Blir til elektriske signal
Når lydbølgjene når øyra dine, set dei trommehinnene i bevegelse. Deretter går vibrasjonane vidare til tre små knoklar, som i sin tur sender vibrasjonane til ein væskefylt struktur vi kallar sniglehuset. Bevegelsane i væska der inne vert brukte til å danne elektriske signal som strøymer til hjernen. Men dette er berre ein liten flik av historia.
Jente med hodetelefoner som danser foran en grønn vegg
Endringar i forma til ei lydbølgje gjer lyden annleis.
Volum
Volum eller lydnivå vert bestemt av amplituden, altså høgda på ei lydbølgje. Dess større vibrasjonar, dess høgare lyd.
Graf av volum
Tonehøgde
Tonehøgda vert bestemt av frekvensen til bølgja – kor ofte vibrasjonane skjer i eit gitt tidsrom. Lågfrekvente bølgjer dannar låge tonar, mens høgfrekvente bølgjer gir høge tonar.
Graf av tonehøyde
Klang
Klang handlar om korleis sjølve lyden høyrest ut. To instrument kan skape den same tonen, men lyden kan likevel vere svært forskjellig. Denne eigenskapen vert bestemt av forma på lydbølgja.
Akustisk resonans
Ein gummistrikk som er spent over ein tom smørpakke, læt ikkje på same måten som stålstrengar som er spente på ein gitar. Vibrasjonane vi skaper når vi slår på strikken eller strengen, vert førte inn i kroppen til instrumentet. Forma på instrumentet har svært mykje å seie for klangen som kjem ut. Ulike gjenstandar vibrerer gjerne ved bestemte frekvensar, og nokre frekvensar vert mykje meir forsterka enn andre. Dette kallar vi resonans.
Utsnitt av fronten på en gitar
Dynamikken i stemmene
Resonansfrekvensane i eit musikkinstrument er faste, med mindre instrumentet kan endre form. Det er dette som gjer menneskestemma så spesiell. Halsen, munnen og nasen fungerer som holromma i musikkinstrumenta, og dei forsterkar vibrasjonane som vert skapte av stemmebanda. Ved å endre forma på munnen skaper vi ulike vokallydar, og ved å opne halsen eller syngje gjennom nasen kan vi lage heilt ulike klangar. Dette skjer fordi vi endrar dei resonnerande eigenskapane til stemme-organa. Operasongarar er ekspertar på resonans, og dei bruker resonans til å fylle konsertsalar med stemma, heilt utan hjelp frå ein mikrofon.
Korleis verkar instrumenta?
Tradisjonelle, akustiske instrument kan delast inn i fire kategoriar, som kvar produserer lyd på ulike måtar. Utforminga av instrumenta og materialane dei er laga av, er med på å bestemme klang, tone og volum.
Messingblåsarar
Dei som spelar messingblåsarar, skaper lyd ved å blåse inn i eit metallmunnstykke. Vibrasjonane dei skaper, bestemmer tonefrekvensen. Denne kan endrast ved å endre forma på munnen. Den endelege lyden vert påverka av sjølve instrumentet, og dei kjem i mange ulike storleikar og former: frå eit enkelt rør til eit komplekst nettverk med hol, ventilar og flyttbare delar. Dermed kan musikaren endre tonehøgda ved å endre på luftbanen gjennom instrumentet. Dess lenger lufta bevegar seg, dess lågare blir tonen. Eksempel på messingblåsarar: trompet, fransk horn, trombone og tuba.
Menns hender som spiller på trompet
Slagverk
Desse instrumenta lagar lyd når vi slår på dei. Til liks med dei meir komplekse slektningane sine, gjer dei dette gjennom vibrasjonar. I ei tromme skaper vi vibrasjonar når vi slår på det utspente skinnet, og lyden vert forsterka av sjølve tromma. Ei bjølle gir lyd frå seg når vi slår på metallet, og både bjølla og lufta inni henne vibrerer. På xylofonen vert lyden forsterka av rør som heng under stavane. Variasjonen i instrument-storleik, form og materialar skaper ulike tonar og klangar. Eksempel på slagverk: xylofon, vibrafon, marimba, klokkespel, tromme.
Trommestikker som slår på en vibrafon
Strengeinstrument
Strengane til fiolinen, gitaren eller pianoet skaper ulike tonar avhengig av kor lange og tjukke dei er. Dess lengre og tjukkare strengen er, dess djupare blir lyden. Lyden varierer også avhengig av korleis vi slår på strengane. Når strengen vert plukka på, trekkjer han i ankerfesta, og det vert skapt eit kraftig rykk. Når strengen vibrerer fram og tilbake, avtar dette, og klangen blir mjukare. Når vi dreg ein boge over ein streng, vibrerer strengen kontinuerlig, og det vert skapt meir langvarige tonar. I pianoet kjem den spesielle lyden frå hamrar som slår på strengane.
Profesjonell kvinnelig harpespiller
Treblåsarar
I treblåseinstrumenta vert det skapt ei luftsøyle som kan forlengast eller forkortast ved å dekke til og opne for hola i røret. Dess lengre søyla er, dess meir tid tek det lufta å flytte seg heile vegen, og dess lågare blir tonehøgda. Det finst to hovudgrupper, nemleg fløyter og munnstykkeinstrument. Fløyter fungerer omtrent som når vi blæs på ein flasketut, altså ved at ein luftstraum skaper vibrasjonar i instrumentet. Munnstykket er fleksibelt, og når musikaren blæs på det, vert luftbanen gjennom instrumentet endra. Eksempel på treblåsarar: fløyte, saksofon, klarinett og obo.
Smokingkledd obospiller i et orkester
Theater of Roosevelt University i Chicago
Kjelder:
- Ny vitenskap (2017-3)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Imagine Publishing
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Imags
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-