«Det er jo ikkje så farleg, då»
I denne teksten skal vi sjå nærare på ei rekkje påstandar om kokain. Vi skal avkrefte nokre mytar, motseie falske nyheiter og heller sjå på fakta og røyndom.
Sjølv om vi har både oppdatert og påliteleg informasjon frå truverdige kjelder om kokain og kokainbruk – og mange unge kjenner til denne informasjonen – blir det også spreidd løgner, halvsanningar og reint tøys og tull. La oss derfor skilje det eine frå det andre.
Kort om kokain:
Kokain er eit sentralstimulerande og sterkt avhengnadsskapande ulovleg rusmiddel. Det blir vanlegvis selt i pulverform og blir sniffa. Kokain kan også injiserast, gnidast på tannkjøtet, eller tilsetjast i mat og drikke.
«Alle gjer det, jo»
Nei, alle har ikkje prøvd kokain. Langt, langt derifrå. Men ein kan lett få inntrykk av at det er mykje meir utbreidd enn det faktisk er, ut frå medium, filmar og musikk.
Både i Noreg og i Europa blir det gjort jamlege undersøkingar blant skuleungdom og unge vaksne, der det mellom anna blir spurt om bruk av ulike rusmiddel. Blant norsk ungdom og unge vaksne er det berre eit fåtal som oppgir å ha prøvd kokain. I 2022 oppgav 4,7 % av unge mellom 16 og 30 år at dei hadde prøvd eller brukt kokain éin gong eller meir det siste året. Det er fleire gutar enn jenter som har prøvd, og det er fleire i byar på Austlandet enn elles i Noreg som har prøvd (SERAF, 2023). Det er altså berre eit lite mindretal som har prøvd kokain.
Det ein likevel har sett, er ein svak auke i talet på unge som har prøvd kokain. Dette gjeld spesielt blant dei eldste elevane i vidaregåande skule og unge vaksne (SERAF, 2023). Russetida kan vere ein risikofase for kokainbruk, i visse miljø. Dersom ein veit at berre eit fåtal av unge har prøvd kokain, er det kanskje lettare å seie nei viss ein blir tilbode det?
«Kokain er eit naturleg stoff»
Kokain blir rett nok vunne ut frå blada på den søramerikanske kokabusken (Erythroxylon coca), som inneheld mellom 0,1 og 1 prosent kokain. Desse blada har blitt kokte som te eller togne langt tilbake i tid, i samband med religiøse seremoniar, i naturmedisin eller for å auka yteevne eller gi ei kjensle av velvære. Dei gir ein svak rus.
Rundt 1880 blei kokain isolert som eit eige stoff. Kokablada blir behandla med ulike kjemikal slik at kokainet blir skilt frå plantematerialet og kan vinnast ut i rein pulverform. I Noreg blir ulovleg produsert kokain hovudsakleg selt som pulver, eller kokainklorid. Kokablada blir dynka i bensin eller andre løysemiddel. Deretter blir syre tilsett for å skilje bensinen frå blandinga. Den seige blandinga ein sit igjen med, blir filtrert og blir tørka til pulver. Deretter blir pulveret bleikt og ser kvitt ut.
Gatekokain er sjeldan reint, men blanda ut med andre stoff. Både fyllstoff og andre rusmiddel kan blandast inn i kokainen.
Den ulovlege kokainen som blir seld i Noreg, er med andre ord noko heilt anna enn kokablada som veks i høglandet i mellom anna Colombia, Bolivia og Peru.
Kokaplanter
«Kokain er reint»
Når ein snakkar om kor rein kokainen er, meiner ein kor stor del rein kokain det er i blandinga ein kjøper. Gatekokain i Noreg har ein reinleik som varierer mellom 8 % og 95 %, med eit gjennomsnitt på 50 %. Det vil seie at ein ikkje veit kor mykje kokain og kor mykje anna ein får i seg.
Viss vi tenkjer på reint som det motsette av skitent, kan vi heller ikkje seia at kokain er reint. Sjå til dømes for deg stadene kokain blir produsert på. Det har neppe vore helsestyresmakter på besøk og sørgd for at bygningar, utstyr og ingrediensar er reine og bakteriefrie. Det finst heller ikkje lover som krev at dei som produserer kokain illegalt, skal vaske hendene etter dobesøk, for å setje det på spissen.
Om vi legg til korleis kokain blir smugla inn i Europa og vidare til Noreg, forstår vi at «reint» er ei veldig lite dekkjande skildring av kokain. Kokain blir mellom anna smugla gøymt mellom andre tilfeldige varer som blir frakta inn i Noreg, i skjulte spesiallaga holrom i bilar og trailerar, teipa fast til kroppen eller ved at pakkar blir svelgde eller blir skjulte i holrom i kroppen. Kokain kryssar altså ikkje berre grenser, men kan i tillegg ha reist gjennom nokons fordøyingssystem før det blir selt illegalt i Noreg.
Dei færraste av oss ville kjøpt ein sjokolade med opna pakning som andre kanskje hadde teke på, utan innhaldsoversikt og utan krav om produksjonsforhold. Så kvifor sniffe noko så skitent som kokain?
«Kokain er berre ei form for medisin»
Det stemmer at kokain blei nytta medisinsk på slutten av 1800-talet, både som bedøvingsmiddel og som kur mot depresjon. Det var også ein ingrediens i Coca-Cola og andre drikkar som skulle verke oppkvikkande. Dei negative konsekvensane av kokain vart likevel raskt tydelege, og kokain vart derfor eit ulovleg rusmiddel tidleg på 1900-talet. Kokain viste seg å vere svært avhengnadsskapande, og ein såg tidleg ein samanheng mellom kokainrus og forvirringstilstandar, valdskriminalitet og død på grunn av forgifting.
Framleis blir kokain unntaksvis brukt som lokalbedøvande middel ved nase- og biholeoperasjoner ved sjukehus i Noreg. Utanom dette har kokain ingen medisinske bruksområde.
Den ulovlege kokainen som blir seld, har ingen medisinske bruksområde.
Kva har vi lært så langt?
Kokain er verken vanleg, naturleg, helsebringande eller reint. Lat oss ta ei rask oppsummering av kvifor. Bruk teksten til å svare på spørsmåla.
Kor stor prosentdel av unge mellom 16 og 30 år prøvde eller brukte kokain éin gong eller meir i 2022?
Korleis blir kokablad behandla for å gjerast om til ulovleg kokain?
Kvifor vart kokain ulovleg kort tid etter at det vart introdusert som medisin?
Kva vil det seie for den som bruker kokain at gatekokain i Noreg har ein reinleik som varierer mellom 8 % og 95 %, med eit gjennomsnitt på 50 %?
Korleis blir kokain smugla over landegrenser og inn i Noreg?
«Om eg tek kokain, skader det ingen andre»
Kokain er eit ulovleg rusmiddel. Det er ikkje lov til å produsere, transportere, selje, kjøpe eller rå over kokain. Det er kriminelle nettverk som styrer den globale ulovlege kokainhandelen, frå produksjon, til transport og sal. I alle desse ledda har kokain svært øydeleggjande konsekvensar for menneske.
Mykje av kokainen som blir seld i USA og Europa, blir produsert i Colombia, Bolivia eller Peru. I Colombia krigar ulike kriminelle grupperingar om kontroll over marknader og smuglarruter. Fattige kokabønder sel kokablad til gruppene og lever med vald og truslar frå dei. Utbreidd korrupsjon bidrar til den kriminelle verksemda og blir i tillegg forsterka av ho.
Dei siste åra har FN og andre organisasjonar sett ein sterk auke i både produksjon og smugling av kokain. Auken blir dels driven av auka etterspurnad i Europa, samtidig som at meir kokain på marknaden i Europa aukar bruken her.
Auken i produksjon av kokain har også opna fleire smuglarruter, og opna for tettare samarbeid mellom kriminelle grupper i Latin-Amerika og Europa. Kokain blir smugla via Brasil og andre latinamerikanske land, vidare til Vest- og Nord-Afrika, og derfrå inn i Europa. Volden følgjer smuglarrutene. Nye kriminelle grupper kjem stadig til, og konfliktane om kontroll over marknader og smuglarruter blir spreidde.
Ved å støtte kriminelle nettverk økonomisk gjennom å kjøpe kokain, gir ein dei meir midlar til å effektivisere den ulovlege kokainverksemda si, og eventuelt byggje ut andre kriminelle verksemder som menneskesmugling, våpenhandel eller utpressing. Vidare gir det nettverka grunn til å halde fram, for omsetninga kan vere svært lukrativ for bakmennene. Løpargutar og -jenter gjer fotarbeidet og utset seg sjølve for stor fare i konfliktar om å kontrollere marknader og smuglarruter, medan bakmennene håvar inn pengar. (I alle fall til uflaksen tek dei igjen. Narkoboss er ofte ein kortvarig «karriere».)
Kokain er altså eit produkt av vald, truslar og konfliktar. Kjøper ein kokain, bidrar ein økonomisk til grupper som gjer seg skuldig i grove brot på menneskerettane. Ikkje akkurat noko å skryte av, med andre ord.
«Det er ikke farleg å prøve kokain.»
Sjølv om det kan gå bra å prøve kokain ein gong, kan det dessverre også gå skikkeleg gale. Kokain er eit sentralstimulerande stoff. Det vil seie at det påverkar sentralnervesystemet, først og fremst hjernen.
Ein kan kjenne seg vaken, oppstemt og lykkeleg, og oppleve auka sjølvkjensle. Samtidig kan ein få ukritisk tiltru til eigne evner og bli meir villig til å ta risiko. Dette blir gjerne følgt av nedsett dømmekraft og dårlegare impulskontroll. Ein kan dermed ta fleire sjansar, noko som kan føre til ulykker.
Andre biverknader av å ta kokain er kvalme, krampar, angst, vrangførestillingar og hallusinasjonar. Nokre blir aggressive, rastlause, engstelege eller forvirra. Etter at ein har teke kokain, kan ein bli lett nedstemd, men også alvorleg deprimert.
Dei fysiske verknadene av kokainbruk kan vere livstruande. Ein får høg puls og høgt blodtrykk, og det er fare for hjarterytmeforstyrringar, hjarteinfarkt og hjernebløding.
Ein akutt effekt av kokainrus, som har høg dødelegheit, er noko som blir kalla «agitert delir». Den som har teke kokain, blir då veldig agitert og utagerande, oppfører seg merkeleg, og klarer ikkje å kommunisere med andre eller forstå det som skjer rundt hen. Kroppstemperaturen aukar, noko som kan få personen til å kle av seg. Den auka kroppstemperaturen kan vere dødeleg, og personen må derfor raskt få medisinsk behandling.
For gutar kan regelmessig kokainbruk føre til impotens. Dersom ein er gravid, kan fosteret verte skadd om ein tek kokain.
Det finst dessverre inga spesifikk motgift mot kokain.
Kokain kan skade den som bruker det både fysisk og psykisk. Kvifor ta sjansen?
«Kokain og alkohol er ei fin-fin blanding»
Nokre unge som prøver kokain, gjer dette etter å ha drukke alkohol. Å blande alkohol og kokain gir ein uføreseieleg rus.
Det kan auke risikoen for forvirring og angst, og ein kan bli meir aggressiv, samtidig som at alkohol dempar impulskontrollen. Dette aukar faren for valdsepisodar og ulykker.
I tillegg gjer kokain at ein kjenner mindre av alkoholpåverknaden, noko som gjer at ein kan drikke meir enn ein eigentleg toler. Da blir ein veldig rusa når effekten av kokain etter kvart minkar.
Å blande kokain og alkohol eller andre stoff aukar også risikoen for hjarteinfarkt, hjernebløding, mellombels tap av hukommelsen og psykiske problem. Med andre ord; alkohol og kokain er ei farleg blanding.
«Ein blir ikkje avhengig av kokain om ein tek det innimellom»
Det er mange av dei som prøver kokain, som undervurderer risikoen for å bli avhengig av det. Kokain er eit av dei rusmidla som skaper mest avhengnad. Det vil ikkje seie at ein blir avhengig etter éin gong, men mange vil oppleve eit sterkt sug etter stoffet. Nokon får dette suget raskare enn andre og vil ønskje å prøve igjen.
Prøver ein kokain fleire gonger, aukar sjansane for at ein utviklar ein høgare toleranse. Då treng ein større dosar og/eller må ta kokain oftare for å få same rusen. Denne utviklinga kan gå ganske fort og aukar risikoen for negative konsekvensar.
Kva har vi lært så langt?
Kokain er øydeleggjande for mange menneske, heilt frå innhausting av kokablad, til produksjon, smugling, sal og bruk. La oss ta ei rask oppsummering av kvifor. Bruk teksten til å svare på spørsmåla.
Produksjon, smugling og sal av kokain er nært knytt til vald. Forklar korleis og kvifor.
Kva for nokre psykiske skadar kan kokain gi?
Kva for nokre fysiske skadar kan kokain gi?
Kvifor er det farleg å blande kokain og alkohol?
Oppsummering
For å samanfatte, så er kokain eit rusmiddel du blir sterkt avhengig av og eit sentralstimulerande rusmiddel med ei rekkje øydeleggjande og skadelege følgjer.
Det blir produsert, smugla, selt, kjøpt og oppbevart ulovleg, og i alle ledd fram til brukaren er det knytt til vald og kriminelle grupperingar. Gatekokain er verken reint eller naturleg, og ein veit ikkje heilt kva ein får i seg fordi blandingane varierer.
Treng du eigentleg fleire argument for å seie «Elles takk»?
Kjelder:
- Rusinfo (23.01.2024): Brosjyre om kokain
https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler/fakta-om-kokain/brosjyre-om-kokain/
- UiO (26.04.2023): Økning i kokainbruk blant unge i nyhetene
https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/seraf/aktuelt/aktuelle-saker/2023/okning-i-kokainbruk-blant-unge-i-nyhetene.html
- Rus & Samfunn (24.04.2023): Kokain i alle kanaler – hva er hva?
https://www.rus.no/aktuelt/kokain-i-alle-kanaler-hva-er-hva
- Ungdata (22.05.2023): Økt kokainbruk blant ungdom på videregående i Oslo
https://www.ungdata.no/okt-kokainbruk-blant-ungdom-pa-videregaende-i-oslo/
- Dietrichs, Erik S.; Mørland, Jørg; Bretteville-Jensen, Anne L; Bachs, Liliana: Kokain i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 28. november 2023 fra https://sml.snl.no/kokain
- Oslo universitetssykehus (19.07.2023): Kokain
https://www.oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-og-regionale-tjenester/tsb/kokain
- The DEA Museum (23.01.2024): Coca
https://museum.dea.gov/exhibits/online-exhibits/cannabis-coca-and-poppy-natures-addictive-plants/coca
- Rusinfo (23.01.2024): Hva sier loven om kokain?
https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler/fakta-om-kokain/sier-loven-kokain/
- The International Crisis Group (12.05.2023): Latin America Wrestles with a New Crime Wave
https://www.crisisgroup.org/latin-america-caribbean/latin-america-wrestles-new-crime-wave
- The International Crisis Group (26.02.2021): Deeply Rooted: Coca Eradication and Violence in Colombia
https://www.crisisgroup.org/latin-america-caribbean/andes/colombia/87-deeply-rooted-coca-eradication-and-violence-colombia
- United Nations (23.01.2024): World Drug Report 2023
https://www.unodc.org/unodc/en/data-and-analysis/world-drug-report-2023.html
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-