Psykt deg med Maria:

Det passer meg ikkje ❤️

Synest du det er vanskeleg å seie «nei»? Mange hamnar i situasjonar der dei gjer ting som strir imot eigne behov, ønske og verdiar. Uavhengig av om det er ei stor greie eller berre småting, så kan det gå ut over eiga tilfredsheit og sjølvkjensle. 😥

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Du er ikkje mindre verdt!

Dersom du alltid set eigne behov til side til fordel for andres, signaliserer du til deg sjølv at andres behov er meir verdt enn dine. Det kan på sikt gi deg ei oppleving av at du er mindre verdt enn andre. Men det er du ikkje. Du har berre ei anna personlegdomssamansetning, eller vanskar med å setje grenser for deg sjølv. Det kan vere at du har låg sjølvkjensle.👩‍⚖️

Usikker gutt
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Bygg relasjonen

Når vi seier «nei», treng ikkje det nødvendigvis å bety at du avviser vedkommande. Det kan bety at du verdset deg sjølv og relasjonen såpass mykje at du ønskjer at vedkommande skal kjenne til grensene dine. Det vil nemleg vere ei god investering i relasjonen på sikt. 👬

To venninner
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tenk på deg sjølv

Å hjelpe og stille opp for andre er bra for den psykiske helsa vår. Men vi må òg ha overskot sjølv. Nokre gongar er det «help yourself before helping others» som gjeld. ✈️

Sikkerhet ombord i fly
Sikkerhet ombord i fly
Ikke alle har det gøy med alt

Set grenser – og fortel om dei

Ikkje la andre utnytte at du er medgjerleg og grei. Nokre gongar veit dei ikkje sjølve at dei gjer det, og dei hadde nok sett pris på å få vite at dei trakkar over grensene dine. Dei rundt deg kan ha vorte vane med at du alltid seier «ja», og held derfor fram å ta seg til rette rundt det dei opplever som velviljen din.💙

Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Eit «nei» kan bety fleire ting:

  • Eg verdset relasjonen vår såpass mykje at eg ønsker at du blir betre kjend med meg. ❤️
  • Eg trur at du toler å høyre eit «nei», og eg trur ikkje at det vil øydeleggje relasjonen vår. ❤️
  • Eg respekterer oss begge to. ❤️
  • Sidan eg seier «nei» no, betyr det at eg verkeleg meiner «ja» når eg seier «ja». ❤️
Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock