Nobels fredspris

Sidan 1895 har Nobels fredspris vore delt ut. Grunnleggaren, Alfred Nobel, ønskte å gi ei påskjøning til dei som arbeidde med fred i verda. Prisen blir delt ut i Oslo, og er ei dei viktigaste prisutdelingane i verda.

Accessibility icon Nobels fredspris

Nobels fredspris

I ei perfekt verd ville vi alltid hatt fred. Men mellom menneske med fri vilje vil det alltid oppstå konfliktar og krig. Heldigvis er det mange som jobbar med fredelege løysingar på væpna konfliktar. Ein av dei var svensken Alfred Nobel.

Alfred Nobel

Alfred Nobel fann opp dynamitten i 1866, og det tente han seg veldig rik på. Overalt der det blei laga vegar, tunnelar og bygningar,  trong ein dynamitt for å sprenga bort fjell. Alfred Nobel hadde patent på dynamitt og var den einaste som kunne laga og selja det. Dessverre blei dynamitt nytta òg i krig.

Før han døydde, skreiv Nobel eit testamente for å dela det meste av rikdommen sin med andre. Noko av det han var opptatt av, var å heidra dei som arbeidde for fred. Sidan 1895 har Nobels fredspris blitt delt ut. Det er ein av dei viktigaste prisane som blir delt ut i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Alfred Nobel
Alfred Nobel

Blir delt ut i Oslo  

Nobelprisen for fred blir delt ut av Den Norske Nobelkomite. Prisutdelinga går føre seg i Oslo rådhus på Nobels dødsdag den 10. desember. 

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Kvifor blir prisen delt ut i Oslo?

Alfred Nobel gav inga forklaring på kvifor fredsprisen skulle delast ut av ein norsk komite. Dei andre prisane skulle delast ut av svenske komitear. Vi må derfor gjetta oss til kvifor.

📷  I 2009 tok USAs president Barack Obama i mot fredsprisen.

Tidlegare direktør ved Det Norske Nobelinstitutt, Geir Lundestad, skreiv om dette i ein artikkel: «Nobel kan ha blitt påverka av den norske unionen med Sverige. Han kan ha vore klar over Det norske Stortings store interesse for fredeleg konfliktløysing internasjonalt på 1890-talet. Det er mogleg at han meinte at Noreg var eit meir fredsorientert og demokratisk land enn Sverige.» 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Obama mottar Nobels fredspris
Obama mottar Nobels fredspris

Tre krav

Alfred Nobel stilte tre krav til fredsprisvinnarar, men dei trong berre å oppfylla eitt av dei. Eitt av krava er å redusera militærstyrkar. Eit anna krav er å arrangera internasjonale møte om fred. Det siste kravet er å stansa krig. Fleire vinnarar har ikkje møtt nokon av desse, men har arbeidd for fred på andre måtar. Blant dei kan nemnast FNs klimapanel og Al Gore – dei gjorde ein innsats for klimaet.

📷  Al Gore og leiaren for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, tok imot fredsprisen i 2007.
Al Gore og lederen for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, tok imot Nobels fredspris i 2007
Al Gore og lederen for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, tok imot Nobels fredspris i 2007

Tidlegare vinnarar

Ei rekke kjende namn står på lista over fredsprisvinnarar. Her er eit lite utval: Theodore Roosevelt (1906), Fridtjof Nansen (1922), Martin Luther King jr. (1964), Mor Teresa (1979), Nelson Mandela (1993), Malala Yousafzai (2014).

Fredsprisvinnarar måla på veggsegment etter Berlinmuren. Men vent no litt – mannen i midten, Mahatma Gandhi, vann aldri fredsprisen sjølv om han blei nominert fleire gonger.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fredsprisvinnere malt på veggsegmenter etter Berlin-muren
Fredsprisvinnere malt på veggsegmenter etter Berlin-muren

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Erik Lindberg
    4. Utenriksdepartementet
    5. AFP
    6. Victor Landeta 
    7. Youtube – Nobel Peace Center