Riksforsamlinga på Eidsvoll
Den 17. mai 1814 vart Noregs grunnlov vedteken og underskriven. Kva er historia bak, og kva skjedde etterpå?
Grunnloven blir utformet 1814
I union med Danmark
Noreg hadde vore i union med Danmark i over 400 år. Noreg var under dansk styre, og danskane hadde all makt. Nordmenn hadde lite eller ingenting dei skulle ha sagt når det gjaldt sitt eige land. Men Noreg opplevde òg gode tider innan trelast og handel. Likevel gjekk det meste av overskotet i lommene på adelen i København.
Scene fra Christian VIIs hoff av Kristian Zahrtmann (1873)
Uro i Europa
Mot slutten av 1700-talet var Europa og Amerika prega av revolusjonære idear som politisk fridom og menneskerettar. Stadig fleire kravde at makta burde liggje hos ei forsamling valt av folket. Makta burde òg fordelast på tre: den folkevalde nasjonalforsamlinga, kongen og regjeringa og domstolane. Noreg vart òg påverka av alt dette. Stadig fleire nordmenn var misnøgde med å vere stemmelause og rettslause i sitt eige land.
Den franske revolusjonen
Noreg var eit krigsbytte
Samtidig herja Napoleonskrigane i Europa, der Danmark-Noreg var på Napoleon si side. I 1813 tapte Napoleon krigen. Sverige var eit av landa som vann. Dermed måtte Danmark gi Noreg til Sverige som «påskjønning» – Noreg var rett og slett eit krigsbytte. Denne avtalen kallar vi Kielfreden, fordi fredsavtalen vart underteikna i Kiel i Tyskland. Kva kom til å skje med Noreg no?
Napolen ved Borodion
Fridom og sjølvstende!
Fleire mektige nordmenn, med statthaldar Christian Frederik i spissen, starta eit opprør mot at Noreg skulle overførast til den svenske kongemakta. Han sende bod til alle viktige menn i landet. Dei møttest på Eidsvoll til eit stormannsmøte i februar. Her vart dei samde om at folkevalde menn frå heile landet skulle danne ei riksforsamling og skrive Noregs grunnlov. Det var for det meste militære og storbønder som vart valde.
Papir bakgrunn
Ein liten norsk revolusjon
Statthaldaren var ein dansk-norsk prins, og ville gjerne bli konge av Noreg. Mange var nervøse for at heile planen skulle gå i vasken. Men prinsen ville ikkje bruke makt for å bli konge. Han ville la seg velje.
Det som skjedde i dei første månadene av 1814, var at Noreg stod opp for eigne fridommar. Folka kravde sjølvstende, politisk fridom, ei grunnlov og eit folkestyre. Det var no eller aldri!
Eidsvollsbygningen fotografert ca. 1890
Usemje og splid
I april møttest 112 utvalde menn på Eidsvoll jernverk, no kjend som Eidsvollsbygningen. Møta gjekk føre seg seks veker i strekk. Det var Noregs framtid som stod på spel. Det var slett ikkje slik at alle var samde om korleis ho skulle sjå ut. Dei delte seg i to grupper. Ei som meinte at Noreg burde krevje fullt sjølvstende, og ei som meinte at Noreg burde gå inn i union med Sverige. Dei stemte over saka. Ideen om eit fritt og sjølvstendig Noreg vann flest stemmer.
Papir bakgrunn
Grunnloven 1814 beseglet
Slaget ved Langnes skanse i 1814.
Sjølvstende – men også i union med Sverige?
Krigen mellom Noreg og Sverige sommaren 1814 enda med ein konvensjon, ein fredsavtale. Avtalen kravde at Christian Frederik måtte gå av som konge. Samtidig forplikta svenskekongen seg til å godta den nye Grunnlova. Sjølv om Noreg måtte gå i union med Sverige, var det ein siger. Frå å vere eit krigsbytte gjekk Noreg over til å bli ein sjølvstendig stat med full råderett over seg sjølv. Rett nok tilpassa ein svensk union.
Papir bakgrunn
17. mai 1915 i Kristiania.
Kjelder:
- Eidsvoll 1814 (09.02.2021): 1814 og Grunnloven
https://eidsvoll1814.no/1814-og-grunnloven
- Mardal, Magnus m.fl.: stormannsmøtet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. februar 2021 frå https://snl.no/stormannsmøtet
- Stortinget (10.02.2021): En levende grunnlov
https://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/Grunnloven/levende-grunnlov/
Bilet- og videorettar:
-
-
Oscar Arnold Wergeland (Stortingsarkivet) / Eidsvoll 1814 – YouTube
-
Kristian Zahrtmann
-
Eugène Delacroix
-
Vasily Vereshchagin
-
Wilhelm Marstrand
-
Oslo Museum (CC BY-SA 4.0)
-
Nasjonalbiblioteket (CC BY 2.0)
-
Vidar M. Husby / Stortinget / Stortingsarkivet (CC BY-ND 2.0)
-
Andreas Bloch / profnick – YouTube
-
Getty Images
-
Nasjonalbiblioteket / NRK – YouTube
-