«Det er jo ikkje så farleg, då»

I denne teksten skal vi undersøkje påstandar om kokain. Det finst trygg og god informasjon om kokain og kokainbruk, men det blir også spreidd løgner og halvsanningar. Lat oss skilje det eine frå det andre.

«Alle gjer det, jo»

Nei, alle har ikkje prøvd kokain. I Noreg viser undersøkingar at berre eit fåtal har prøvd kokain. I 2022 fortalde 4,7 % av unge mellom 16 og 30 år at dei hadde prøvd eller brukt kokain éin gong eller meir det siste året (SERAF, 2023).

Det er fleire gutar enn jenter som har prøvd, og det er fleire i byar på Austlandet enn elles i Noreg som har prøvd (SERAF, 2023).

Det har vore ein svak auke i talet på unge som har prøvd kokain, spesielt blant dei eldste elevane i vidaregåande skule og unge vaksne (SERAF, 2023). 

Det er kanskje lettare å seie nei til kokain når ein veit at veldig få unge har prøvd det?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Kokain er eit naturleg stoff»

Kokain kjem frå den søramerikanske kokabusken. Blada har blitt kokte som te eller togne langt tilbake i tid. Dei gir ein svak rus.

Rundt 1880 blei kokain skilt ut som eit eige stoff. Med hjelp av kjemikal vert reint kokain skilt ut i pulverform. Kokablad blir dynka i bensin eller andre løysemiddel, før syre blir tilsett. Dette blir ei seig blanding som blir tørka til pulver. Deretter blir pulveret bleikt, slik at det ser kvitt ut.

Gatekokain er sjeldan reint, men blanda ut med andre stoff. Den ulovlege kokainen som blir seld i Noreg, er med andre ord noko heilt anna enn kokablada som veks i Colombia, Bolivia og Peru.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kokaplanter
Kokaplanter

«Kokain er reint»

Gatekokain blir blanda med andre stoff. Det kan vere mellom 8 % og 98 % rein kokain i blandinga ein kjøper (med eit gjennomsnitt på 50 %). Ein veit altså ikkje kor mykje kokain og kor mykje anna ein får i seg.

Viss vi tenkjer på reint som det motsette av skitent, kan vi heller ikkje seie at kokain er reint. Kokain blir laga på stader ingen passar på at det er reint og bakteriefritt.

Om vi legg til korleis kokain blir smugla inn i Noreg, forstår vi at «reint» ikkje er ei god skildring av kokain. Kokain blir mellom anna gøymt i varer, det blir lagt i hemmelege rom i bilar og trailerar, det blir teipa til kroppen, eller blir skjult i holrom i kroppen – til dømes endetarmen.

Ingen vil kjøpe ein sjokolade med opna pakning som andre kanskje har teke på, utan oversikt over innhaldet og utan krav om hygienisk produksjon. Så kvifor sniffe noko så skitent som kokain?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

«Kokain er berre ei form for medisin»

Det stemmer at kokain blei nytta medisinsk på slutten av 1800-talet. Men dei negative konsekvensane av kokain vart raskt tydelege, og kokain blei derfor eit ulovleg rusmiddel tidleg på 1900-talet. 

Mange blei avhengige, og kokainrus blei knytta til forvirring, meir vald og død på grunn av forgifting.

Kva har vi lært så langt?

Kokain er verken vanleg, naturleg, helsebringande eller reint. Lat oss ta ei rask oppsummering av kvifor. Bruk teksten til å svare på spørsmåla.

Kor stor prosentdel av unge mellom 16 og 30 år prøvde eller brukte kokain éin gong eller meir i 2022?

Korleis blir kokablad behandla for å gjerast om til ulovleg kokain?

Kvifor vart kokain ulovleg kort tid etter at det vart introdusert som medisin? 

Kva vil det seie for den som bruker kokain at gatekokain i Noreg har ein reinleik som varierer mellom 8 % og 95 %, med eit gjennomsnitt på 50 %?

Korleis blir kokain smugla over landegrenser og inn i Noreg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Om eg tek kokain, skader det ingen andre»

Kokain er eit ulovleg rusmiddel. Det er ikkje lov til å lage, transportere, selje, kjøpe eller bere med seg kokain. Dei som gjer dette, er kriminelle grupper. Desse gruppene øydelegg mykje for menneske.

Mykje av kokainen som blir seld i USA og Europa, blir produsert i Colombia, Bolivia eller Peru. I Colombia krigar ulike kriminelle grupperingar om kontroll over marknader og smuglarruter. Fattige bønder sel kokablad til gruppene og lever med vald og truslar frå dei. FN har sett ein sterk auke i både produksjon og smugling av kokain dei siste åra. I Europa er det fleire som kjøper kokain.

Auken har opna fleire smuglarruter og ført til tettare samarbeid mellom kriminelle grupper i Latin-Amerika og Europa. Volden følgjer smuglarrutene. Nye kriminelle grupper dukkar opp, og konfliktane om kontroll over marknader og smuglarruter blir spreidde.

Gruppene som lagar, smuglar og sel kokain, driv også med annan kriminalitet, som menneskesmugling, våpenhandel og utpressing. Når ein kjøper kokain, gir ein pengar til dette.

Bakmennene tener godt, medan løpargutar og -jenter set seg sjølve i fare i konfliktar om å kontrollere marknader og smuglarruter.

Med kokain følgjer vald, truslar og konfliktar. Kjøper ein kokain, bidreg ein økonomisk til grupper som gjer seg skuldige i grove brot på menneskerettane. Ikkje akkurat noko å skryte av, med andre ord.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

«Det er ikke farleg å prøve kokain.»

Sjølv om det kan gå bra å prøve kokain ein gong, kan det dessverre også gå skikkeleg gale. Kokain påverkar hjernen. Ein kan kjenne seg vaken, lykkeleg, og oppleve auka sjølvkjensle. Samtidig kan ein tru at ein kan «alt» og bli meir villig til å ta risiko. Ein blir også dårlegare til å gjere vurderingar. Ein kan dermed ta fleire sjansar, noko som kan føre til ulykker.

Somme blir aggressive, rastlause, engstelege eller forvirra. Etter at ein har teke kokain, kan ein bli lett nedstemd, men også alvorleg deprimert. Dei fysiske verknadene av kokainbruk kan vere livstruande. Ein får høg puls og høgt blodtrykk, og det er fare for hjarterytmeforstyrringar, hjarteinfarkt og hjernebløding.

For gutar kan regelmessig kokainbruk føre til impotens. Dersom ein er gravid, kan fosteret bli skadd om ein tek kokain. 

Kokain kan skade den som bruker det både fysisk og psykisk. Kvifor ta sjansen?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

«Kokain og alkohol er ei fin-fin blanding»

Nokre unge som prøver kokain, gjer dette etter å ha drukke alkohol. Å blande alkohol og kokain gir ein uføreseieleg rus. Det er vanskeleg å vite korleis ein reagerer. 

Det er auka risiko for forvirring og angst. Ein kan bli aggressiv og handle utan å tenkje seg om. Dette aukar faren for vald og ulykker.

Kokain gjer at ein kjenner mindre av alkoholpåverknaden. Når verknaden av kokain går ned, blir ein plutseleg veldig rusa. 

Å blande kokain og alkohol eller andre stoff aukar også risikoen for hjarteinfarkt, hjernebløding og psykiske problem. Med andre ord; alkohol og kokain er ei farleg blanding.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

«Ein blir ikkje avhengig av kokain om ein tek det innimellom»

Kokain er eit av dei rusmidla som skaper mest avhengnad. Det vil ikkje seie at ein blir avhengig etter éin gong, men mange vil oppleve eit sterkt sug etter stoffet. Prøver ein kokain fleire gonger, aukar sjansane for at ein treng meir og/eller må ta kokain oftare for å få same rusen.

Kva har vi lært så langt?

Kokain er øydeleggjande for mange menneske, heilt frå innhausting av kokablad, til produksjon, smugling, sal og bruk. Lat oss ta ei rask oppsummering av kvifor. Bruk teksten til å svare på spørsmåla. 

Produksjon, smugling og sal av kokain er nært knytt til vald. Forklar korleis og kvifor. 

Kva for nokre psykiske skadar kan kokain gi?

Kva for nokre fysiske skadar kan kokain gi?

Kvifor er det farleg å blande kokain og alkohol?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Oppsummering

For å samanfatte, så er kokain eit skadeleg rusmiddel som det er lett å bli avhengig av.

Det blir laga, smugla, selt, kjøpt og oppbevart ulovleg, og det er  knytt til vald og kriminelle grupperingar. Gatekokain er verken reint eller naturleg, og ein veit ikkje heilt kva ein får i seg fordi blandingane varierer. 

Treng du eigentleg fleire argument for å seie «Elles takk»?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Dietrichs, Erik S.; Mørland, Jørg; Bretteville-Jensen, Anne L; Bachs, Liliana: Kokain i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 28. november 2023 fra https://sml.snl.no/kokain
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay
    9. Midjournay
    10. Midjournay