Refleksjonstekst med tankestopp:
Porno
Viss eg seier porno, tenkjer du kanskje på sexy undertøy, veltrente og nakne kroppar, spennande stillingar og forførande skodespelarar? Eller tenkjer du urealistisk sex, utnytting, overgrep og manipulering?
Porno kan nemleg vere begge delar. Det kan vere spennande, fint og frigjerande. Men det kan òg vere ubehageleg, krenkjande og unaturleg.
Tankestopp: Kva er det første du tenkjer på når du høyrer ordet porno?

Kva er porno?
Porno, eller pornografi, er seksualiserte bilde, videoar, filmar og spel. Målet med porno er å bli seksuelt opphissa eller tent.
For ungdom i dag er ikkje porno berre eit tastetrykk unna, slik det kanskje var før. Porno dukkar òg opp på skjermen når du ikkje aktivt oppsøkjer det.
Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal forhalde seg til all den pornoen som ligg så opent og lett tilgjengeleg for oss.

En person som ser på porno på PC.
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!