Pluto – ein dvergplanet

Pluto blei rekna som vår niande planet i solsystemet i mange år, men i 2006 blei det slege fast at Pluto skulle bli kalla ein dvergplanet. Då hadde astronomane funne mange andre like store lekamar i solsystemet, og me kunne ikkje kalla alle for planetar. Runde dvergplanetar som går i bane rundt sola, utanfor Neptun, blir no kalla for plutoidar.

Fakta om Pluto

  • Pluto har god tid. Han brukar 248 år på eitt omløp rundt sola. Bana er veldig avlang, og to gonger i løpet av dette omløpet er Pluto faktisk nærmare sola enn Neptun.
  • Pluto har fem månar. Charon er størst, og dei mindre månane heiter Nix, Hydra, Styx og Kerberos.
  • Døgnet på Pluto varar i over 153 timar. Pluto er uvanleg fordi han roterer rundt seg sjølv med klokka, medan han beveger seg mot klokka i bana rundt sola.
  • Pluto er ein ny type planet. Det er verken ein stein- og metallplanet eller ein gassplanet, men ein isdverg. Slike er det mange av lengst ute i solsystemet.
  • Den svært avlange bana til Pluto gir store variasjonar mellom årstidene på Pluto, og dette forandrar også overflata. Pluto er raudaktig – men ikkje så raud som Mars. Pluto blei raudare frå 2000 til 2002, og andre nyansar av oransje, svart og kvitt har vore sett.
  • Overflata til Pluto har større kontrastar enn nokon av planetane i det ytre solsystemet. Overflata har store isfjell, og det kan vera eit hav under isen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
3D illustrasjon av Pluto
3D illustrasjon av Pluto

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!