Psykt deg med Maria:

Du er kva du seier du er! 🙊

Viss du ønskjer å få det betre, ta ein liten titt på språket ditt.🤔

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme
Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn

Tenk positivt 👍

Forsking viser at når vi tenkjer positivt, snakkar og lever vi òg meir positivt. Vi kan bestemma oss for å tru på at vi er vakre, sterke eller fulle av energi. Sjølvtilliten og merksemda vår aukar berre av at vi fortel oss sjølve at vi er det. Utan at vi har gjort noko anna! 😱😍💃🏻
Positiv gutt
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Eg er så sliten! 😴

Det motsette er også sant. Når vi snakkar negativt om ting, blir vi meir negative til sinns. 😰 Dette gjeld enkle ting som at vi ofte seier at vi er slitne, at vi skulle ønskje det var fredag, eller at vi kjedar oss. Vi tenkjer at vi berre snakkar. Men desse orda skaper kjensler inne i oss. Også når vi eigentleg ikkje meiner det vi seier. 😳
Sur jente
Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn

«Viss tankar kan øydeleggja språket, kan språket òg øydeleggja tankane.»  George Orwell

Barn som tenker
Barn som tenker

Tips!

Legg merke til orda du bruker. Viss vi er merksame på språket vårt, kan vi nemleg rydda bort mange negative tankar. Og vi vil då kunna få det mykje betre i livet! Prøv det! 🤩🥰
Gutt som roper
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tenk at du er …

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images / Shutterstock

Mørk grov bakgrunn
Mørk grov bakgrunn