Raud som ein tomat

Liker du tomat? Det er ikkje alle som gjer det, men kva hadde måltida vore utan? Tomatar blir brukte til utruleg mange matrettar! Tomatar er også ei god kjelde til betakaroten, C-vitamin og kostfiber.

Accessibility icon Raud som ein tomat

Raud som ein tomat?

Kanskje har du kjent deg raud som ein tomat? Då er det sikkert fordi du anten har blitt veldig solbrend, eller fordi du er flau for noko.

Men det er likevel ei positiv side ved det. Ny forsking viser nemleg at folk som lett blir flaue og raudnar, framstår som meir attraktive.

Men tomatar kjem også i andre fargar enn raud. Vi kan dyrke gule, oransje, grøne og svarte tomatar!

Rød som en tomat
Rød som en tomat

Kvar kjem tomaten frå?

Tomaten kjem  opphaveleg frå Sør-Amerika, og han kom til Europa med oppdagaren Christofer Colombus. Tomatplanten vart først brukt som prydplante i hagar. Først på 1800-talet vart det populært med tomat som mat i Italia og andre land rundt Middelhavet. Ikkje før etter første verdskrigen vart det vanleg med tomat  i Nord-Europa.

I dag dyrkar vi tomatar både i drivhus og på friland, og det finst mange variantar med ulik smak, farge og størrelse. Størrelsen varierer fra dei minste cherrytomatane, som er eit par centimeter i diameter, til store bifftomatar, som kan vege over 250 gram.

Rik på vitamin og kostfiber

Tomatar er ei god kjelde til både betakaroten, vitamin C og kostfiber. Betakaroten er med på å gje farge til tomaten, og det er ei viktig kjelde til A-vitamin. Dette vitaminet bidreg til å oppretthalde normal hud og normalt hår. C-vitamin styrkjer immunsystemet, og det aukar opptaket av jern frå andre matvarer.

Kostfiber er gunstig for fordøyinga, og det gjer at du føler deg mett fortare. Kostfiber fungerer som næring til dei tarmbakteriane som påverkar immunforsvaret vårt positivt.

Du bør derfor tenkje at tomat er ein del av dine  “5 om dagen”!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tomatplante
Tomatplante

 

Kva bruker vi tomaten til?

Tomat kan etast som han er, for eksempel delt opp i mindre bitar og brukt i salat eller på brødskiva. Eller kanskje du vil bruke tomat i ein omelett?

Du kan også koke, smørdampe, steikje eller gratinere tomat. Grøne tomatar er godt eigna til sylting.

Tomat er ein viktig ingrediens i uendeleg mange retter frå land spreidde over heile verda. Tomat er utruleg anvendeleg og gjev god smak til maten.

Kva hadde vel meksikanske rettar vore utan tomatsalsa? Og kva hadde ein pizza vore utan pizzasaus, og gresk salat utan tomat? Eller pølse utan ketchup?  For ikkje å tenkje på alt det andre vi bruker tomatsaus til.

Du kan enkelt lage tomatsuppe sjølv, og det smakar ekstra godt med hardkokt egg i suppa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gresk salat
Gresk salat

Salsa er det spanske ordet for saus, og ordet kan brukast om ulike sausar, dippar og tilbehøyr frå spanskspråklege land, særleg Mexico. Salsa vert ofte laga av rå ingrediensar som er finhakka eller mosa. Mange typar salsa er tomatbaserte, men ikkje alle.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. FRUKTno – YouTube
    4. Getty Images
    5. TINE Kjøkken – YouTube