Korleis omgjevnadane kan skjula den eigentlege storleiken til ting
Når du ser på to ting ved sida av kvarandre, er du truleg ganske sikker på om dei er like store, eller om ein av dei er større enn den andre. Det er derimot somme synsbedrag som kan bevisa at du ikkje alltid ser riktig. Det er fordi hjernen ofte bestemmer storleik ut frå gjenstandane som er i nærleiken, og dermed kan han lett verta lurt av omgjevnadane.
Ebbinghaus-illusjonen
Ta til dømes Ebbinghaus-illusjonen her. Mange vil seie at den oransje prikken til høgre er større enn prikken til venstre, men dei er faktisk nøyaktig like store. Hjernen brukar dei blå prikkane til å rekna ut cirka kor stor den oransje prikken er, og fordi dei blå prikkane til venstre er større, ser den oransje prikken til venstre mindre ut enn den til høgre.
Skjermflimring
Viss ein LCD-skjerm vert filma, ser det ofte ut som om han flimrar. Det er fordi skjermen faktisk flimrar i verkelegheita, og det er våre augo som vert lura til å sjå eit bilete utan flimring. Når eit kamera fangar eit scenebilete, tek det ein serie raske bilete og syr dei saman til eit bilete i rørsle. Fordi bilete-takta ikkje er lik som på skjermen som vert filma, vert flimringa fanga opp. Augo våre sender heile tida informasjon til hjernen, og lyset frå skjermen hengjer litt igjen slik at det kan fylla tomrommet som flimringa lagar.
Ein optisk illusjon
Korleis kan dette skje?
Hjernen prioriterer synsinntrykk før berøringsinntrykk. Difor trur du at handa du kan sjå, er di.
Elektriske impulsar i hjernen som styrer rørslene i handa, vert svakare, og då kjennest det som om ho ikkje er der lenger.
Kjelder:
- Utrolig vitenskap, 2018
ORAGE FORLAG AS - NRK.no/skole