Læreplantilkobling

Fag

Historie

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Berekraftige samfunn
  • Undring og utforsking
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Mennesker og samfunn i fortid, nåtid og framtid
  • Historiebevissthet
  • Historisk empati, sammenhenger og perspektiver

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte
7. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive sentrale hendingar som har ført fram til det demokratiet vi har i Noreg i dag og samanlikne korleis enkeltmenneske har høve til å påverke i ulike styresett
7. trinn
Samfunnsfag
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
10. trinn
Samfunnsfag
  • gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar
VG2
Historie
  • utforske og reflektere over hvordan fortiden minnes lokalt og nasjonalt
VG2
Historie
  • vurdere endringer i fordeling og legitimering av makt fra middelalderen til og med tidlig nytid
VG2
Historie
  • sammenligne hvordan demokratiet i antikken og demokratiet i vår tid har gitt mennesker ulike muligheter til demokratisk deltakelse
VG3
Historie
  • sammenligne ulike framstillinger av en hendelse og reflektere over at historiske framstillinger preges av opphavspersonens ståsted og kontekst
VG3
Historie
  • analysere hvordan framstillinger av fortiden har blitt brukt i Norge for å skape nasjonal identitet og drøfte hvilke virkninger dette har hatt for ulike grupper
VG3
Historie
  • gjøre rede for tanker og ideologier som har ligget til grunn for politiske omveltninger fra opplysningstiden til i dag og vurdere betydningen av disse for menneskers muligheter til demokratisk deltakelse
VG3
Historie
  • utforske hvordan mennesker har arbeidet for myndiggjøring og frigjøring i norsk og samisk historie, og gjøre rede for hvordan de samtidig har bidratt til utviklingen av demokratiet
VG3 påbygging
Historie
  • beskrive samfunnsendringer fra antikken til tidlig nytid og vurdere betydningen for fordeling og legitimering av makt og menneskers muligheter til demokratisk deltakelse
VG3 påbygging
Historie
  • sammenligne ulike framstillinger av en hendelse og reflektere over at historiske framstillinger preges av opphavspersonens ståsted og kontekst
VG3 påbygging
Historie
  • analysere hvordan framstillinger av fortiden har blitt brukt i Norge for å skape nasjonal identitet og drøfte hvilke virkninger dette har hatt for ulike grupper
VG3 påbygging
Historie
  • utforske hvordan mennesker har arbeidet for myndiggjøring og frigjøring i norsk og samisk historie, og gjøre rede for hvordan de samtidig har bidratt til utviklingen av demokratiet
VG3 påbygging
Historie
  • gjøre rede for tanker og ideologier som har ligget til grunn for politiske omveltninger fra opplysningstiden til i dag og vurdere betydningen av disse for utviklingen av det moderne demokratiet

Ny fridom

I april og mai 1814 vart eit viktig dokument skrive på Eidsvoll. Det var Noregs grunnlov. 17. mai var dei ferdige. Alle som var til stades, skreiv namnet sitt på lova. Det var byrjinga på demokratiet vårt. Folket skulle bestemme. Slik vi har det i dag. Men kva var det som gjorde at dei skreiv grunnlova akkurat då?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grunnloven blir utformet 1814

I union med Danmark

 

Noreg hadde vore i union med Danmark i over 400 år. Danmark bestemte nesten alt i begge land. Men alt var ikkje berre dårleg. Noreg tente pengar på trelast og handel. Likevel gjekk det meste av pengane til dei rikaste i København.

Scene fra Christian VIIs hoff av Kristian Zahrtmann (1873)

Uro i Europa

I Europa og Amerika på 1700-talet var det stor uro. Fleire kravde at makta skulle vere hos dei som vart valde til å bestemme. Ikkje berre fordi ein var konge eller rik. Dei folkevalde skulle styre saman med kongen og domstolane. Det skulle vere likskap og rettferd for alle. Lova skulle gjelde uansett kven du var. Mange i Noreg ønskte at det vart slik her òg.

Den franske revolusjonen

Noreg var ei påskjønning

I Europa var det krig mellom Napoleon av Frankrike og mange andre land. Danmark-Noreg var på Napoleons lag. I 1813 tapte Napoleon krigen. Sverige var eit av landa som vann. Dermed måtte Danmark gi Noreg til Sverige som «påskjønning». Denne avtalen kallar vi Kielfreden, fordi fredsavtalen vart underteikna i Kiel i Tyskland. Kva kom til å skje med Noreg no?

Napolen ved Borodion

Fridom og sjølvstende!

Fleire mektige nordmenn, med dansk-norske Christian Frederik i spissen, starta eit opprør. Dei ville ikkje at Noreg skulle bli gitt bort til Sverige. Alle viktige menn i landet møttest på Eidsvoll for å diskutere. Her vart dei samde om at folkevalde menn frå heile landet skulle skrive Noregs grunnlov.

Wilhelm_Marstrand
Papir bakgrunn

Prinsen ville bli vald

Christian Frederik var prins, og han ville gjerne bli konge av Noreg. Men han ville ikkje bruke makt for å bli konge. Han ville la seg velje. I dei første månadene av 1814 var mange opptekne av Noregs fridom. No gjaldt det å gjere kloke val.

Eidsvollsbygningen fotografert ca. 1890

Usemje

I april møttest 112 utvalde menn på Eidsvoll. Møta varte i seks veker. Det var Noregs framtid det handla om. Dei delte seg i to grupper. Ei gruppe som meinte at Noreg måtte få full fridom. Den andre gruppa meinte at Noreg burde gå inn i union med Sverige. Dei stemte over saka. Ideen om eit fritt og sjølvstendig Noreg vann flest stemmer.

Postkort til grunnlovsjubileet
Papir bakgrunn

Semje og samarbeid

Arbeidet med å skrive ei grunnlov gjekk ganske raskt. Dei vart samde om at Noreg skulle vera eit fritt og sjølvstendig rike. Makta skulle delast mellom kongen, ei folkevald nasjonalforsamling og domstolane. Lova skulle vere lik for alle.

Grunnlova var klar til å signerast den 17. mai. No skulle dei òg velje ein konge til eit fritt Noreg. Christian Frederik vart samrøystes vald til Noregs konge. Det var ingen andre å stemme på. Så drog dei tilbake til heimstadene sine. Dei hadde underteikna eit papir som var starten på demokratiet vårt. Men kor stor verdi hadde eigentleg Grunnlova?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grunnloven 1814 beseglet

I krig med Sverige

Svenskekongen Karl Johan ville tvinge gjennom ein norsk-svensk union. Det gjekk så langt at svenskane gjekk til angrep på Noreg. Den svenske hæren var mykje større og betre utstyrt enn den norske. Landa inngjekk heldigvis våpenkvile, og vart samde om følgjande: Noreg kunne behalde Grunnlova sjølv om dei gjekk i union med Sverige.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Slaget ved Langnes skanse i 1814.

Sjølvstende – men også i union med Sverige?

Krigen mellom Noreg og Sverige sommaren 1814 enda med ein fredsavtale. Avtalen kravde at Christian Frederik måtte gå av som konge. Samtidig måtte svenskekongen godta den nye Grunnlova. Sjølv om Noreg måtte gå i union med Sverige, var det ein siger. Noreg var no ein sjølvstendig stat med full råderett over seg sjølv. Rett nok tilpassa ein svensk union.

Unionsflagg fra 1844
Papir bakgrunn

Ei levande grunnlov

Grunnlova vår frå 1814 er blant dei eldste i verda. Ho er berre slått av den amerikanske grunnlova. Meininga med grunnlova var å sikre tryggleik og fridom for alle. Likevel gjaldt ho berre kristne menn over 25 år med eiga inntekt eller eigen eigedom. Sidan har Grunnlova vorte endra mange gongar for at ho skal gjelde for alle. Derfor kan vi stolte og takksame feire 17. mai. Då fekk vi vår eiga grunnlov, og Noreg vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
17. mai 1915 i Kristiania.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Oscar Arnold Wergeland (Stortingsarkivet) / Eidsvoll 1814 – YouTube
    2. Kristian Zahrtmann
    3. Eugène Delacroix
    4. Vasily Vereshchagin
    5. Wilhelm Marstrand
    6. Oslo Museum (CC BY-SA 4.0)
    7. Nasjonalbiblioteket (CC BY 2.0)
    8. Vidar M. Husby / Stortinget / Stortingsarkivet (CC BY-ND 2.0)
    9. Andreas Bloch / profnick YouTube
    10. Getty Images
    11. Nasjonalbiblioteket / NRK – YouTube