Kva består ei celle av?
1. Cellemembran
Celle- eller plasmamembranen er hinna som dekkjer protoplasmaet og skil cella frå omverda. Ei hinne er ein veldig tynn vegg. Ho kontrollerer alle stoffa som går ut og inn i cella.
2. Kloroplast
Kloroplastar fangar energi frå sola som små solpanel og brukar energien til å laga næring til planten, ein prosess som vert kalla fotosyntese. Inni kloroplastane finn vi klorofyll, pigmentet som gjev grønfargen vi finn hos dei fleste plantane. Klorofyll er viktig for fotosyntese, sidan det absorberer sollyset og dannar glukose.
3. Vakuol
Den store vakuolen er ein form for lagringsområde for vatn og avfall. Han er med på å halda cella rund og svulmande.
4. Cellevegg
Den stive, ytre celleveggen av ufordøyeleg cellulose vernar og støttar cella, men slepp vatn og gassar ut og inn. Veggen gjev cella styrke og form.
5. Nukleol
Innanfor kjernen er nukleolen ei mindre kule kor proteindannande ribosom vert produserte.
6. Golgiapparatet
Denne organellen behandlar protein og klargjer dei for transport ut av cella til andre delar av cella.
7. Endoplasmatisk retikulum
Denne membranen verkar som eit transportband og fraktar protein rundt inni cella og utanpå celleveggen.
8. Peroksisom
Peroksisomar er organellane som hjelper i fotosyntesen. Dei inneheld enzym som bryt ned giftstoff og fjernar avfallsstoff frå cella.
9. Mitokondrium
Mitokondriane er organellar som produserer mykje av den energien cella treng for å fungera.