Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Naturfag

Core Kjerneelementer

  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Teknologi
  • Energi og materie
  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Demokratiforståing og deltaking

Cogs Tverrfaglig tema

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Bærekraftig utvikling

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Naturfag
  • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet
7. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
7. trinn
Samfunnsfag
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
7. trinn
Samfunnsfag
  • presentere ei aktuell nyheitssak og reflektere over forskjellar mellom fakta, meiningar og kommersiell bodskap i mediebiletet
10. trinn
Naturfag
  • gi eksempler på dagsaktuell forskning og drøfte hvordan ny kunnskap genereres gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterende kunnskap
10. trinn
Naturfag
  • drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt

Frå  hav til veg

Då dei første menneska busette seg i Noreg, var havet den viktigaste vegen. Norskekysten er meir enn 2000 kilometer lang. Her har det reist menneske i over 12 000 år. Havet frakta menneske, dyr og handelsvarer.

Med tida forstod kongane at dei kunne lage vegar på land. Vegane vart først berre brukte til hestar og folk. På 1600-talet vart vegane også brukte til hest og vogn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vei og fjord

Frå hav til jernbane

Fram til 1800-talet gjekk det meste av transport føre seg på sjøen. I 1854 kom den første jernbanen til Noreg, og ein del av transporten blei flytta over på land.

📷  Kylling bru på Raumabanen.

I Noreg er det vanskeleg å byggje jernbane. Topografien (terrenget) i Noreg er utfordrande på grunn av høge fjell og djupe dalar.

Har du teke toget frå Oslo til Bergen (Bergensbanen), eller frå Dombås til Åndalsnes (Raumabanen), har du kanskje blitt imponert av både arkitektur og utsikt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kylling bru på Raumabanen

Frå jernbane til bil og fly

Utover på 1900-talet kjøpte fleire og fleire bil i Noreg. Det gjorde at vegane måtte bli betre. I eit land som Noreg er det å byggje veg veldig kostbart. Ein meter veg kan koste mellom 60 000 og 220 000 kroner.

Det er mykje trafikk i Noreg, og det er sett av mykje pengar til vegbygging. Mange høge fjell, fleire tusen øyar, djupe fjordar og masse skog gjer vegbygging krevjande.

Skal du bruke minst mogleg reisetid, er fly eit godt alternativ. Vi har nesten 50 flyplassar i Noreg. Nokre av dei ligg ganske vêrhardt til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Er det dyrare å byggje vegar i  Noreg enn i Sverige og Danmark?

I 2017 påstod Statens vegvesen at vegbygging i Noreg kosta omtrent det same som i Sverige og Danmark. Det var ikkje forskarar og politikarar heilt einige i. Dei meinte at vegar i Noreg var 50 prosent dyrare enn i nabolanda våre.

📷  Trollstigen i Møre og Romsdal

Statens vegvesen utvikla dermed ein metode for å samanlikne prisen på bygging av nye vegar. Arbeidet er gjort i samarbeid med vegdirektorata i Sverige og Danmark.

Prisen for å byggje motorveg er omtrent den same i Noreg som i Sverige og Danmark, meiner Statens vegvesen.

Det einaste Statens vegvesen fann ut var dyrare i Noreg, var lønningane.

Enkelte vegprosjekt i Noreg kan bli mykje dyrare enn i nabolanda. Andre prosjekt kan bli dyrare i Danmark. Det same kan skje i Sverige.

Korleis prisane vil bli i framtida, veit vi ikkje.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Trollstigen

Naturlege utfordringar

Noreg er eit land med variert natur. Vi har små øyar, djupe dalar, mørke skogar, høge fjell og mystiske myrer.

I eit slikt land er det utfordrande å byggje bilvegar, gang- og sykkelstiar og jernbane.

Mange har valt å sykle eller å gå, framfor å bruke bil. Trikk, T-bane og moped er også ganske populært. Bruken av elsparkesyklar og elsyklar auka kraftig. Til tider skapte det mange trafikkfarlege situasjonar. I juni 2022 blei elsparkesyklar rekna som eit kjøyretøy på linje med bilar og motorsyklar. Alle som eig ein elsparkesykkel må difor ha personforsikring innan 1. januar 2023.

Mange vel noko anna enn bil. De syklar eller går for å få betre helse. Andre tenkjer miljøvennleg, og andre igjen orkar ikkje å stå i kø til og frå jobb.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fjellvei i Norge

Kvifor gidd vi ikkje å bruke beina?

Ja, det er mange oppoverbakkar i Noreg. Men sannsynlegvis like mange nedoverbakkar. Topografien i Norge gjer at mange vel transportmiddel som gjer det enkelt å komme seg fram.

Mange ønskjer å kutte ut bilen, men orkar ikkje å gå eller sykle. Då har elsykkel eller elsparkesykkel blitt eit naturleg val i byar og tettstader.

Kva gjer dette med helsa vår? Kva gjer det med trafikkbildet? Er elsparkesykkel ei motegreie, eller er denne sykkelen komen for å bli?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparkesykkel

Kjelder:

  • Nordahl, Rasmus S.; Hoff, IngeVei
    Henta 2021 M10 25 frå Store norske leksikon på snl.no.
    https://snl.no/vei

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images