Samar i moderne tid

6. februar er den samiske nasjonaldagen. Då feirar vi ein gammal og stolt kultur som er ein viktig del av det norske fellesskapet. Bli meir kjent med samane i dag.

Accessibility icon Samar i moderne tid

Frå skam til stoltheit 

Fornorskinga frå tidleg på 1700-talet til byrjinga av 1900-talet førte til at samane mista den opphavlege kulturelle identiteten sin. Både språk og religion vart meir eller mindre borte.

Fornorskingsprosessen førte med seg mykje skam for samane. Mange hadde ei oppleving av at det ikkje var bra nok å vera same, og prøvde å skjula den opphavlege identiteten sin.

I dag er det stadig fleire samar som stolt viser fram identiteten sin, som markering av eigen nasjonaldag 6. februar og bruk av kufta på 17. mai. Ei rekke samiske artistar syng, joikar og rappar på eige morsmål.

Eit moderne samfunn 

I dag fungerer det samiske samfunnet på same måte som andre moderne samfunn. Nomadelivet er erstatta med fast bustad. Langt færre enn tidlegare lever av reindrift. Det bur samar over heile landet, men mest konsentrert busetjing finst nord for Saltfjellet. I dei tradisjonelle samiske områda i Nord-Troms og Finnmark bur det både samar og ikkje-samar. Det er uklart kor mange som er samar i dag. Dette fordi det ikkje finst noka offisiell registrering.

Sametinget
Sametinget

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!