Mysteria i det gamle Egypt

Historiene og mysteria frå Egypt i oldtida har trollbunde menneska i fleire hundre år. Vi har storslegne pyramidar som hevar seg over den gylne sanden i ørkenen og kjølege faraograver, fulle av skattar. Men korleis var livet for dei som levde, arbeidde og døydde i skuggane av slike unike monument?

Accessibility icon Mysteria i det gamle Egypt

Det gamle Egypt

Det gamle Egypt (også kalla oldtidas Egypt) begynte då regionane Øvre og Nedre Egypt blei samla, og tok slutt då dei blei invaderte av Aleksander den store i 332 f.Kr. Då hadde riket eksistert i nesten 3000 år. I dag finst det framleis minne frå den gongen: skattar, graver, monument, mumiar og artefaktar som ein har funne i god stand.

Farao med pyramider i bakgrunn

Nilen

Nilen renn gjennom Egypt til Middelhavet. I fleire tusen år har elva fløymt over kvar gong det årlege regnet kom til Etiopia. Då blei det frodig og fruktbar jord i områda rundt, kor ein kunne dyrka store avlingar. Difor var elva livsviktig for dei som levde i Det gamle Egypt.

Jegerar og samlarar har budd i Nil-dalen så langt tilbake som for 120 000 år sidan. Men historia om Det gamle Egypt begynte ikkje før landområda langs Nilen blei samla under éin herskar. Dette skjedde i ca 3100 f.Kr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Folk henter vann i Nilen
Folk henter vann i Nilen

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!