Læreplantilkobling

Fag

Naturfag

Core Kjerneelementer

  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Jorda og livet på jorda
  • Energi og materie

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Naturfag
  • sammenligne modeller med observasjoner og samtale om hvorfor vi bruker modeller i naturfag
4. trinn
Naturfag
  • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar
7. trinn
Naturfag
  • gi eksempler på hvordan naturvitenskapelig kunnskap er utviklet og utvikler seg
7. trinn
Naturfag
  • bruke og vurdere modeller som representerer fenomener man ikke kan observere direkte, og gjøre rede for hvorfor det brukes modeller i naturfag
7. trinn
Naturfag
  • gjøre rede for jordas forutsetninger for liv og sammenligne med andre himmellegemer i universet
10. trinn
Naturfag
  • bruke og lage modeller for å forutsi eller beskrive naturfaglige prosesser og systemer og gjøre rede for modellenes styrker og begrensinger
VG1 SF
Naturfag
  • drøfte hvordan utvikling av naturvitenskapelige hypoteser, modeller og teorier bidrar til at vi kan forstå og forklare verden
VG1 SF
Naturfag
  • beskrive big bang-teorien om hvordan universet har oppstått og utviklet seg, og gjøre rede for observasjoner som støtter denne teorien
VG3 påbygging
Naturfag
  • drøfte hvordan utvikling av naturvitenskapelige hypoteser, modeller og teorier bidrar til at vi kan forstå og forklare verden
VG3 påbygging
Naturfag
  • beskrive big bang-teorien om hvordan universet har oppstått og utviklet seg, og gjøre rede for observasjoner som støtter denne teorien

Pluto – ein dvergplanet

Pluto blei rekna som vår niande planet i solsystemet i mange år, men i 2006 blei det bestemt at Pluto skulle bli kalla ein dvergplanet. Då hadde astronomane funne mange andre lekamar i solsystemet som er like store, og me kunne ikkje kalla alle dei for planetar også. Runde dvergplanetar som går i bane rundt sola, utanfor Neptun, blir no kalla for plutoidar.

Fakta om Pluto

  • Pluto har god tid. Han brukar 248 år på ein runde rundt sola. Bana er veldig avlang, og to gonger i løpet av denne runden er Pluto faktisk nærmare sola enn Neptun.
  • Pluto har fem månar. Charon er størst, og dei mindre månane heiter Nix, Hydra, Styx og Kerberos.
  • Døgnet på Pluto varar i over 153 timar. Pluto er uvanleg fordi han roterer rundt seg sjølv i same retning som klokka, medan han beveger seg mot klokka i bana rundt sola.
  • Pluto er ein ny type planet. Han består ikkje først og fremst av stein, metall eller gass. I staden er Pluto ein isdverg, og slike er det mange av lengst ute i solsystemet.
  • Den svært avlange bana til Pluto gir store variasjonar mellom årstidene på Pluto, og dette forandrar også overflata. Pluto er raudaktig, men ikkje så raud som Mars. Pluto blei raudare frå 2000 til 2002, og andre nyansar av oransje, svart og kvitt har vore sett.
  • Overflata til Pluto har større kontrastar enn nokon av planetane i det ytre solsystemet. Overflata har store isfjell, og det kan vera eit hav under isen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
3D illustrasjon av Pluto

Atmosfæren

Når Pluto kjem nærmast sola i den avlange bana si, går litt av dei frosne stoffa på overflata over til gass. Dette skapar vind og skyer. Tyngdekrafta på Pluto er så svak at den tynne gassen kan forsvinna ut i rommet og sveva heilt bort til månen Charon.

Når stoff blir forvandla direkte frå is til gass (utan å smelta til væske først), blir det kaldare. Temperaturen på Pluto fell ned til -230˚C, og overflata er i gjennomsnitt 50˚C kaldare enn i atmosfæren. Når Pluto går bort frå sola, frys gassane i atmosfæren til fast form igjen og dalar ned på overflata.

Pluto, Charon og Nordstjernen

Kva består Pluto av?

Kjerne

Kjernen til Pluto er 1700 kilometer stor. Denne består i hovudsak av jern, nikkel og stein. I midten kan det liggja varmt radioaktivt materiale eller is.

Mantel 1

Mantel 1 består av stein og vassis.

Mantel 2

Viss Pluto har ein varm, radioaktiv kjerne, kan det vera eit 180 kilometer tjukt hav av flytande vatn mellom kjernen og yttermantelen.

Overflata

Ei steinflate dekt med frose nitrogen, metan og karbonmonoksid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Plutos lag

Den nærmaste månen til Pluto

Den nærmaste månen til Pluto heiter Charon. Han er halvparten så stor som Pluto, og frå jorda ser dei to ut som ein og same planet. Charon og Pluto brukar begge 6,4 jorddøgn på å snurra rundt seg sjølv. Dei har alltid den same sida vend mot kvarandre. Me kallar det bunden rotasjon. Det er ikkje slik at Charon går i bane rundt Pluto. Dei går begge i bane rundt eit felles punkt mellom dei. Pluto og Charon blir ofte kalla for eit dobbeltplanetsystem.

Kjelder:

  • Universet – Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettarr:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images