Psykt deg med Maria:

Det passar meg ikkje ❤️

Synest du det er vanskeleg å seie «nei»? Mange føler nokre gongar at dei må vere med på ting dei ikkje vil. Det kan vere noko litt skummelt, eller det kan vere ein filleting. Uansett kan det gjere deg misnøgd over tid. 😥

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Du er ikkje mindre verdt!

Viss du alltid blir med dei andre, sjølv om du ikkje vil, seier du eigentleg til deg sjølv at dei andre sine ønske er viktigare enn dine eigne. Då kan du fort òg føle at du er mindre verdt enn dei andre. Og det er du ikkje! Du har berre ein annan personlegdom. Og kanskje du synest det er vanskeleg å setje ned foten. Det kan vere at du har låg sjølvkjensle. 👩‍⚖️

Usikker gutt
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Bygg vennskapen

Når vi seier «nei», treng ikkje det nødvendigvis å bety at vi er frekke eller ufølsomme. Det kan bety at vi set så stor pris på vennskapen at vi ønskjer å bli betre kjende – og lære kvarandre kva vi vil og ikkje vil. Det vil nemleg vere lurt for å byggje opp vennskapen på sikt. 👬

To venninner
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tenk på deg sjølv

Å vere snill med andre er bra for den psykiske helsa vår. Men vi må òg vere snille med oss sjølve. Nokre gongar bør ein faktisk tenkje på seg sjølv før ein hjelper andre. Litt som med oksygenmaskene på flyet. Ta først på di eiga maske, så kan du hjelpe andre. ✈️

Sikkerhet ombord i fly
Sikkerhet ombord i fly
Ikke alle har det gøy med alt

Set grenser – og fortel om dei

Ikkje la andre utnytte at du er grei og seier «ja». Nokre gongar veit dei ikkje sjølve at dei gjer det. Dei hadde kanskje synst at det var bra å få vite kvar grensene dine er. Dei rundt deg kan bli vane til at du alltid seier «ja», og då held dei fram å ta seg til rette utan å tenkje på kva du eigentleg vil. 💙

Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Eit «nei» kan bety fleire ting:

  • Eg liker vennskapen vår så godt at eg ønsker at du blir betre kjend med meg. ❤️
  • Eg trur at du toler å høyre eit «nei», og eg trur ikkje at det vil øydeleggje vennskapen vårt. ❤️
  • Eg respekterer oss begge to. ❤️
  • Sidan eg seier «nei» no, betyr det at eg verkeleg meiner «ja» når eg seier «ja». ❤️
Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock