Noreg i raudt, kvitt og blått!
Kva er det med den fargerike kluten vi har festa på ei stong og vaiar rundt med?
Lang historie
Kinesarane er dei første vi veit om som brukte flagg. Det var nesten 2000 år sidan. Ein mann heldt eit kvitt silketørkle framfor seg for å vise at han hadde grunnlagt eit mektig rike. Etter det vart kinesiske flagg ofte pryda med fuglar, tigrar og drakar. Så spreidde dei første flagga seg til India, og deretter til resten av verda.
Papir bakgrunn
Krigføring
Flagg viste seg å vere veldig effektivt i krig. Med dei kunne ein gi signal til kvarandre på lange avstandar. Kongane hadde sine eigne merke på flagga. På slagmarka var det ofte eit poeng å ta flagget til fienden. Det kunne bety at ein hadde vunne slaget. Å vifte med kvitt flagg betyr at ein overgir seg.
Heising av flagget i Iwo Jima, 1945
Kvar nasjon sitt flagg
I Europa vart flagga viktige på 1700-talet. Flagget var noko som landa kunne samle seg om. Eit vaiande flagg med den unike kombinasjonen sin av fargar og mønster var eit lett synleg symbol på landet.
Papir bakgrunn
Eit sterkt symbol
For at flagget skal vera enkelt å kjenna igjen må fargane vere klare og mønsteret enkelt. Derfor er det sjeldan tekst eller bokstavar på flagg. Eit flagg skal vise kva landet synest er viktig eller set pris på.
Det pakistanske flagget er grønt, med ein halvmåne og ei stjerne. Farge og symbol representerer islam.
Det britiske flagget er forma av tre kors som er lagde oppå kvarandre. Det symboliserer at England, Skottland og Irland er kristne land.
Papir bakgrunn
Det første norske flagget
Då Noreg vart ein sjølvstendig stat i 1814, hadde Noreg vore styrt av Danmark i over 400 år. Det einaste flagget dei visste om, var det danske. Men Noreg hadde eit nasjonalsymbol – «Den norske løva». Det symbolet hadde vore brukt i Noreg på 1500-talet.
Løva var eit gammalt symbol på kongemakt i Europa. Det nye Noreg fekk eit flagg som var heilt likt det danske, men med ei gul løve øvst i hjørnet. I dag er løva eit symbol for mellom anna Stortinget, regjeringa og politiet.
Papir bakgrunn
Flagget vårt i dag
Det danske flagget er blant verdas eldste. Etter eit slag mellom danskar og estarar på 1200-talet, kom flagget dalande ned frå himmelen. Og danskane tok det med seg vidare.
Folk i Noreg ønskte etter kvart eit eige flagg. Det kom fleire forslag til korleis det kunne sjå ut. I 1821 vart det bestemt at det skulle vere raudt, kvitt og blått med kors. Slik vi kjenner det i dag. Det betyr at flagget har 200-årsjubileum i 2021! Hurra! Det er vel verdt å flagge for.
Papir bakgrunn
Det norske flagget heist
17. mai tog, 2016
Kjensler i eit flagg
Dette flagget har folk kjempa for med livet som innsats. Det er så mykje meir enn ein tøybit. Det set i gang kjensler hos oss, som glede, sorg og stoltheit. Flagget knyter oss saman som folk. Overalt i verda kan vi kjenne igjen flagget vårt. Då føler vi oss som heime igjen. Andre menneske frå andre land har det sikkert på same måten med nasjonalflagget sitt.
Norske flagget som flagrer bak en båt
Sjørøvarflagget
Ein gong var sjørøvarflagget eit frykta symbol ute på havet. Det betydde bråk, og sjømenn var redde for liva sine. No blir sjørøvarflagget mest brukt i karneval. Og ingen er så redde for det lenger.
Papir bakgrunn
Sørstatsflagget
Dette flagget vart brukt av dei som hadde slavar i USA på 1800-talet. Det har vekt vonde kjensler, særleg for etterkommarane av slavane – afroamerikanarane. For dei symboliserer flagget rasisme.
Etter mange demonstrasjonar i USA har dette sørstatsflagget blitt fjerna som offentleg flagg. Nokre gongar må ein forandre på flaggreglane. Bruken av flagget skal jo ikkje skade nokon!
Papir bakgrunn
Kjelder:
- Britannica (11.02.2021): Flag
https://www.britannica.com/topic/flag-heraldry
- flagg i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. februar 2021 frå https://snl.no/flagg
- Flaggregler.no (10.02.2021): Generelle flaggregler
https://www.flaggregler.no/index.html
- Vestagdermuseet (2012): Flagget. Et nasjonalt symbol blir til.
https://www.vestagdermuseet.no/wp-content/uploads/2013/06/VAM_flaggbok_2012_lowres_TWNh2.pdf
- Ravndal, Ellen Jenny: nasjonalstat i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/nasjonalstat
- Stortinget (12.02.2021): Et symbol på statsmakt
https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/stortingets-visuelle-identitet/et-symbol-pa-statsmakt/
- Wikipedia (12.02.2021): Amerikas konfødererte staters flagg
https://no.wikipedia.org/wiki/Amerikas_konfødererte_staters_flagg
- Wikipedia (12.02.2021): Halvmåne
https://no.wikipedia.org/wiki/Halvmåne
Bilet- og videorettar:
-
-
Sodacan / Getty Images
-
Joe Rosenthal / GuessIt – YouTube
-
Eugène Delacroix / Getty Images
-
Zscout370 / Getty Images
-
Kaptein Jens Petter Stibolt, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
-
Kongelige resolusjoner, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
-
TimOve (CC BY 2.0)
-
Petter Hebæk (CC BY 2.0)
-
mroach (CC BY-SA 2.0) / Getty Images
-
Liftarn (CC BY 2.5) / Getty Images
-
William Porcher Miles
-