Psykt deg med Maria:

Kvisekrise! 😵

Visste du at ei kvise kan øydelegga mykje for både ungdom og vaksne? Somme kan synast det er så ille at dei står over ein fest dei har gledd seg til! 😩

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Kvise i fokus

For mange kjennest det som om kvisa er det einaste alle ser. Dette skaper eit slags «sjølvmedvitssyndrom». Syndromet gjer det vanskeleg for dei å fokusera på noko anna enn si eiga kvise. Særleg når ein er saman med andre. Då bruker ein mykje energi på å prøva å dekka kvisa eller skjula delar av ansiktet.

Kvise i panna
Kvise i panna

Tips!  🙌

Spør deg sjølv: Har du nokon gong ikkje villa vera saman med eit anna menneske fordi dei hadde ei kvise (eller fleire)?

Viss du svarer ja, er det tydeleg at du fokuserer mykje på det ytre. Synest du kanskje det er vanskeleg å bli kjend med andre? 🦸

Viss du svarer nei, så er du som folk flest. Du tenker lite over andre si hud frå dag til dag. Ei kvise påverkar altså ikkje kva du meiner om andre. Og kvifor skal du då la ei kvise hindra deg sjølv i å ha det bra?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvise på kinnet
Kvise på kinnet

Og vettu?!

Det å utstråla sjølvtillit blir sett på som meir tiltrekkande enn ei kvisefri hud.

Embrace your normality and own that pimple! 😘👌

Kvinne med kvise og selvtillit
Kvinne med kvise og selvtillit

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock