Mat er det sosiale limet

Ein felles frukost i helga gjev gjerne ein god start på dagen, og tenk på kor triveleg det er å ha nokon å ete lunsj saman med på skulen. Mange familiar synest det er viktig å ete middag saman, for då deler dei små og store opplevingar gjennom dagen. Det fellesskapet vi opplever då, kan vere viktigare enn sjølve maten.

En familie som spiser lunsj sammen rundt et middagsbord
En familie som spiser lunsj sammen rundt et middagsbord

Måltidet si rolle i fest og høgtid

Ved høgtider som jul og påske samlar vi gjerne familie og venner til tradisjonsrike måltid, og ved bursdagar og liknande lagar vi alltid noko ekstra godt til ære for gjestane. I slike samanhengar et vi ofte meir enn vanleg fordi vi har det hyggeleg og maten er god. Vi har kanskje førebudd måltidet i vekesvis på førehand. Det viser kor sentralt måltidet er for å skape sosiale band og fellesskap.

Kake serves til barnebursdag
Kake serves til barnebursdag

Bordskikk

Enkelte får kanskje ein klump i magen når dei høyrer orda «bordskikk» og «bordmanerar», fordi dei hugsar ein gong då dei var små og vart irettesette ved middagen. Dei vart kanskje bedne om å vente med å ete eller å ta ned olbogane frå bordkanten. Bordskikk kan verke strengt og urimeleg der og då, men det er ein grunn til at vi har «køyrereglar» ved måltidet. Dette er skikkar og vanar som vaksne gjev vidare til barna, slik at dei skal bli sjølvstendige og trygge i sosiale situasjonar. Skikkane er også til for å sikre hygiene rundt måltidet.

Bordskikk handlar ofte om det vi ikkje skal gjere, og oppfatninga av kva som er god bordskikk, kan variere frå familie til familie. Nokre synest slurping er ufint, mens andre aldri ville ha slikka seg på fingrane under eit måltid. Det handlar for dei aller fleste om å vere merksam og vennleg overfor dei vi deler måltidet med. I Noreg er det for eksempel god skikk å takke for maten.

Kva er god bordskikk heime hos deg? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt som spiser spagetti rett fra kjelen
Gutt som spiser spagetti rett fra kjelen

Ulike skikkar i ulike land 

Måltidet er blant dagens høgdepunkt for alle menneske, og hyggja og kosen ved å samlast rundt eit felles måltid er den same overalt. Men kva som er vanleg skikk og bruk rundt måltidet i ulike land og kulturar, er svært forskjellig. 

En kinesisk familie spiser kinesisk mat kledd i tradisjonell folkedrakt
En kinesisk familie spiser kinesisk mat kledd i tradisjonell folkedrakt

Frankrike 

I Frankrike er det omtrent som i Noreg, men tannpirkarar finst aldri på bordet. Her er det uhøfleg å bruke tannpirkar mens ein sit ved bordet. Det er også svært uhøfleg å snakke med mat i munnen eller å ha olbogane på bordet. Etter å ha ete skal ein tørke seg pent på servietten før ein drikk av glaset. I Frankrike er det også vanleg å ha sin eigen tøyserviett som ein bruker gjennom heile veka.  

Perspektiv bilde av en glad familie spise frokost
Perspektiv bilde av en glad familie spise frokost

India 

I India er det ikkje vanleg å bruke kniv og gaffel. Det er vanleg å ete med handa, og då alltid den høgre handa. Det er hygienske grunnar til dette, for det er ikkje alltid mogleg å vaske hendene før ein skal ete. Den venstre handa blir tradisjonelt brukt under dobesøk. Denne regelen er heldigvis omvendt for venstrehendte.

I gamle dagar sat folk på teppe eller pute med beina i kors og åt. Ifølgje indisk tradisjonell medisin vil dette føre til at ein et mindre og får betre fordøying enn når ein sit og et på ein stol. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av indisk dame nyte et måltid på gulvet
Bilde av indisk dame nyte et måltid på gulvet

USA 

I USA er det vanleg å først skjere opp all maten på tallerkenen sin, og så ete med gaffelen. Amerikanarar et ofte på farten, og det vert ete mange mellommåltid og mykje snacks. Det kan verke som om det å samlast rundt faste måltid er i ferd med å bli mindre vanleg for mange amerikanarar. 

Eit spesielt amerikansk fenomen er «TV dinner», eit ferdiglaga frose måltid til éin person, eit måltid som opprinnelig var meint å etast framfor TV-en. 

Særleg i sørstatane er det lange tradisjonar for å fyre opp grillen og ha «barbecue». Då møtest familie, venner og naboar og et masse kjøtmat med godt tilbehøyr. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En liten familie som står å griller middag ute i solen
En liten familie som står å griller middag ute i solen

Samisk matkultur 

Samane sine skikkar rundt måltidet er tett knytte til naturen og tilgangen til råvarene til ulike årstider. Den tradisjonelle samiske matlaginga krev tid, sjølv om rettane er enkle. Ofte treng ein ikkje eingong kniv og gaffel. For samane er det viktig å vise respekt for det naturen gjev, ved å bruke heile dyret som er slakta. Desse mattradisjoneae er samane opptekne av å bevare, nettopp fordi tradisjonane knyter dei saman til eitt folk. Det viser kor sterkt mat heng saman med kultur. 

Kjele på et bål
Kjele på et bål

Måltidets plass i religionane 

Vi veit at skikkar og vanar rundt måltidet både bind oss saman sosialt og skil oss frå andre kulturar. Dette ser vi ekstra tydeleg i verdsreligionane.  

Dei kristne høgtidene er forbundne med festmåltid. Jesu siste måltid der han delte brød og vin med disiplane sine, har tung symbolisme, som vi finn igjen i nattverden i kyrkja. I mange kristne heimar les ein også bordbøn.  

I islam er måltidet sentralt når fastemånaden vert avslutta med id/eid. Da samlar folk seg rundt eit festbord fullt av mat. Ein del av identiteten til muslimane er også at dei ikkje et svinekjøt. 

Jødiske familiar innleier sabbaten kvar fredag med eit ritual i heimen der brød og vin er viktige ingrediensar. Dette måltidsfellesskapet er heilagt for ein jødisk familie. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En islamsk familie spiser et smakfullt måltid sammen
En islamsk familie spiser et smakfullt måltid sammen

Mat på tur 

Vi nordmenn liker å gå på tur saman, og då er nistepakka eit svært viktig høgdepunkt. Å setje seg ned til ein velfortent pause og nyte brødskiva med sveitt gulost og slapp paprika, er ganske typisk norsk og kanskje merkeleg viss ein ikkje er van med dette frå før.

I andre kultursar går dei heller på kafé og tek ein kopp kaffi og skravlar litt. Kaffikoppen og matpakka har likevel same funksjonen – folk møtest over noko felles, deler ei oppleving og knyter sosiale band. For å overleve er dette fellesskapet like viktig som mat.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En familie på skogstur deler kakaoen fra termosen i tur koppene sine
En familie på skogstur deler kakaoen fra termosen i tur koppene sine

Kilder:

Bilde- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images