Frå skam til stoltheit 

Fornorskinga frå tidleg på 1700-talet til byrjinga av 1900-talet førte til at samane mista den opphavlege kulturelle identiteten sin. Både språk og religion vart meir eller mindre borte.

Fornorskingsprosessen førte med seg mykje skam for samane. Mange hadde ei oppleving av at det ikkje var bra nok å vera same, og prøvde å skjula den opphavlege identiteten sin.

I dag er det stadig fleire samar som stolt viser fram identiteten sin, som markering av eigen nasjonaldag 6. februar og bruk av kufta på 17. mai. Ei rekke samiske artistar syng, joikar og rappar på eige morsmål.

Eit moderne samfunn 

I dag fungerer det samiske samfunnet på same måte som andre moderne samfunn. Nomadelivet er erstatta med fast bustad. Langt færre enn tidlegare lever av reindrift. Det bur samar over heile landet, men mest konsentrert busetjing finst nord for Saltfjellet. I dei tradisjonelle samiske områda i Nord-Troms og Finnmark bur det både samar og ikkje-samar. Det er uklart kor mange som er samar i dag. Dette fordi det ikkje finst noka offisiell registrering.

Sametinget

Det samiske flagget 

Samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland har eit felles flagg. Dette vart offisielt godkjent ved den nordiske samekonferansen i Åre i Sverige i 1986. Fargane i flagget er raudt, gult, grønt og blått. Fargane kjem frå den samiske drakta, samekufta. Sirkelen i midten symboliserer sola og månen. Måneringen er blå, solringen raud.

Samekufta 

Samekufta er eit viktig uttrykk for identitet og kultur. Ho blir brukt på tvers av landegrensene. Form, farge og mønster varierer frå eitt distrikt til eit anna. Ein ber belte saman med kufta. Opphavleg vart kufta laga i skinn, men i nyare tid blir det brukt ull. Ein kan òg sy kufta i bomull eller silke. Mannsdrakta er kortare enn kvinnedrakta. Det er òg ulike luer for menn og kvinner. Både kufter og luer blir dekorerte med band, blonder, broderi av tinntråd og skinn. Dekoren viser kvar ein kjem frå, kva familie ein høyrer til, og om ein er gift eller ugift.

Samefolkets dag 

6. februar er samefolkets dag. Dagen er felles for alle samar. Datoen for dagen vart bestemt ved Samekonferansen i Finland i 1992. Det er for å minna om det første samiske landsmøtet, som vart halde i Trondheim i 1917, nettopp den 6. februar. Det var første gong samar var samla for å arbeida med felles interesser på tvers av landegrensene. 6. februar er ein flaggdag.

Samisk språk 

I Noreg finst tre ulike samiske språkdialektar – nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Dialektane har forskjellar i grammatikk og ordforråd. Mange stader i Nord-Noreg har skilt med både norske og samiske stadnamn.

Samisk i skulen 

FN seier dette om urfolksspråk: «Urfolk har rett til å gjenoppliva, bruka og utvikla historia si, språket sitt (…)». I Læreplanverkets overordna del står det: «Samiske barn har rett til opplæring i samisk uansett kvar dei bur i landet».

I samiske distrikt har elevane rett til å få opplæring i og på samisk. Utanfor dei samiske distrikta har skuleeigar ansvar for at elevar som har rett til opplæring i samisk, får tilbod om det.

I Kautokeino finst Samisk høgskule, der ein mellom anna kan studera samisk og historia, språket og kulturen til urfolk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Sametinget 

Sametinget vart opna i 1989. Det er eit folkevalt organ, og jobbar med alle saker som gjeld den samiske befolkninga. Det er val kvart 4. år, samtidig med stortingsvalet. For å kunna stemma, må ein erklæra at ein oppfattar seg som samisk.

Sametinget ligg i Karasjok, og det har eit eige ungdomspolitisk utval som skal styrka ungdommen sin innverknad på Sametingets politikk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Samisk ungdom fører kulturen videre 

Fleire og fleire samiske ungdommar er stolte av bakgrunnen sin og ønsker å visa identiteten sin. Ei av dei er Ella Marie Hætta Isaksen, som vann Stjernekamp i 2018. Ein annan er Fred Buljo frå gruppa Keiino, som deltok i Melodi Grand Prix i 2019. Stor merksemd var det òg då Disney-filmen «Frost 2» kom på samisk. «Dette gjer samisk kultur meir synleg», seier forskaren Kajsa Kemi Gjerpe, som jobbar ved Universitetet i Tromsø.

Kjelder:

Bilete- og videorettar:

    1. Christina Gjertsen / Sametinget (CC BY 2.0) 
    2. Sametinget (CC BY 2.0
    3. Åse M.P. Pulk / Sametinget (CC BY 2.0)
    4. Sametinget (CC BY 2.0)
    5. Sametinget (CC BY 2.0)
    6. Getty Images
    7. Getty Images / NRK Skole
    8. Jan Helmer Olsen / Sametinget / NRK Skole (CC BY 2.0)
    9. Tore Sætre (CC BY-SA 4.0)