Natur- og kulturlandskap

Eit landskap som ikkje er påverka av menneske, blir kalla eit naturlandskap. I naturlandskapet er det berre jordas indre og ytre krefter som formar landskapet. Indre krefter kan vere jordskjelv og vulkanutbrot. Døme på ytre krefter er vêr og vind.

Eit landskap som er påverka av menneske, blir kalla eit kulturlandskap. Eit kulturlandskap kan vere eit område som er dyrka opp, eller kor det er bygd hus eller vegar.

Etter den industrielle revolusjonen var det mange som flytta frå landet og inn til byane. Alle byar og tettstader er kulturlandskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanutbrudd
Vulkanutbrudd

Frostsprenging

Dei ytre kreftene påverkar ikkje jorda like dramatisk som dei indre kreftene. Vind og sand sliper fjellet sakte ned, omtrent som når vi bruker sandpapir på ein trebit. Viss vatn frys i ein fjellsprekk, vil det utvide seg. Då blir små bit av fjellet brotne laus. Det blir kalla frostsprenging.

Solsprenging

Viss sola varmar opp en stein, vil han utvide seg. Viss det blir kaldt, vil steinen trekkje seg saman. Til slutt sprekk han opp i mindre bitar. Det blir kalla for solsprenging.

Det at bitar av fjellet blir brotne laus og frakta bort av ver og vind, kallar vi  erosjon.

Dalar

Elver og bekkar grev seg gradvis ned i stein og kan skape dalar. Dette tar lang tid, men vi kan sjå det i landskapet som V-dalar. Isbrear formar òg landskapet. Når dei bevegar seg, tar dei med seg laus stein og sliper ned overflata. Dette kan vi sjå som U-dalar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Birkedalsbreen
Birkedalsbreen

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!