Riksforsamlinga på Eidsvoll

Den 17. mai 1814 vart Noregs grunnlov vedteken og underskriven. Kva er historia bak, og kva skjedde etterpå?  

Accessibility icon Riksforsamlinga på Eidsvoll

Ny fridom

I løpet av nokre hektiske veker vart eit historisk dokument skrive på Eidsvoll. Det var Noregs grunnlov, signert 17. mai. Lova skulle sikre at Noreg fekk sjølvstende frå Danmark. Det var byrjinga på demokratiet vårt, altså det folkestyret vi har i dag. Men kva var det som leidde fram til denne moderne grunnlova på akkurat dette tidspunktet?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grunnloven blir utformet 1814
Grunnloven blir utformet 1814

I union med Danmark

Noreg hadde vore i union med Danmark i over 400 år. Noreg var under dansk styre, og danskane hadde all makt. Nordmenn hadde lite eller ingenting dei skulle ha sagt når det gjaldt sitt eige land. Men Noreg opplevde òg gode tider innan trelast og handel. Likevel gjekk det meste av overskotet i lommene på adelen i København.

Scene fra Christian VIIs hoff av Kristian Zahrtmann (1873)
Scene fra Christian VIIs hoff av Kristian Zahrtmann (1873)

Uro i Europa

Mot slutten av 1700-talet var Europa og Amerika prega av revolusjonære idear som politisk fridom og menneskerettar. Stadig fleire kravde at makta burde liggje hos ei forsamling valt av folket. Makta burde òg fordelast på tre: den folkevalde nasjonalforsamlinga, kongen og regjeringa og domstolane. Noreg vart òg påverka av alt dette. Stadig fleire nordmenn var misnøgde med å vere stemmelause og rettslause i sitt eige land.

Den franske revolusjonen
Den franske revolusjonen

Noreg var eit krigsbytte

Samtidig herja Napoleonskrigane i Europa, der Danmark-Noreg var på Napoleon si side. I 1813 tapte Napoleon krigen. Sverige var eit av landa som vann. Dermed måtte Danmark gi Noreg til Sverige som «påskjønning» – Noreg var rett og slett eit krigsbytte. Denne avtalen kallar vi Kielfreden, fordi fredsavtalen vart underteikna i Kiel i Tyskland. Kva kom til å skje med Noreg no?

Napolen ved Borodion
Napolen ved Borodion

Fridom og sjølvstende!

Fleire mektige nordmenn, med statthaldar Christian Frederik i spissen, starta eit opprør mot at Noreg skulle overførast til den svenske kongemakta. Han sende bod til alle viktige menn i landet. Dei møttest på Eidsvoll til eit stormannsmøte i februar. Her vart dei samde om at folkevalde menn frå heile landet skulle danne ei riksforsamling og skrive Noregs grunnlov. Det var for det meste militære og storbønder som vart valde.

Wilhelm_Marstrand
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Ein liten norsk revolusjon

Statthaldaren var ein dansk-norsk prins, og ville gjerne bli konge av Noreg. Mange var nervøse for at heile planen skulle gå i vasken. Men prinsen ville ikkje bruke makt for å bli konge. Han ville la seg velje.

Det som skjedde i dei første månadene av 1814, var at Noreg stod opp for eigne fridommar. Folka kravde sjølvstende, politisk fridom, ei grunnlov og eit folkestyre. Det var no eller aldri!

Eidsvollsbygningen fotografert ca. 1890
Eidsvollsbygningen fotografert ca. 1890

Usemje og splid

I april møttest 112 utvalde menn på Eidsvoll jernverk, no kjend som Eidsvollsbygningen. Møta gjekk føre seg seks veker i strekk. Det var Noregs framtid som stod på spel. Det var slett ikkje slik at alle var samde om korleis ho skulle sjå ut. Dei delte seg i to grupper. Ei som meinte at Noreg burde krevje fullt sjølvstende, og ei som meinte at Noreg burde gå inn i union med Sverige. Dei stemte over saka. Ideen om eit fritt og sjølvstendig Noreg vann flest stemmer.

Postkort til grunnlovsjubileet
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Semje og samarbeid

Arbeidet med å skrive ei grunnlov gjekk raskt og greitt. Dei vart samde om at Noreg skulle vere eit fritt og sjølvstendig rike. Makta skulle delast på tre: kongen, ei folkevald nasjonalforsamling og uavhengige domstolar. Lov om religionsfridom og trykkefridom vart òg vedteke.

Riksforsamlinga vedtok Grunnlova dei første dagane i mai. Den 17. mai stilte forsamlinga opp i sin finaste stas. No skulle dei velje ein konge til eit fritt Noreg. Christian Frederik vart einstemmig vald til Noregs konge. Det var ingen andre å stemme på. Nokre dagar seinare tok dei kvarandre i hendene og svor «enig og tro til Dovre faller». Så drog dei tilbake til heimstadene sine. Dei hadde underteikna eit papir som var starten på demokratiet vårt. Men kor stor verdi hadde eigentleg Grunnlova?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grunnloven 1814 beseglet
Grunnloven 1814 beseglet

I krig med Sverige

Blekket i Grunnlova var knapt tørt før svenskekongen, Karl Johan, ville tvinge gjennom ein norsk-svensk union. Det vart forhandla mykje fram og tilbake, men partane vart ikkje samde. Til slutt gjekk svenskane til angrep på Noreg. Den svenske hæren var mykje større og betre utstyrt enn den norske. Landa inngjekk til slutt våpenkvile, og så kom svenskekongen med eit forslag: Noreg kunne behalde Grunnlova sjølv om landet gjekk i union med Sverige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Slaget ved Langnes skanse i 1814.
Slaget ved Langnes skanse i 1814.

Sjølvstende – men også i union med Sverige?

Krigen mellom Noreg og Sverige sommaren 1814 enda med ein konvensjon, ein fredsavtale. Avtalen kravde at Christian Frederik måtte gå av som konge. Samtidig forplikta svenskekongen seg til å godta den nye Grunnlova. Sjølv om Noreg måtte gå i union med Sverige, var det ein siger. Frå å vere eit krigsbytte gjekk Noreg over til å bli ein sjølvstendig stat med full råderett over seg sjølv. Rett nok tilpassa ein svensk union.

Unionsflagg fra 1844
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Ei levande grunnlov

Grunnlova vår frå 1814 er den nest eldste i verda. Ho er berre slått av den amerikanske grunnlova. Dei som skreiv teksten, var modige. Dei våga å verne om rettar og fridom for alle. På den tida betydde alle rett nok kristne menn over 25 år med eiga inntekt eller eigen eigedom. Sidan har Grunnlova vorte endra mange gongar i takt med verdiane og menneskesynet i samfunnet. Derfor kan vi stolte og takksame feira 17. mai. Då fekk vi vår eiga grunnlov, og Noreg vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
17. mai 1915 i Kristiania.
17. mai 1915 i Kristiania.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Oscar Arnold Wergeland (Stortingsarkivet) / Eidsvoll 1814 – YouTube
    2. Kristian Zahrtmann
    3. Eugène Delacroix
    4. Vasily Vereshchagin
    5. Wilhelm Marstrand
    6. Oslo Museum (CC BY-SA 4.0)
    7. Nasjonalbiblioteket (CC BY 2.0)
    8. Vidar M. Husby / Stortinget / Stortingsarkivet (CC BY-ND 2.0)
    9. Andreas Bloch / profnick YouTube
    10. Getty Images
    11. Nasjonalbiblioteket / NRK – YouTube