Raud som ein tomat

Liker du tomat? Det er ikkje alle som gjer det, men kva hadde måltida vore utan dei. Tomat blir brukt til utruleg mange matrettar. Vi kan eigentleg ikkje tenkje oss å ete pizza utan tomatsaus, eller taco utan tomatsalsa. Dei fleste har nok ei flaske tomatketchup i kjøleskåpet. Ho er ofte på middagsbordet. Ikke minst når vi skal ete pølser eller pommes frites.

Accessibility icon Raud som ein tomat

Raud som ein tomat?

Har du kjent deg raud som ein tomat? Då har du nok blitt veldig solbrend, eller blitt flau for noko. Det gjev deg kanskje ein dårleg følelse.

Men det er noko positivt med å bli raud. Ny forsking viser nemleg at folk som blir flaue og raudnar, er meir attraktive.

Tomatar kjem i andre fargar også, men raud er den mest vanlege.

Rød som en tomat
Rød som en tomat

Kvar kjem tomaten frå?

Tomaten kjem frå Sør-Amerika. Han som oppdaga Amerika i 1492, Christofer Colombus, tok tomaten med til Europa. Tomat vart ikkje populær mat før på 1800-talet. Då begynte Italia og andre land rundt Middelhavet å bruke han i matlaging. Etter kvart vart han meir og meir populær i heile Europa.

I dag dyrkar vi tomatar mange stader. Det finst mange variantar med ulik smak, farge og størrelse. Størrelsen varierer frå dei minste cherrytomatane, som er eit par centimeter i diameter, til store bifftomatar, som kan vege over 250 gram.

Rik på vitamin og kostfiber

Tomatar er ei god kjelde til både betakaroten, vitamin C og kostfiber. Betakaroten er med på å gje farge til tomaten, og det inneheld mykje A-vitamin. Dette vitaminet hjelper hud og hår med å halde seg friskt. C-vitamin styrkjer immunforsvaret, og det hjelper til med å ta opp jern frå maten vi får i oss. Jern er viktig for blodet vårt.

Kostfiber gjer deg mett lenger, og det er bra for fordøyinga. Utan nok kostfiber kan du få trøbbel med magen.

Tomat bør vere ein av dine “5 om dagen”!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tomatplante
Tomatplante

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!