Nobels fredspris

Sidan 1895 har Nobels fredspris vore delt ut. Grunnleggaren, Alfred Nobel, ønskte å gi ei påskjøning til dei som arbeidde med fred i verda. Prisen blir delt ut i Oslo, og er ei dei viktigaste prisutdelingane i verda.

Accessibility icon Nobels fredspris

Nobels fredspris

I ei perfekt verd ville vi alltid hatt fred. Men mellom menneske vil det alltid oppstå konfliktar og krig. Heldigvis er det mange som jobbar for fred. Ein av dei var svensken Alfred Nobel.

Alfred Nobel

Alfred Nobel fann opp dynamitten i 1866. Han blei veldig rik av dette. Overalt der det blei laga vegar og tunnelar, trong ein dynamitt for å sprenga bort fjellet. I ein periode var det berre Alfred Nobel som kunne laga og selja dynamitt. Vi kallar det å ha patent på noko.

Før han døydde, bestemte Nobel kven som skulle arva rikdommen hans. Han skreiv eit testamente. Han ville blant anna heidra dei som arbeidde for fred. Sidan 1895 har Nobels fredspris blitt delt ut.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Alfred Nobel
Alfred Nobel

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!