«Det er jo ikkje så farleg, då»

I denne teksten skal vi undersøkje påstandar om kokain. Vi skal avkrefte nokre mytar, motseie falske nyheiter og heller sjå på fakta og røyndom. 

Sjølv om vi har god informasjon frå trygge kjelder om kokain og kokainbruk – og mange unge kjenner til denne informasjonen – blir det også spreidd løgner, halvsanningar og reint tøys og tull. La oss derfor skilje det eine frå det andre.

«Alle gjer det, jo»

Nei, alle har ikkje prøvd kokain. Men ein kan lett få inntrykk av at det er mykje vanlegare enn det faktisk er, ut frå medium, filmar og musikk.

Både i Noreg og i Europa blir det gjort undersøkingar blant skuleungdom og unge vaksne, der det mellom anna blir spurt om bruk av ulike rusmiddel. Blant norsk ungdom og unge vaksne er det berre eit fåtal som seier at dei har prøvd kokain. I 2022 fortalde 4,7 % av unge mellom 16 og 30 år at dei hadde prøvd eller brukt kokain éin gong eller meir det siste året. Det er fleire gutar enn jenter som har prøvd, og det er fleire i byar på Austlandet enn elles i Noreg som har prøvd (SERAF, 2023). Det er altså veldig få som har prøvd kokain.

Det ein har sett, er ein svak auke i talet på unge som har prøvd kokain. Dette gjeld spesielt blant dei eldste elevane i vidaregåande skule og unge vaksne (SERAF, 2023). Russetida kan vere ein risikofase for kokainbruk, i nokre miljø. Dersom ein veit at veldig få unge har prøvd kokain, er det kanskje lettare å seie nei dersom ein blir tilbode det?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

«Kokain er eit naturleg stoff»

Kokain blir vunne ut frå blada på den søramerikanske kokabusken (Erythroxylon coca), som inneheld mellom 0,1 og 1 prosent kokain. Desse blada har blitt kokte som te eller togne langt tilbake i tid, som ein del av religiøse seremoniar, i naturmedisin, for å yte meir eller gi ei kjensle av velvære. Dei gir ein svak rus.

Rundt 1880 blei kokain isolert som eit eige stoff. Kokablada blir behandla med kjemikal slik at kokainet vert skilt frå plantematerialet og kan skiljast ut i pulverform. I Noreg blir ulovleg produsert kokain hovudsakleg selt som pulver. Kokablada blir dynka i bensin eller andre løysemiddel. Deretter blir syre tilsett for å skilje bensinen frå blandinga. Den seige blandinga ein sit igjen med, blir filtrert og  tørka til pulver. Deretter blir pulveret  bleikt, slik at det ser kvitt ut. 

Gatekokain er sjeldan reint, men blanda ut med andre stoff. Både fyllstoff og andre rusmiddel kan blandast inn i kokainen.

Den ulovlege kokainen som blir seld i Noreg, er med andre ord noko heilt anna enn kokablada som veks i mellom anna Colombia, Bolivia og Peru.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kokaplanter
Kokaplanter

«Kokain er reint»

Når det vert snakk om reinleiksgrad av kokain, meiner ein kor stor del rein kokain det er i blandinga ein kjøper. Gatekokain i Noreg har ein reinleik som varierer mellom 8 % og 95 %, med eit gjennomsnitt på 50 %. Dette vil seie at ein ikkje veit kor mykje kokain og kor mykje anna ein får i seg.

Viss vi tenkjer på reint som det motsette av skitent, kan vi heller ikkje seie at kokain er reint. Sjå til dømes for deg stadene kokain blir laga på. Det har neppe vore helsestyresmakter på besøk og sørgt for at bygningar, utstyr og ingrediensar er reine og bakteriefrie. Det finst heller ikkje lover som krev at dei som lagar kokain ulovleg, skal vaske hendene etter dobesøk, for å setje det på spissen. 

Om vi legg til korleis kokain blir smugla inn i Europa og vidare til Noreg, forstår vi at «reint» ikkje er ei god skildring av kokain. Kokain blir mellom anna smugla gøymt mellom andre varer som blir frakta inn i Noreg, i skjulte holrom i bilar og trailerar, teipa fast til kroppen, eller ved at pakkar blir svelgde eller skjulte i holrom i kroppen. Kokain kryssar altså ikkje berre grenser, men kan i tillegg ha reist gjennom nokons fordøyingssystem før det blir selt i Noreg.

Dei færraste av oss ville kjøpt ein sjokolade med opna pakning som andre kanskje hadde teke på, utan innhaldsoversikt og utan krav om produksjonsforhold. Så kvifor sniffe noko så skitent som kokain?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

«Kokain er berre ei form for medisin»

Det stemmer at kokain blei nytta medisinsk på slutten av 1800-talet. Det var også ein ingrediens i Coca-Cola og andre drikkar som skulle verke oppkvikkande. Men dei negative konsekvensane av kokain blei raskt tydelege, og kokain blei derfor eit ulovleg rusmiddel tidleg på 1900-talet. Kokain viste seg å vere svært avhengnadsskapande, og ein såg tidleg ein samanheng mellom kokainrus og forvirring, valdskriminalitet og død på grunn av forgifting. 

Framleis blir kokain brukt ein sjeldan gong som lokalbedøvande middel ved nase- og biholeoperasjonar ved sjukehus i Noreg. Utanom dette, har kokain ingen medisinske bruksområde. 

Den ulovlege kokainen som blir seld, har ingen medisinske bruksområde.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva har vi lært så langt?

Kokain er verken vanleg, naturleg, helsebringande eller reint. Lat oss ta ei rask oppsummering av kvifor. Bruk teksten til å svare på spørsmåla.

Kor stor prosentdel av unge mellom 16 og 30 år prøvde eller brukte kokain éin gong eller meir i 2022?

Korleis blir kokablad behandla for å gjerast om til ulovleg kokain?

Kvifor vart kokain ulovleg kort tid etter at det vart introdusert som medisin? 

Kva vil det seie for den som bruker kokain at gatekokain i Noreg har ein renleik som varierer mellom 8 % og 95 %, med eit gjennomsnitt på 50 %?

Korleis blir kokain smugla over landegrenser og inn i Noreg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Om eg tek kokain, skader det ingen andre»

Kokain er eit ulovleg rusmiddel. Det er ikkje lov til å lage, transportere, selje, kjøpe eller bere med seg kokain. Det er kriminelle grupper som styrer den globale ulovlege kokainhandelen, frå produksjon, til transport og sal. I alle desse ledda har kokain veldig øydeleggjande konsekvensar for menneske.

Mykje av kokainen som blir seld i USA og Europa, blir produsert i Colombia, Bolivia eller Peru. I Colombia krigar ulike kriminelle grupperingar om kontroll over marknader og smuglarruter. Fattige kokabønder sel kokablad til gruppene og lever med vald og truslar frå dei. Sterk korrupsjon bidrar til den kriminelle verksemda og blir i tillegg forsterka av ho. Dei siste åra har FN og andre organisasjonar sett ein sterk auke i både produksjon og smugling av kokain. Grunnen er auka etterspurnad i Europa, samtidig som at meir kokain i Europa aukar bruken her.

Auken har opna fleire smuglarruter og opna for tettare samarbeid mellom kriminelle grupper i Latin-Amerika og Europa. Kokain blir smugla via Brasil og andre latinamerikanske land, vidare til Vest- og Nord-Afrika, og derfrå inn i Europa. Volden følgjer smuglarrutene. Nye kriminelle grupper dukkar opp, og konfliktane om kontroll over marknader og smuglarruter blir spreidde.

Ved å kjøpe kokain gir ein kriminelle meir pengar til å forbetre den ulovlege kokainverksemda si, eller byggje ut andre kriminelle verksemder som menneskesmugling, våpenhandel eller utpressing. I tillegg gir det gruppene grunn til å halde fram, for det kan vere mykje pengar å tene for bakmennene

Løpargutar og -jenter gjer fotarbeidet og set seg sjølve i fare i konfliktar om å kontrollere marknader og smuglarruter, medan bakmennene håvar inn pengar. I alle fall inntil uflaksen tek dei igjen. Narkoboss er ofte ein kortvarig «karriere».

Med kokain følgjer vald, truslar og konfliktar. Kjøper ein kokain, bidrar ein økonomisk til grupper som gjer seg skuldige i grove brot på menneskerettane. Ikkje akkurat noko å skryte av, med andre ord.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

«Det er ikke farleg å prøve kokain.»

Sjølv om det kan gå bra å prøve kokain ein gong, kan det dessverre også gå skikkeleg gale. Kokain er eit sentralstimulerande stoff. Det vil seie at det påverkar sentralnervesystemet, først og fremst hjernen.

Ein kan kjenne seg vaken, oppstemt og lykkeleg, og oppleve auka sjølvkjensle. Samtidig kan ein tru at ein kan «alt» og bli meir villig til å ta risiko. Ein blir dårlegare til å gjere vurderingar og handlar meir på impuls. Ein kan dermed ta fleire sjansar, noko som kan føre til ulykker.

Andre biverknader av å ta kokain er kvalme, krampar, angst, vrangførestillingar og hallusinasjonar. Somme blir aggressive, rastlause, engstelege eller forvirra. Etter at ein har teke kokain, kan ein bli lett nedstemd, men også alvorleg deprimert. 

Dei fysiske verknadene av kokainbruk kan vere livstruande. Ein får høg puls og høgt blodtrykk, og det er fare for hjarterytmeforstyrringar, hjarteinfarkt og hjernebløding. 

Ein akutt effekt av kokainrus, som har høg dødelegheit, er noko som blir kalla «agitert delir». Den som har teke kokain, blir då veldig utagerande, oppfører seg merkeleg, og klarer ikkje å kommunisere med andre eller forstå det som skjer rundt hen. Kroppstemperaturen aukar, noko som kan få personen til å kle av seg. Den auka kroppstemperaturen kan vere dødeleg, og personen må derfor raskt få legehjelp.

For gutar kan regelmessig kokainbruk føre til impotens. Dersom ein er gravid, kan fosteret verte skadd om ein tek kokain. 

Det finst dessverre inga motgift mot kokain.

Kokain kan skade den som bruker det både fysisk og psykisk. Kvifor ta sjansen?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

«Kokain og alkohol er ei fin-fin blanding»

Somme unge som prøver kokain, gjer dette etter å ha drukke alkohol. Å blande alkohol og kokain gir ein uføreseieleg rus. 

Det kan auke risikoen for forvirring og angst. Ein kan bli meir aggressiv, samtidig som at alkohol dempar impulskontrollen. Dette aukar faren for vald og ulykker.

I tillegg gjer kokain at ein kjenner mindre av alkoholpåverknaden, noko som gjer at ein kan drikke meir enn ein eigentleg toler. Då blir ein veldig rusa når effekten av kokain går tilbake. 

Å blande kokain og alkohol eller andre stoff aukar også risikoen for hjarteinfarkt, hjernebløding, mellombels hukommelsestap og psykiske problem. Med andre ord; alkohol og kokain er ei farleg blanding.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Ein blir ikkje avhengig av kokain om ein tek det innimellom»

Det er mange av dei som prøver kokain, som trur risikoen for å bli avhengig av det er låg. Kokain er eit av dei rusmidla som skaper mest avhengnad. Det vil ikkje seie at ein blir avhengig etter éin gong, men mange vil oppleve eit sterkt sug etter stoffet. Nokre får dette suget raskare enn andre og vil ønskje å prøve igjen.

Prøver ein kokain fleire gonger, aukar sjansane for at ein utviklar ein høgare toleranse. Då treng ein større dosar og/eller må ta kokain oftare for å få same rusen. Dette går ganske fort og aukar risikoen for negative følgjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva har vi lært så langt?

Kokain er øydeleggjande for mange menneske, heilt frå innhausting av kokablad, til produksjon, smugling, sal og bruk. La oss ta ei rask oppsummering av kvifor. Bruk teksten til å svare på spørsmåla.

Produksjon, smugling og sal av kokain er nært knytt til vald. Forklar korleis og kvifor. 

Kva for nokre psykiske skadar kan kokain gi?

Kva for nokre fysiske skadar kan kokain gi?

Kvifor er det farleg å blande kokain og alkohol?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Oppsummering

For å samanfatte, så er kokain eit rusmiddel du blir sterkt avhengig av og eit sentralstimulerande rusmiddel med ei rekkje øydeleggjande og skadelege følgjer.

Det blir laga, smugla, selt,  kjøpt og oppbevart ulovleg, og i alle ledd fram til brukaren er det knytt til vald og kriminelle grupperingar. Gatekokain er verken reint eller naturleg, og ein veit ikkje heilt kva ein får i seg fordi blandingane varierer.

Treng du eigentleg fleire argument for å seie «Elles takk»?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Dietrichs, Erik S.; Mørland, Jørg; Bretteville-Jensen, Anne L; Bachs, Liliana: Kokain i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 28. november 2023 fra https://sml.snl.no/kokain
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay
    9. Midjournay
    10. Midjournay