Kva skal til for at ein skapning vert kalla levande?

  • Dei treng næring for å veksa og utvikla seg.
  • Dei tilpassar seg og verkar på miljøet rundt seg.
  • Dei har nivå med vekst, formeiring og død.
  • Dei består av celler.

Planteceller

Planteceller er byggjeklossane for alt planteliv. I likskap med dyreceller er dei eukaryotar, noko som tyder at dei inneheld ein kjerne – ein struktur som fungerer som «hjernen» til cella. I kjernen ligg meldingar om planten, som avgjer kva oppgåver resten av cella skal gjera.

Kva består ei celle av?

1. Cellemembran
Celle- eller plasmamembranen er hinna som dekkjer protoplasmaet og skil cella frå omverda. Ei hinne er ein veldig tynn vegg. Ho kontrollerer alle stoffa som går ut og inn i cella.

2. Kloroplast  

Kloroplastar fangar energi frå sola som små solpanel og brukar energien til å laga næring til planten. Dette heiter fotosyntese og tyder at det vert danna sukker og oksygen av CO2 og vatn med hjelp av lysenergi. Inni kloroplastane finn vi klorofyll, stoffet som gjev grønfargen vi finn hos dei fleste plantane.

3. Vakuol
Den store vakuolen er eit område for lagring. Der lagrar ein vatn og avfall. Han er med på å halde cella rund og svulmande.

4. Cellevegg
Den stive, ytre celleveggen vernar og støttar cella, men slepp vatn og gassar ut og inn. Veggen gjev cella styrke og form.

5. Nukleol
Har mykje informasjon om planten.

6. Golgiapparatet
Hjelper til for å behandla protein og klargjer dei for transport ut av cella til andre delar av cella.

7. Endoplasmatisk retikulum
Er som eit transportband og fraktar protein rundt inni cella og utanpå celleveggen.

8. Peroksisom
Peroksisomar hjelper til i fotosyntesen. Dei bryt ned giftstoff og fjernar avfall frå cella.

9. Mitokondrium  
Mitokondriane produserer mykje av den energien cella treng for å fungera.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan en plantecelle er oppbygget
Illustrasjon av hvordan en plantecelle er oppbygget

Celleoppbygninga

Dyreceller kontra planteceller

Cellevegg 

Både dyre- og planteceller har ein tynn cellemembran som kontrollerer kva som går ut og inn, men planteceller har i tillegg ein cellevegg av cellulose. Med denne stive ytterveggen kan plantane halde fukt under trykk utan å bresta, og samtidig gjev veggen viktig styrke for strukturen. I ei dyrecelle, derimot, er det berre cellemembranen som held innhaldet på plass. Eit indre eller ytre skjelett er som regel nødvendig for å stiva opp dyr.

Stor vakuol  

Vidare inneheld planteceller ein einsleg vakuol som er så stor at han opptek all ledig plass og held cella godt fylt og svulmande. Nokre dyreceller inneheld også vakuolar, men dei er alltid mykje mindre og tek ikkje opp så mykje plass som plantevakuolane.

Kloroplastar  

Planter produserer si eiga næring (glukose) med hjelp av sollys, vatn og karbondioksid, men menneske og dyr må skaffa næring frå plantar og andre levande vesen. Skilnaden ligg i at planteceller inneheld kloroplastar – strukturane som inneheld det grøne klorofyllpigmentet som tek opp sollys, der fotosyntese kan gå føre seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder: