Pluto – ein dvergplanet
Pluto blei rekna som vår niande planet i solsystemet i mange år, men i 2006 blei det bestemt at Pluto skulle bli kalla ein dvergplanet. Då hadde astronomane funne mange andre like store lekamar i solsystemet, og me kunne ikkje kalla alle dei for planetar også. Runde dvergplanetar som går i bane rundt sola utanfor Neptun, blir no kalla for plutoidar.
3D illustrasjon av Pluto
Atmosfæren
Når Pluto kjem nærmast sola i den avlange bana si, går litt av det frosne nitrogenet, metanet og karbonmonoksidet på overflata over til gass, noko som skapar vind og skyer. Tyngdekrafta på Pluto er så svak at den tynne gassen kan forsvinna ut i rommet og sveva heilt bort til månen Charon.
Når stoff blir forvandla direkte frå is til gass (utan å smelta til væske først), blir det skapa ein antidrivhuseffekt. Det blir kaldare. Temperaturen på Pluto fell ned til -230˚C, og overflata er i gjennomsnitt 50˚C kaldare enn den øvre atmosfæren. Når Pluto går bort frå sola, frys atmosfæregassane til fast form igjen og dalar ned på overflata.
Pluto, Charon og Nordstjernen
Plutos lag
Den nærmaste månen til Pluto
Den nærmaste månen til Pluto heiter Charon. Han er halvparten så stor som Pluto, og frå jorda ser dei to ut som ein og same planet. Charon og Pluto brukar begge 6,4 jorddøgn på å snurra rundt seg sjølv. Dei vender alltid den same sida mot kvarandre. Me kallar det bunden rotasjon. Det er ikkje slik at Charon går i bane rundt Pluto. Dei går begge i bane rundt eit felles punkt mellom dei. Pluto og Charon blir ofte kalla for eit dobbeltplanetsystem.
Kjelder:
- Universet – Junior (2019)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettarr:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-