Kanskje det kan inspirere deg til å lage din eigen gammaldagse by?   

Det fins tre utgåver av kartet. Eitt av karta er frå før brannen, eitt frå under og eitt frå etter brannen. Alle kan lastast ned frå Museum of London. Her er nokre av bygga.

Tudorhus

I Minecraft byggjer ein som oftast hus med rette og fine veggar. Men gammaldagse byggverk såg ikkje slik ut. I staden stakk delar av huset ut her og der. Akkurat det ser ein veldig godt i dette artige byggverket. 

Dette huset er inspirert av Tudor-perioden. I denne perioden bygde ein ofte hus med mørke trebjelkar og kvite veggar. Dette er eit bygg som krev mykje planlegging og nøye arbeid. Men når du er ferdig, er det nok verdt det.   

Bryggehus

Å bu nede ved vatnet var litt annleis i 1666 samanlikna med i dag. Den gongen var bryggene fulle av enorme skip som frakta varer frå heile verda. I dag ønskjer ein som oftast å bu ved vatnet på grunn av utsikta. Desse bryggehusa viser korleis ein kunne lage bygningar rett ved vassoverflata.  Med hjelp av støtter kan ein halde bygningen oppe. 

Tørrhamn

Sjølv på 1600-talet brukte folk tungt maskineri for å løfte ting. Desse tørrhamnene der ein bygde skip, er fulle av gammaldagse kraner laga av tre. Legg merke til korleis hamna søkk litt ned i bakken.  Dette gjer at arbeidarar kan byggje skipskroget før dei opnar portane og lar vatnet bere den nybygde båten av garde. 

Steinport

I gamle dagar hende det at ein ville hindre folk i å besøke byen sin. Då bygde ein gjerne ein stor og skummel steinport. Dette enorme byggverket blei bygt ekstra stor for å vise at dette er ein by ein ikkje skal tulle med. Den vanlege utgåva av Minecraft har ikkje akkurat denne typen stein, men det er nok likskap til at heilt fint kan byggje din eigen steinport. 

Bruer

Berømte bruer fins det mange av i dei største byane i verda. Så kvifor ikkje legge til ei flott bru i din eigen by? Sjekk denne London-brua – sjå berre korleis rekkverket på toppen er laga av amboltar! Det er slike smarte løysingar som skil vanlege byggverk frå dei verkeleg spesielle.

Tower of London

Tower of London vart bygd i 1078, men har blitt endra og bygt opp igjen fleire gongar opp gjennom historia. Det er eit svært typisk historisk landemerke som det er relativt legg å byggje i eikvar Minecraft-verd. Noko av det kulaste med dette bygget er kanskje dei handlaga trea som ser verkeleg spektakulære ut inne i gardsrommet.  

Rundtur i gamle London by

 

Kjelder:

  • Minecraft (2018): Byer og byggverk
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent
    7. Ukjent
    8. Wizard KeenYouTube