Refleksjonstekst med tankestopp:

Porno

Kva er  porno for deg? Sexy undertøy og spennande stillingar? Eller utnytting og overgrep? Porno kan vere spennande og fint, men det kan òg vere ubehageleg og krenkjande.  

Tankestopp: Kva er det første du tenkjer på når du høyrer ordet porno?

Kva er porno?

Porno er seksualiserte bilde, filmar og spel som skal gjere oss seksuelt opphissa.

I dag dukkar porno opp på skjermen sjølv om vi ikkje oppsøkjer det.

Det kan vere vanskeleg å forhalde seg til all den pornoen som ligg så lett tilgjengeleg.

En person som ser på porno på PC.
En person som ser på porno på PC.

Porno – forferdeleg grusomt eller fantastisk vidunderleg?

Somme er superpositive til porno og synest det er heilt topp. Andre er negative og meiner porno er forferdeleg og bør forbydast.

Tankestopp: Er røyndommen så svart-kvit? Er porno berre negativt eller berre positivt?

Dagens porno

Det finst ulike typar porno. Enkelte deler frivillig bilde av eigen kropp i sosiale medium. Studentar legg ut porno på Onlyfans for å tene litt ekstra. På Pornhub ligg det produksjonar med  verdskjende pornostjerner.

Mange som jobbar med porno har valt det heilt frivillig. Men slik er det dessverre ikkje for alle.

Porno er òg overgrep mot mindreårige, grov maktmisbruk og menneskehandel.

Dei siste åra har pornobransjen vorte sterkt kritisert på grunn av menneskehandel, overgrepsvideoar og hemnporno.

Hemnporno er når nokon spreier sexy bilde eller film av ein person på internett, utan at personen veit det eller ønskjer det.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ungdom og porno

Nokre ser aldri på porno fordi dei ikkje liker det. Andre blir inspirerte og får ei betre forståing av eigen seksualitet når dei ser porno.

I dag har dei fleste kjennskap til, eller erfaring med, pornografi, og mange får eit meir eller mindre ufrivillig møte med porno på smarttelefonen sin.

Kven ser på porno?

Då Medietilsynet undersøkte pornovanane til ungdommar, oppdaga dei at 52% av unge i alderen 13–18 har sett på porno, og at talet er dobbelt så høgt for gutar som for jenter.

Tankestopp: Kvifor trur du det er dobbelt så mange gutar som jenter som ser på porno? 

Medietilsynet fann òg ut at 55% av ungdommane var yngre enn 13 år første gong dei så på porno. 28% hadde sett på porno før dei fylte ti år.

Tankestopp: Kva tenkjer du om at 5% oppgir at dei såg på porno for første gong då dei var seks år eller yngre?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Ja, vi elskar…» porno?

Pornhub er den største nettstaden der du kan dele og sjå porno. Over 100 millionar menneske brukar sida kvar einaste dag. Noreg er eit av dei fem landa som bruker nettsida mest.

Er vi heilt pornofrelste i Noreg?

Det er ikkje så sikkert!

Nordmenn er nok ikkje betre eller verre enn andre, men dei fleste i Noreg har både mobiltelefon og datamaskin. Slik er det ikkje i alle land. Derfor er det enklare for oss å sjå på porno enn for folk elles i verda.

Pornhub har fått mykje kritikk.

Før hadde dei over 100 000 nakenbilde av barn i tillegg til hemnporno og videoar av overgrep.  

I 2020 blokkerte fleire store betalingstenester Pornhub. Då tapte nettstaden mykje penger, og dei lova å slette alle videoar som var lasta opp av ikkje-verifiserte brukarar. Det var over 10 millioner videoar. 

Tankestopp: Er det greit å bruke Pornhub så lenge ein ikkje ser på det innhaldet som er ulovleg? 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Avhengig av porno?

Visste du at ein kan bli avhengig av porno?

Nokre kan bli så hekta på porno at det påverkar kvardagen negativt. Til dømes kan ein bruke opp alle pengane sine på porno. Enkelte vil berre sitje heime og sjå på porno.

Viss det skjer, er det lurt å få hjelp.

Det finst hjelp for folk som har vorte avhengige av porno. Snakk med legen eller helsesjukepleiaren på skulen viss du trur du treng hjelp. Dei kan fortelje deg meir om kva tilbod som finst.

Tankestopp: Kvar tenkjer du at grensa går mellom det å ha eit uproblematisk og eit problematisk forhold til porno? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Deepfake- eit nytt fenomen

Magen knyter seg og pulsen stig. Hovudpersonen i den pornofilmen du ser på er … deg sjølv, endå du aldri har spelt inn nokon video.

Fenomenet deepfake er manipulerte videoklipp eller bilde. Mange kjendisar har opplevd at det blir laga deepfakes av dei.

Men det er ikkje berre Hollywood-stjerner som opplever dette.

I 2021 laga ei gruppe elevar ein deepfake-video der læraren deira hadde sex med ein elev. Det var sjølvsagt utruleg vanskeleg for læraren som vart hengd ut på sosiale medium.

Deepfakes er eit så nytt fenomen at det ikkje er omtalt i norsk lov, men du kan straffast etter åndsverkslova som omhandlar bildemanipulering. 

Tankestopp: Hadde du meldt det dersom nokon du kjende, publiserte ein deepfake-video av deg eller nokon andre? Eller er det å snitche? 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Dei negative sidene

Dei negative sidene ved porno er ting som kriminalitet, overgrep og manipulerte videoar. Dessutan kan ein bli avhengig av det.

Det er viktig å vite om slike ting når ein skal bestemme om ein vil sjå på porno eller ikkje.

Somme synest porno er spennande, medan andre synest det er ekkelt. Nokre blir tende av porno, medan andre synest det er fråstøytande. Vi er ulike, og vi liker ulike ting.

Hugs at porno eigentleg er skodespel, og at sex i det verkelege livet skal vere frivillig, fint og trygt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med den lokale helsestasjonen din. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester der du kan ta kontakt. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.