Kva er sinne?
Sinne er ei av dei eldste kjenslene vi har. Sinne skulle hjelpa oss å overleva når ting vart vanskelege. For mange tusen år sidan var sinne heilt nødvendig. Ein trong mat, ly og barn. Sinne var nyttig. Og kvinnene likte at mennene viste sinne – når det var nødvendig.
Hjernen reagerer
I dag er vi ikkje trua på livet så ofte. Likevel reagerer hjernen framleis på nokre situasjonar. Til dømes reagerer vi på urettferdig behandling. Når nokon skrik eller sender deg eit sint blikk, slår amygdala i hjernen alarm. Då sender hjernen hormon ut i kroppen, slik at ein blir klar til å forsvara seg.
Forskjell på gutar og jenter
Gutar og jenter opplever ofte sinne ulikt. Jenter blir ikkje så ofte fort sinte. Dei bruker òg lengre tid på å roa seg ned. Gutar blir oftare bråsinte. Men dei roar seg ned igjen ganske raskt. Gutar har ein større amygdala enn jenter. Derfor finst det fleire sinte menn enn kvinner.
Skilje mellom sinne og aggresjon
Sinne er berre ei kjensle. Men viss vi oppfører oss sinte, kallar vi det aggresjon. Vi oppdrar små barn til å unngå aggresjon. Vi seier at det ikkje er lov til å slå, sparka eller bita når ein kjenner seg sint. Men det er lov å kjenna sinne.
Å sortera kjensler
Også vaksne må øva på å ha vonde kjensler. Ingen kan velja bort kjensla av sinne. Det er viktig å ikkje gøyma ho vekk heller. Men vaksne skal ikkje bli så sinte at dei blir aggressive og valdelege. Det er ikkje greitt å snakka stygt. Det er heller ikkje lov å oppføra seg valdeleg.
Snakk med nokon om det!
Det er alltid lurt å snakka med ein venn om kjensler og tankar. Du kan òg snakka med helsesjukepleiaren på skulen din. Viss du vil, kan du ringa til 116 111. Det er ein alarmtelefon for barn og unge.
Kjelder:
- Kroppen i arbeid (2020)
Orage forlag AS
- Psykologisk.no (03.11.2020): Sinnet vårt sier: Jeg vil noe med deg
https://psykologisk.no/2020/01/sinnet-vart-sier-jeg-vil-noe-med-deg/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Livetogsånn – YouTube
-
Kjetil Ree (CC BY-SA 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-