Samferdsel gjennom norske fjell og dalar

Det norske landskapet spenner frå djupe fjordar til høge fjell. Dette gjer at samferdsel er ei utfordring. Det er relativt kostbart å byggje vegar i Noreg, og vi må må førebu oss på mange oppoverbakkar. Kva gjer dette med ditt behov for å bevege deg rundt i byar og tettstader? Er Noreg godt nok tilrettelagt for straumdrivne framkomstmiddel som elsparkesyklar?

Accessibility icon Samferdsel gjennom norske fjell og dalar

Frå hav til veg

Då dei første menneska busette seg i Noreg, var havet den viktigste transportåra. Norskekysten er meir enn 2000 kilometer lang. Her har det reist menneske i over 12 000 år. Havet frakta menneske, dyr og handelsvarer. Til tider var det livsfarleg på grunn av ver, vind og skjer.

Med tida forstod hovdingar og kongar at landet også kunne brukast til transport. Under vikingtida vart det laga enkle vegar til bruk for hestar. I mellomalderen vart vegane utbetra, men det var ikkje før på 1600-talet at vi fekk skikkelege vegar for hest og kjerre eller vogn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vei og fjord
Vei og fjord

Frå hav til jernbane

Fram til 1800-tallet gjekk det meste av varetransporten føre seg på sjøen. Med Hurtigruta på slutten av århundret auka både persontrafikken og turismen. I 1854 kom den første jernbanen til Noreg, og ein del av sjøtransporten blei flytta over på land.

Noreg har mange jernbanestrekningar, og det har vore  eit svært utfordrande og farleg arbeid å byggje desse. Topografien (terrenget) i Noreg er svært utfordrande på grunn av høge fjell og djupe dalar.

Har du teke toget frå Oslo til Bergen (Bergensbanen), eller frå Dombås til Åndalsnes (Raumabanen), har du kanskje blitt imponert av både arkitektur og utsikt.

📷  Kylling bru på Raumabanen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kylling bru på Raumabanen
Kylling bru på Raumabanen

Frå jernbane til bil og fly

Utover på 1900-talet kjøpte fleire og fleire bil i Noreg. Persontrafikken auka svært mykje på norske vegar. Det gjorde at staten måtte utbetre vegnettet. I eit land som Noreg er det å byggje veg svært kostbart, men det trengst stadig nye og betre vegar.

Varetransporten og persontrafikken er stor i Noreg, og det krevst store investeringar for å få trygge og gode vegar. Mange høge fjell, fleire tusen øyar, djupe fjordar og masse skog gjer vegbygging dyrt og krevjande.

Ein meter veg kan koste mellom 60 000 og 220 000 kroner.

Skal du bruke minst mogleg reisetid, er fly eit godt alternativ. Lufta er fri for fjell, dalar og skog, men vêret kan spele ei avgjerande rolle. Vi har nesten 50 lufthamner i Noreg, og nokre av dei ligg ganske vêrhardt til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Er det dyrare å byggje vegar i  Noreg enn i Sverige og Danmark?

I 2017 påstod Statens vegvesen at vegbygging i Noreg kosta omlag  det same som i Sverige og Danmark. Dette var stikk i strid med det forskarar, politikarar og medium hadde fortalt. Fleire hadde rekna seg fram til at vegar i Noreg var minst 50 prosent dyrare enn i nabolanda våre.

Statens vegvesen utvikla dermed ein metode for å samanlikne prisen på bygging av nye motorvegar. Arbeidet er gjort i samarbeid med vegdirektorata i Sverige og Danmark.

I metoden justerer ein  prisen i høve til bruer, tunnelar, komplisert terreng og vanskelege grunnforhold som vi har meir av i Noreg.

Om ein legg desse og nokre andre faktorar inn i reknestykket – og samanliknar likt med likt –  så blir prisen for å byggje motorveg omlag den same i Noreg som i Sverige og Danmark.

Det einaste Statens vegvesen fann ut var reelt dyrare i Noreg, var lønningane.

Enkelte vegprosjekt i Noreg kan bli vesentleg dyrare enn i nabolanda våre på grunn av naturlege utfordringar. Andre prosjekt kan bli dyrare i Danmark enn i Noreg. Det same kan skje i Sverige.

Nye utrekningar og oppdatert forsking kan få fram nye tal i framtida.

📷  Trollstigen i Møre og Romsdal.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Trollstigen
Trollstigen

Naturlege utfordringer

Noreg er eit land med variert topografi. Naturen spenner frå små øyar til djupe dalar, frå mørke skogar til høge fjell, frå frodige åkrar til blå isbrear og frå sugande myrer til solid grunnfjell.

I eit slikt land er det utfordrande å byggje bilvegar, gang- og sykkelstiar og jernbane. Det vert lagt til rette for ulike val av transportmiddel.

Mange har valt å sykle eller å gå, framfor å bruke bil. Trikk, T-bane og moped er også ganske populært. Bruken av elsparkesyklar og elsyklar auka kraftig i byar og tettstader. Til tider skapte det så mange trafikkfarlege situasjonar at politikarane måtte setje grenser for kor mange  elsparkesyklar som kunne leigast ut i byane. I juni 2022 blei elsparkesykkel klassifisert som motorisert kjøyretøy. Noko som inneber at alle som eig ein elsparkesykkel må teikne personforsikring innan 1. januar 2023.

Val av andre transportmiddel enn bil handlar nok om fleire ting. Mange ser helsemessige fordelar ved å sykle eller å gå. Andre tenkjer miljøvennleg, og andre igjen orkar ikkje å stå i kø eller leite etter dyre parkeringsplassar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fjellvei i Norge
Fjellvei i Norge

Kvifor gidd vi ikkje å bruke beina?

Ja, det er mange oppoverbakkar i Noreg. Men sannsynlegvis like mange nedoverbakkar. Topografien i Noreg gjer at mange vel transportmiddel som gjer at vi slepp å anstrengje oss.

Mange ønskjer å kutte ut bilen, men orkar ikkje å gå eller sykle. Då blir elsykkel eller elsparkesykkel eit naturleg val, så sant ein har økonomi til det. Barn, ungdom og vaksne bruker straumdrivne transportmiddel i byar og tettstader.

Kva gjer dette med helsa vår? Kva gjer det med trafikkbildet? Er elsparkesykkel ei motegreie, eller er elsparkesykkelen komen for å bli?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparkesykkel
Sparkesykkel

Kjelder:

  • Nordahl, Rasmus S.; Hoff, IngeVei
    Henta 2021 M10 25 frå Store norske leksikon på snl.no.
    https://snl.no/vei

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images