Psykt deg med Maria:

Kvisekrise! 😵

Ei kvise kan øydelegga mykje for både ungdom og vaksne. For somme er det så ille at dei står over ein fest dei har gledd seg til! 😩

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Kvise i fokus

For mange kjennest det som om kvisa er det einaste alle ser. Då blir ein lett overdrive sjølvmedviten. Vi kan kalla det eit «sjølvmedvitssyndrom». Det er vanskeleg å tenka på anna enn kvisa når ein er saman med andre, og ein bruker mykje krefter på å dekka eller gøyma ho.

Kvise i panna
Kvise i panna

Tips!  🙌

Har du nokon gong kjent at du ikkje vil vera saman med andre fordi dei hadde ei kvise?

Viss du svarer ja, tenker du nok mykje på det ytre. Kanskje du synest det er vanskeleg å bli kjend med andre? 🦸

Viss du svarer nei, så er du som folk flest. Du tenker lite på andre si hud. Ei kvise påverkar altså ikkje kva du meiner om andre. Treng du då å la ei kvise hindra deg sjølv i å ha det bra?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvise på kinnet
Kvise på kinnet

Og vettu?!

Dei fleste synest at sjølvtillit er mykje vakrare enn kvisefri hud.

Elsk det normale og vis fram kvisa! 😘👌

Kvinne med kvise og selvtillit
Kvinne med kvise og selvtillit

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock