Natur- og kulturlandskap

Eit landskap som ikkje er påverka av menneske, blir kalla eit naturlandskap. I naturlandskapet er det berre jordas indre og ytre krefter som formar landskapet. Indre krefter kan vere jordskjelv og vulkanutbrot. Døme på ytre krefter er vêr og vind.

Eit landskap som er påverka av menneske, blir kalla eit kulturlandskap. Eit kulturlandskap kan vere eit område som er dyrka opp, eller kor det er bygd hus eller vegar.

Etter den industrielle revolusjonen var det mange som flytta frå landet og inn til byane. Alle byar og tettstader er kulturlandskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanutbrudd
Vulkanutbrudd

Frostsprenging

Dei ytre kreftene påverkar ikkje jorda like dramatisk som dei indre kreftene. Vind og sand sliper fjellet sakte ned, omtrent som når vi bruker sandpapir på ein trebit. Viss vatn frys i ein fjellsprekk, vil det utvide seg. Då blir små bit av fjellet brotne laus. Det blir kalla frostsprenging.

Solsprenging

Viss sola varmar opp en stein, vil han utvide seg. Viss det blir kaldt, vil steinen trekkje seg saman. Til slutt sprekk han opp i mindre bitar. Det blir kalla for solsprenging.

Det at bitar av fjellet blir brotne laus og frakta bort av ver og vind, kallar vi  erosjon.

Dalar

Elver og bekkar grev seg gradvis ned i stein og kan skape dalar. Dette tar lang tid, men vi kan sjå det i landskapet som V-dalar. Isbrear formar òg landskapet. Når dei bevegar seg, tar dei med seg laus stein og sliper ned overflata. Dette kan vi sjå som U-dalar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Birkedalsbreen
Birkedalsbreen

Natur- og kulturlandskap i Noreg

På Austlandet, i Trøndelag og på Jæren i Rogaland er det ganske flatt landskap. Her er det enkelt å dyrke jorda. Dette er typiske kulturlandskap kor mennesket har hogge skog, dyrka mark, laga beiteområde og bygd hus.

Skog

Omtrent ein tredel av Noreg består av skog. Dette er òg kulturlandskap, fordi vi har hogge ned tre og planta nye. Vi bruker skogen for å skaffe tømmer og ved, men òg når vi ønskjer å slappe av.

Bærtur
Bærtur

Fjellområde

Noreg har mange fjellområde. Her har menneske gjennom tidene bygd hytter, laga skianlegg og demningar, og late husdyra beite. Dermed har store fjellområde òg blitt kulturlandskap. Store opne fjellområde blir kalla for vidder. Der veks låg bjørkeskog, og du finn vatn, myrar og snaufjell.

hardangervidda
hardangervidda

Kysten

Langs kysten finn vi øyer, skjer og holmar. Her skjer òg fjordar seg innover i landskapet. Den lengste fjorden i verda er Sognefjorden, som ligg i Vestland fylke.

Menneske slo seg tidlig ned langs kystlinjer, fjordar og elvar. Havet fungerte som vegar. Det var enklare å bruke båt enn å gå over fjellet.

Utsikt fra preikestolen
Utsikt fra preikestolen

Vern av naturområde

Det er viktig å verne naturlandskapa våre. Vi treng natur utan busetnad, skiheisar og vindmøller. I spesielle område er det oppretta nasjonalparkar. Der har ingen lov til å byggje eller gjere andre endringar i naturen.

I andre område har vi naturreservat. Der kan det vere plantar eller dyr som er freda. Det betyr at vi ikkje kan jakte på desse dyra, eller plukke med oss plantar.

Vi har rett til å gå fritt i all utmark. Utmark er område som ikkje er dyrka eller inngjerda. Innmark er beite- og dyrkeområde eller gardsplassar.

Kvifor er det viktig å ikkje leggje igjen noko anna enn fotspor ute i naturen?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Naturreservat skilt forran en fjord
Naturreservat skilt forran en fjord

Kjelder:

  • Bryhni, Inge: erosjon i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/erosjon
  • Toldnæs, Jens Petter; Lundberg, Anders: nasjonalpark i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/nasjonalpark

 

Bilde- og videorettar:

  1. Getty images
  2. Getty images
  3. Getty images
  4. Getty images
  5. Getty images
  6. Getty images
  7. Getty images