Trollmannen Tesla

Nikola Tesla var ein dyktig oppfinnar. Han viste oss kva ein kan bruka straum til. Han er aller mest kjend for å finna opp vekselstraum. Det er den straumen som kjem ut av stikkontakten. Når du skrur på lyset heime, kan du takka Tesla!

Portrett av Nikola Tesla

Fødd i Kroatia

Tesla vart fødd i Kroatia i 1856. Det er over 160 år sidan. Han gjekk på skule for å verta ingeniør. Han hadde mest lyst til å forska på straum.

Då han var ferdig på skulen, jobba han fleire stadar. Både i Ungarn, Frankrike og USA. Han møtte ein mann som heitte Thomas Edison. Edison var også oppfinnar. Dei to jobba saman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nikola Tesla med utstyret hans

Kva er straum?

Straum er når elektron flyttar på seg i ein leidning. Det er bittesmå partiklar som finst over alt. Det finst to typar straum, likestraum og vekselstraum.

Likestraum er når elektrona strøymer gjennom ein leidning. Litt som ei elv som heile tida renn forbi.

Vekselstraum er når elektrona pumpar fram og tilbake i leidningen. Denne typen straum kan ein senda langt av garde, over heile landet

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Straumkrigen

Thomas Edison meinte at likestraum var best, medan Nikola Tesla syntest vekselstraum var best. Dei krangla, og Tesla ville ikkje jobba for Edison meir.

Edison hadde laga apparat som gjekk på likestraum. Men han sleit med å levera straum til dei som ville bruka tinga hans. Likestraum gjekk ikkje veldig langt. Han måtte laga straum inne i byane. Det var dyrt og vanskeleg.

Tesla brukte vekselstraum i staden. Då kunne han senda høgspent straum til mange byar. Han laga straumen sin ute på store kraftverk. Inne i byen trong ein berre transformatorar. Desse gjer om straumen så folk kan bruka han.

Tesla vann til slutt «straumkrigen». I dag er det ingen som har likestraum i stikkontakten sin. Det vert berre brukt i apparat som går på batteri. Vekselstraumen er difor ei viktig oppfinning.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Måleeininga tesla

Seinare i livet jobba Nikola Tesla med å senda straum gjennom lufta. Heilt utan leidningar. I tillegg laga han mange andre oppfinningar. Det var han som oppdaga er jorda er magnetisk. Difor fekk han ei måleeining kalla opp etter seg.

Vi måler lengde i meter.

Vi måler vekt i kilo.

Vi måler magnetar i tesla.

Kloden med Magnetiske felt

Kjelder:

  • Ny vitenskap: Historie Junior, (2016)
    Orage Forlag AS