Korleis blir musikk skapt, og kva skjer når han strøymer inn i øyra våre?

Musikken er ein veldig gammal del av kulturen vår. Han påverkar oss mykje. Ein song kan skape latter, gråt, dans, avsky – og vi har alle våre eigne favorittar.

Lyd vert skapt av vibrasjonar, som er det same som bevegelsar. Når strengane til eit instrument bevegar seg, skyv dei på lufta framfor seg, mens lufta bak dei utvidar seg. Slik blir bevegelsane til bølgjer som flyttar seg gjennom lufta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Blir til elektriske signal

Når lydbølgjene treffer øyra dine, set dei trommehinnene i bevegelse. Derfrå går bevegelsane vidare til eit vassfylt rom vi kallar sneglehuset. Bevegelsane i vatnet der inne vert brukte til å danne elektriske signal som strøymer inn i hjernen. Men dette er berre ein liten del av historia.

Skaper kjensler

Desse enkle bevegelsane kan skape sterke kjensler, og det ligg mykje bak både tonane og måten hjernen vår opplever dei på. Lydbølgjene som når øyra, ber med seg veldig mykje. Tonane i musikken er eigentleg laga av volum, tonehøgde og klang. Dess større bevegelsane er, dess høgare er lyden. Og dess oftare bevegelsane skjer, dess høgare er tonen. Når det gjeld klangen, er han bestemt av forma til sjølve lydbølgja. Lydar frå menneskestemma eller musikkinstrument kan vere ganske ujamne.

Lyden er samansett

Det er dette ujamne som saman blir til klangen i tonane vi høyrer. I tillegg til dette har vi ekko, etterklang og resonans, og også lag på lag med instrument, stemmer og ord. Alt dette kan sendast vidare til hjernen i form av elektriske signal, slik at du skal få oppleve lyden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente med hodetelefoner som danser foran en grønn vegg
Jente med hodetelefoner som danser foran en grønn vegg

Endringar i forma til ei lydbølgje gjer lyden annleis.

Volum

Volum eller lydnivå vert bestemt av høgda på lydbølgja. Dess større bevegelsar, dess høgare lyd.

Graf av volum
Graf av volum

Tonehøgde

Tonehøgda vert bestemt av kor ofte bevegelsane i ei bølgje skjer. Bølgjer som svingar sakte, dannar låge tonar, mens raske bølgjer gir høge tonar.

Graf av tonehøyde
Graf av tonehøyde

Klang

Klang handlar om korleis sjølve lyden høyrest ut. To instrument kan skape den same tonen, men lyden kan likevel vere veldig forskjellig. Klangen vert bestemt av forma på lydbølgja.

 

Resonans

Ein gummistrikk som er spent over ein tom smørpakke, læt heilt forskjellig frå stålstrengar som er spente på ein gitar. Bevegelsane vi skaper når vi slår på strikken eller strengen, vert førte inn i kroppen til instrumentet. Forma på instrumentet har svært mykje å seie for  klangen som kjem ut. Ulike ting bevegar seg forskjellig, og nokre bølgjer vert mykje meir forsterka enn andre. Dette kallar vi resonans.

Utsnitt av fronten på en gitar
Utsnitt av fronten på en gitar

Det spesielle med stemma

Resonansen i eit musikkinstrument er fast, med mindre instrumentet kan endre form. Det er dette som gjer menneskestemma så spesiell. Halsen, munnen og nasen fungerer på same måten som holromma i musikkinstrumenta, og forsterkar bevegelsane som vert skapte av stemmebanda.

Ved å endre forma på munnen skaper vi ulike lydar, og ved å opne halsen eller syngje gjennom nasen kan vi lage heilt ulike klangar. Dette skjer fordi vi endrar eigenskapane til stemmeorgana. Operasongarar er ekspertar på dette. Dei fyller heile konsertsalar med stemma, heilt utan hjelp frå ein mikrofon.

Korleis verkar instrumenta?

Instrument kan delast inn i fire grupper, ut frå at dei produserer lyd på ulike måtar. Forma på instrumenta og materialane dei er laga av, er med på å bestemme klang, tone og volum.

Messingblåsarar

Dei som spelar messingblåsarar, skaper lyd ved å blåse inn i eit munnstykke av metall. Bevegelsane dei skaper, bestemmer tonehøgda. Denne kan endrast ved å forandre forma på munnen. Lyden som kjem ut, vert påverka av sjølve instrumentet, og dei kjem i mange ulike storleikar og former: frå eit enkelt rør til eit nettverk med hol, ventilar og flyttbare delar. Dermed kan musikaren endre tonehøgda ved å endre banen til lufta gjennom instrumentet. Dess lenger lufta bevegar seg, dess lågare blir tonen. Døme på messingblåsarar: trompet, fransk horn, trombone og tuba.

Menns hender som spiller på trompet
Menns hender som spiller på trompet

Slagverk

Desse instrumenta lagar lyd når vi slår på dei. I ei tromme skaper vi bevegelsane når vi slår på det spente skinnet, og lyden vert forsterka av resten av tromma. Ei bjølle gir lyd frå seg når vi slår på metallet, og både bjølla og lufta inni henne bevegar seg. På xylofonen vert lyden forsterka  av rør som heng under stavane. Det at instrumenta er ulike i storleik,  form og materialar skaper ulike tonar og klangar. Eksempel på slagverk: xylofon, vibrafon, marimba, klokkespel, tromme.

Trommestikker som slår på en vibrafon
Trommestikker som slår på en vibrafon

Strengeinstrument

Fiolinen, gitaren og pianoet har strengar som er ulikt lange og tjukke. Dette gjer at dei skaper ulike tonar. Dess lengre og tjukkare strengen er, dess djupare blir lyden. Lyden blir også ulik fordi vi slår på strengane på ulike måtar. Når strengen vert plukka på, trekkjer han i ankerfesta, og det kjem eit kraftig rykk. Når strengen bevegar seg fram og tilbake, avtar dette, og klangen blir mjukare. Når vi dreg ein boge over ein streng, bevegar strengen seg kontinuerlig, og det kjem  meir langvarige tonar. I pianoet kjem den spesielle lyden frå hamrar som slår på strengane.

Profesjonell kvinnelig harpespiller
Profesjonell kvinnelig harpespiller

Treblåsarar

I treblåseinstrumenta vert det skapt ein straum av luft som kan forlengast eller forkortast ved å dekke til og opne for hola i røret. Dess lengre veg lufta må gå, dess meir tid tar det for henne å flytte seg heile vegen.  På den måten blir tonen lågare. Det finst to hovudgrupper, nemleg fløyter og munnstykkeinstrument. Fløyter fungerer omtrent som når vi blæs på ein flasketut, og straumen av luft skaper bevegelsar i instrumentet. Munnstykkeinstrument har eit munnstykke som er bevegeleg, og når musikaren blæs, fører bevegelsane til at luftbana gjennom instrumentet endrar seg. Døme på treblåsarar: fløyte, saksofon, klarinett og obo.

Smokingkledd obospiller i et orkester
Smokingkledd obospiller i et orkester

Akustikk i konsertsalar

Ein konsertsal har ein viktig jobb å gjere. Han skal bringe den kraftige lyden frå orkesteret til publikum, utan å skape ekko. Samstundes må lyden frå forsiktige songarar forsterkast, slik at også dei som sit bakarst, høyrer godt. Det er tre ting med lyden som er viktig når ein skal sikre at publikum får glede av konsertopplevinga: volum, utjamning og etterklang.

Volum

Volumet eller lydnivået vert bestemt av orkesteret, men vert også påverka av lyden som vert spegla tilbake frå veggane og taket. I konsertsalar er det viktig at det ikkje er for mykje av denne ekstra lyden. Øyra ventar at lyden skal kome frå orkesteret, og ikkje frå veggane bak deg.

Utjamning

Ulike rom gjer det lettare å høyre nokre tonar betre enn andre. Utjamning bidrar til at alle slags tonar kan høyrast så godt ut som mogleg. Målet er å lage ein god balanse, og å dempe dei kraftigaste tonane slik at dei ikkje forstyrrar musikken.

Etterklang

Etterklang kjem frå lyd som vert spegla omkring i rommet. Overflatene speglar ikkje alle lydar likt, og dette kan skape endringar i lyden om det ikkje vert gjort tilpassingar av  rommet.

I konsertsalar rettar ein på desse problema ved å plassere ulike former og materialar på veggane og i taket. Flate og harde overflater speglar lyden, mjuke overflater fangar han, og ruglete overflater spreier lydbølgjene utover.

Høyr korleis utforminga til rommet påverkar lyden i denne videoen.

Spesielle panel

Ved å dekke veggane med spesielle plater, kan lyden endrast før han når øyra dine. Dette kan til dømes vere plater som stoppar ekko ved å leie lyden bort frå kuppelen i salen. Ein kan også bruke akustikkpanel til å jamne ut lyden og spegle bestemte tonar innover.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Theater of Roosevelt University i Chicago
Theater of Roosevelt University i Chicago

Kjelder: 

  • Ny vitenskap (2017-3)
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent
    7. Imagine Publishing
    8. Ukjent
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Imags
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. NRK
    15. Getty Images