Reformasjonen – ei forandring

Reformasjonen var ei stor religiøs omvelting i Europa på 1500-talet. Det førte til at kyrkja vart delt inn i den katolske og den protestantiske.

Accessibility icon Reformasjonen – ei forandring

Avlatshandel

Reformasjonen oppstod på begynnelsen av 1500-talet. Den tyske presten Martin Luther hadde vore på reise til Roma. På reisa opplevde han at det var stor forskjell på rike og fattige.

På denne tida var mange redde for å bli straffa av Gud for syndene sine. For å sleppe straff kunne dei betale til kyrkja. Dei kjøpte noko som vart kalla avlatsbrev. Avlat betyr tilgjeving. Luther meinte denne ordninga var feilaktig.

Martin Luther kom heim til Tyskland og protesterte mot det han hadde sett på reisa si.

31. oktober 1517 fortalde Luther kva han meinte om avlatshandelen. Han gjorde det ved å skrive 95 setningar (tesar) som han gav til kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En statue av Martin Luther som peker på en bok
En statue av Martin Luther som peker på en bok

Reformasjon

Målet med denne protesten var å reformere (forandre) den katolske kyrkja. Paven i Roma godtok ikkje protestane til Luther. Han vart dermed bannlyst. Då fekk han ikkje lov til å vere ein del av kyrkja.

📷  Riksdagen i Worms 1521.

Keisaren i Tyskland var katolikk. Han støtta paven og ikkje Luther. Vennene til Luther vart veldig sinte og gjorde opprør.

Keisaren måtte til slutt gi seg. Han lét folk få bestemme over si eiga tru. Den protestantiske kyrkja vart meir og meir populær, og ho vaks seg stor.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.

Protestantisme

Ordet protestant kjem av at folk protesterte mot ulike sider av den katolske trua. Reformasjonen gjorde at kyrkja i Vest-Europa vart delt mellom katolikkar og protestantar.

Ordet protestantisme vart meir og meir brukt over heile verda. Det vart brukt om dei kyrkjene som følgde Martin Luthers lære.

På 1500-talet bestemte Danmark over Noreg. Reformasjonen vart innført i dei to landa i 1536-37. Av den grunn har den norske folkekyrkja blitt kalla evangelisk-luthersk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Lite trekors ligger på kanten av en oppslått Bibel.
Lite trekors ligger på kanten av en oppslått Bibel.

Trettiårskrigen

Etter reformasjonen vart det fleire krigar i Europa. Trettiårskrigen (1618-1648) var ein krig mellom protestantiske og katolske land. Religion var viktig, og kvar side ville styrkje si eiga tru. Frankrike var katolsk, medan i Tyskland var det mange protestantiske kyrkjer.

📷  Slaget om Lützen i 1632.

Keisarkrigen

Keisarkrigen viser til Danmark-Noreg si deltaking i trettiårskrigen. Danmark-Noreg gjekk inn i krigen på protestantane si side.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ryttere til hest flykter fra slaget om Lützen i 1632.
Ryttere til hest flykter fra slaget om Lützen i 1632.

Nord-Irland

I Nord-Irland har protestantar og katolikkar hatt mange konfliktar.  I åra 1968-1998 var det spesielt ille. Denne perioden blir kalla “The Troubles”.

Nord-Irland er ein del av det protestantiske Storbritannia. Katolikkar i Nord-Irland har derfor ønskt å lausrive seg frå Storbritannia.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hvit bil brenner med store oransje flammer og sort røyk.
Hvit bil brenner med store oransje flammer og sort røyk.

Ein kort introduksjon til reformasjonen.

Klipp miniatyrbilde

Kjelder:

Bilde- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole