Musikk kan endra verda

Musikken si rolle i samfunnet går langt tilbake i tid. Han når ut til alle aldrar og samfunnsklasser og har i dag stor reaksjonskraft både politisk og sosialt.

Accessibility icon Musikk kan endra verda

Musikk som samfunnsspegel

Gjennom historia har musikken spegla samfunnet. Artistar og komponistar har brukt tida dei levde i til å laga musikk. Musikk blir brukt både til glede og sorg. Musikk kan òg kritisera samfunnet.

Musikken i vikingtida 

Song og musikk var viktig i vikingtida. Musikken blei brukt til fest, når barna skulle sova, eller når dei arbeidde hardt. Musikkinstrument blei til og med brukte i krig.

Vi veit ikkje korleis melodiane høyrdest ut. Instrumenta dei spelte på, var bronselurar, beinfløyter og bukkehorn. 

📷 Bronselurar funne i Brudevælte i 1797.

Islands kamprop 

Islands fotballag blei hylla i 2016 etter kjempeprestasjonar i EM. Det vikinginspirerte kampropet deira kan ha hjelpt dei på vegen.

Musikk æra Gud og dei kongelege 

I mellomalderen brukte kyrkja latinsk song i musikken sin. Då forstod ikkje vanlege folk teksten.

Derfor skapte folket sin eigen musikk folkemusikken. Kyrkja likte ikkje dette. Musikken skulle æra Gud, og ikkje brukast til dans. 

Under reformasjonen vart salmane skrivne på folkets eige språk, med melodi frå gamle folkeviser.

Musikken skulle også hylla og underhalda dei kongelege. Dei hadde økonomi til å lønna musikarar og komponistar. Det var eit statussymbol å ha eige orkester og komponistar ved hoffet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vegen til å bli «fri» komponist 

På 1600-talet var mange komponistar og musikarar tilsette hos kongen eller i kyrkja. Komponisten måtte laga musikk som biskopen eller kongen ville høyra

På 1700-talet byrja andre rike menneske å høyra på musikk, og det vart arrangert små konsertar. Då kunne komponistane laga den musikken dei sjølv ønskte.

Wolfgang Amadeus Mozart levde på 1700-talet. Han ville leva som «fri» kunstnar og laga sin eigen musikk. Det vart vanskeleg. For å få lønn, måtte han laga den musikken kongen eller kyrkja befalte.

Ludwig van Beethoven levde litt seinare enn Mozart. Han klarte å laga musikk utan fast arbeidsgivar.

Beethoven vart eit førebilete for mange i tida etter hans død i 1827.  

📷 Statue av Ludwig van Beethoven i Bonn, Tyskland.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Frå slavesong til rock’n’roll 

På 1600-talet vart det henta slavar frå Afrika til Amerika. Dei jobba på store plantasjar, la jernbaneskjener eller jobba i gruver.

Sang og musikk hjelpte dei til å organisera det harde arbeidet, og musikken gav dei trøyst.

Slavesongen gav inspirasjon til mange musikkformer, mellom anna rock’n’roll

Musikk som motivasjon i arbeid 

Her ser du afro-amerikanske fangar som legg jernbanespor på 1960-talet. Dei bruker reiskapane til å skapa musikk, slik som slavane gjorde.

Inspirert av slavemusikk 

På 1950- og 1960-tallet ble mange artister inspirert av afroamerikansk musikk.  

Elvis Presley, Beatles og Aretha Franklin brukte både rhythm and blues, gospel og  soul når de skapte ny musikk.   

I denne perioden var det mye kulturell og musikalsk utveksling. Dette la grunnlaget for mange av dagens populære sjangre.

Politisk engasjement i musikken 

På 1900-tallet gjorde elgitarer og mikrofoner at rockemusikken ble mer og mer høylytt. Tekstene ble mer og mer politiske. 

Afro-amerikanske artister sang om rasisme.

På 1960-talet vart musikken brukt til å kritisera statsleiarar, krig og urettferd.

Bob Dylan vart ein av dei viktigaste protestsongarane med songen sin «Blowin’ in the Wind».

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Punk

På 1970-talet utmerkte punkmusikken seg. Artistane  hadde ein heilt spesiell stil og hårfrisyrar, og dei skreik ut om rettferd og dårlege politikarar.

Rockelegenden Bruce Springsteen song om å vera frå arbeidarklassen.

På 1980-talet brukte artistar populariteten sin til å samla inn pengar til svoltkatastrofar i Afrika.

«We are the world» frå 1985 samla inn pengar til svoltramma barn i Afrika. 45 amerikanske artistar deltok.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Rap-musikk 

På 1990-talet og 2000-talet skapte rap-musikken eit stort engasjement. Artistar rappa om miljø, rasisme, klima og sosial angst.

Desse artistene har mange unge fans.

Politiske songar 

Bono, frå det irske bandet U2, sa ein gong at musikk kan endra verda fordi han kan endra menneske. Her er nokre eksempel på politiske songar som har gjort ei endring.

I Noreg blei Ole Paus sin song «Mitt lille land» brukt som ein solidaritetssong etter terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet i Oslo 22. juli 2011. 

Lady Gaga laga ein monsterhit i 2010 med låten «Born This Way». Bodskapen er å ha respekt for menneske slik dei er. 

Sommaren 2020 blei George Floyd drepen av politiet. Dette starta Black Lives Matter-rørsla, og rapparen Dax skreiv ein låt om det. 

11. september 2001 vart to passasjerfly styrt inn i World Trade Center i New York. USA starta krig mot islamsk terrorisme. Det britiske bandet Green Day kritiserte USAs handlingar med låten «American Idiot».

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Musikk som endra livet 

Nokre gonger opplever vi musikk som noko av det viktigaste i livet. Somme ofrar nærast livet sitt for musikken. Han blir til inspirasjon for å halda ut, eller for å engasjera seg i politikk eller solidaritet.

I 2015 skreiv Kendrick Lamar låten «Alright». Den tek eit oppgjer med rasismen i USA. Låten har vorte brukt under demonstrasjonar mot brutaliteten til politiet.  

I 1944 overlever ein polsk jøde fordi han kan spela piano. Wladyslaw Szpilman får hjelp av ein tysk offiser viss han lovar å spela Chopin. 

Ein av dei største katastrofane i verda til sjøs var då Titanic forliste i 1912. Mens skipet gjekk ned, og passasjerane kjempa for livet, spelte orkesteret ein salme for å halda motet oppe. 

 

Etter at den norske artisten TIX ønskte å ta sitt eige liv, skreiv han songen «Jeg vil ikke leve». Han håpar songen kan hjelpa andre som slit med livet sitt. 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Ruud, Even: musikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/musikk
  • Ruud, Even: rock i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/rock

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. BeanymanSports – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. David Hoffman – YouTube
    8. Ukjent
    9. Ukjent (CC BY 2.0) / Tristan Rovan – YouTube
    10. Getty Images / Oxygene 80 – YouTube
    11. EJ Hersom / DOD News Features (CC BY 2.0)
    12. Peter Neill (CC BY 2.0) / Nichlas Andre – YouTube / LadyGagaVEVO – YouTube / Rap City – YouTube / Green Day – YouTube
    13. Ukjent / KendrickLamarVEVO – YouTube / Bechir Houman – YouTube / Janie94 – YouTube / TIXVEVO – YouTube