Raud som ein tomat

Liker du tomat? Det er ikkje alle som gjer det, men kva hadde måltida vore utan? Tomat blir brukt i utruleg mange matrettar. Vi kan eigentleg ikkje tenkje oss å ete pizza utan tomatsaus, eller taco utan tomatsalsa. Dei fleste har nok ei flaske tomatketchup i kjøleskåpet. Ketchupen er ofte å finne på middagsbordet. Ikkje minst når vi et pølser eller pommes frites.

Accessibility icon Raud som ein tomat

Raud som ein tomat?

Har du vore veldig solbrend, eller blitt flau for noko? Då har du kanskje vore raud som ein tomat.

Det er ikkje så bra å bli solbrend, men å bli flau er vel ikkje så farleg. Då kan det hende at einkvan synest du er ekstra søt.

Tomatar er ikkje alltid raude, men det er den mest vanlege fargen.

Rød som en tomat
Rød som en tomat

Kvar kjem  tomaten frå?

Tomaten kjem frå Sør-Amerika. Han som oppdaga Amerika i 1492, Christofer Colombus, tok tomaten med til Europa. Det tok lang tid før det vart populært å ete tomatar. Italia var blant dei første landa som brukte tomaten til mat. Andre stader stod tomaten berre til pynt i hagen.

Tomatane kjem i ulike fargar og størrelsar. Veit du forskjellen på cherrytomatar og bifftomatar?

Tomatar gjev mykje god næring

Tomatar gjev oss mykje næring. Dei inneheld viktige vitamin og andre stoff som kroppen treng. Blant anna det vi kallar fiber.

Fiber gjer at du unngår forstopping i magen. Det kan vere svært  vondt viss du ikkje får vore skikkeleg på do.

Derfor bør tomat vere ein av dine “5 om dagen”!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tomatplante
Tomatplante

 

Kva bruker vi tomaten til?

Tomat kan etast som han er. Akkurat som eit eple. Men du kan dele han opp i mindre bitar og ha han i ein salat. Eller du kan skjere han i skiver og ha han på brødskiva.

Kunne du tenkt deg å ete taco utan tomatsalsa? Et du pizza med eller utan pizzasaus? Ikkje så mange bestiller gresk salat utan tomat. Somme kan ikkje ete grillpølse utan ketchup.

Viss du liker tomatsuppe, kan du enkelt lage slik suppe sjølv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gresk salat
Gresk salat

Salsa er det spanske ordet for saus. Salsa er ofte laga av rå tomatar som er finhakka eller mosa.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. FRUKTno – YouTube
    4. Getty Images
    5. TINE Kjøkken – YouTube