Mat er det sosiale limet
Ein felles frukost i helga gir gjerne ein god start på dagen. Og tenk på kor trivelig det er å ha nokon å ete lunsj saman med på skulen! Mange familiar synest det er viktig å ete middag saman, for då snakkar ein om det ein har opplevd gjennom dagen. Det fellesskapet vi opplever då, kan vere viktigare enn sjølve maten.
En familie som spiser lunsj sammen rundt et middagsbord
Måltidets rolle i fest og høgtid
Til jul og påske samlar vi gjerne familie og venner og et tradisjonell mat. Til bursdagar og liknande lagar vi alltid noko ekstra godt. Då et vi ofte meir enn vanleg fordi vi har det hyggeleg og fordi maten er god. Vi har kanskje førebudd maten i vekesvis. Det viser kor viktig mat er for å skape fellesskap.
Kake serves til barnebursdag
Gutt som spiser spagetti rett fra kjelen
Ulike skikkar i ulike land
Mat er viktig for alle menneske, og hyggja og kosen ved å samlast rundt eit felles måltid, er viktig overalt. Men kva som er vanleg skikk og bruk rundt mat i ulike land, er veldig forskjellig.
En kinesisk familie spiser kinesisk mat kledd i tradisjonell folkedrakt
Frankrike
I Frankrike har dei mange av dei same bordskikkane som vi har i Noreg, men tannpirkarar finst aldri på bordet. Her er det nemlig uhøfleg å bruke tannpirkar mens ein sit ved bordet. Det er også veldig uhøfleg å snakke med mat i munnen eller å ha albogane på bordet. Etter å ha ete skal ein tørke seg pent på servietten før ein drikk av glaset. I Frankrike er det også vanleg å ha sin eigen tøyserviett som ein bruker gjennom heile veka.
Perspektiv bilde av en glad familie spise frokost
Bilde av indisk dame nyte et måltid på gulvet
En liten familie som står å griller middag ute i solen
Samisk matkultur
Samane sine mattradisjonar er tett knytte til naturen og tilgangen til råvarene gjennom året. Den tradisjonelle samiske matlaginga er tidkrevjande, sjølv om rettane er enkle. Ofte treng ein ikkje eingong kniv og gaffel. For samane er det viktig å vise respekt for det naturen gir. Derfor bruker dei heile dyret som er slakta. Samane er opptekne av å bevare desse mattradisjonane, nettopp fordi tradisjonane knyter dei saman som eitt folk. Det viser kor sterkt mat heng saman med kultur.
Kjele på et bål
En islamsk familie spiser et smakfullt måltid sammen
En familie på skogstur deler kakaoen fra termosen i tur koppene sine
Kjelder:
- Dagens Næringsliv (01.09.2021): – Det finnes ikke lenger frokost, middag og kvelds i USA https://www.dn.no/smak/matkultur/usa/amerikansk-mat/matindustri/-det-finnes-ikke-lenger-frokost-middag-og-kvelds-i-usa/1-1-5705753
- Kumru, Niru: indisk mat i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 30. august 2021 frå https://snl.no/indisk_mat
- NDLA (30.08.2021): Mer enn mat
https://ndla.no/nb/subject:1:2cbe8089-7d7b-407f-8f04-fbfdc116abc1/topic:2:183742/topic:2:184719/resource:1:3827
- Norsk barneblad (31.08.2021): Kva er god bordskikk?
https://www.barneblad.no/artiklar/artiklar/kva-er-god-bordskikk
- VG (01.09.2021): Slik spiser du i andre land
https://www.vg.no/forbruker/reise/i/zLlGoK/slik-spiser-du-i-andre-land
- Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO (01.09.2021): Smaken av Sápmi – Samiske mattradisjoner som immateriell kulturarv
https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/70263/levering-master-ellen-krageberg-.pdf?sequence=1&isAllowed=y
- Wikipedia (01.09.2021): Sabbat
https://no.wikipedia.org/wiki/Sabbat_(jødisk)
- Wikipedia (01.09.2021): Ramadan
https://no.wikipedia.org/wiki/Ramadan
Bilde- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-