Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:

Sex og forventingar

Viss vi skal snakke om sex, er det viktig med ei avklaring.  Vi tar utgangspunkt i at det er to eller fleire menneske som har lyst til å ha sex med kvarandre. For viss ikkje ein har lyst, hvis det berre er éin som har lyst til å ha sex, då har ein ikkje sex. Då er det noko anna. Så når ein snakkar om at nokon har sex, så betyr det at dei som har sex, har lyst på sex.

Det sit i hovudet?

Mange tenkjer på sex som det fysiske som skjer med kroppen, men eigentleg er det meir ein tilstand ein er i. At hovudet har lyst på sex, det er det aller viktigaste. Hovudet vil fyre av ein heil masse signal til resten av kroppen. Det gjer at ein opplever berøring mykje sterkare, det kan vere meir deilig å bli tatt på. Ein får kanskje nokre bilde og tankar i hovudet som gjer at ein blir opphissa, og då kjem ofte kjønnsorgana på banen. Viss ein har ein vagina eller ein vulva, så blir ein våt, har ein ein penis, så kan han bli erigert.

Sex handlar om heile kroppen

Det at hovudet har lyst på sex, gjer at kroppen lengtar etter å tilfredsstille denne deilige tanken og ideen om sex. Det er som om kroppen blir som eit instrument som du opplever ei herlig kjensle med.

Vi trur det er fort gjort å gløyme at sex handlar om hovudet først og fremst, og ikkje berre om kjønnsorgana.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet
Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Forventingar

Mange har kanskje ei forventing om at dei skal vere flinke i senga heilt frå starten av. Alt skal gå heilt saumlaust, helst i mange forskjellige posisjonar, og det heile skal vare lenge. I tillegg har mange ei oppfatning av at dei skal sjå bra ut under sex.

Dette er ikkje særleg realistisk. Sex treng ikkje sjå bra ut, det skal kjennast bra! Det å sjå at partneren din nyt sex, er eigentleg det som gjer at det er god sex. Hugs at dette  ikkje er noko som er regissert. Det er som livet elles; alt kan skje.

Ikkje stress

Derfor er det lurt å ikkje ha lagt ein plan med høge ambisjonar før du har sex. Det kan vere kleint, det kan vere klønete, du kan sleppe ein promp eller falle ut av senga. Du kan få krampe i leggen eller tryne i stillinga du er i. Sex skal vere ei oppleving som du deler med nokon, og det skal óg vere  lov å le litt.

Vi trur fleire hadde hatt deilig sex viss dei tok ting litt som det kom. Der det viktigaste var at begge partar hadde det bra, og at dei ikkje forventar at partnaren skal tenkje at du er flink fordi du gjer mange avanserte ting.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.
To illustrerte figurer sitter i en sofa og kysser. Den ene promper.

Alle skal få lov til å vere nybegynnarar

Du kan sjå på det å starte med å ha sex som å lærekøyre med bil. Viss du berre har sett Fast and the Furious, eller biljaktscener kor dei køyrer i 120 km i timen i gatene, så er jo ikkje dette på nokon måte vanleg bilkøyring. Det er nøye regissert og øvd på i fleire timar med mange opptak. Dei som køyrer bilane på filmen, ser ikkje ut til  å ta omsyn til nokon andre enn seg sjølv, dei berre gønnar på.

Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.
Illustrert, blå bil med en stor, rød L festet i bakruta.

Frå 0 til 100 på 3 sekund?

Når du skal setje deg bak rattet for å køyre for første gong, så begynner du verkeleg på scratch. Du kveler bilen, bremsar for fort eller for sakte, det er vanskeleg å vite kvar i vegen bilen ligg, for ikkje å snakke om parkering! I tillegg har du alle reglane, for du er jo ikkje aleine på vegen. Du må ta omsyn til alle rundt deg medan du prøver å meistre din eigen bil.

Sånn kan det kjennast når du begynner å ha sex. Det blir mange ting å passe på, og det er ikkje rart det fort blir litt stress, og at ting ikkje går heilt smooth. Det er mange kjensler i bildet fordi ein er usikker.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert, rød racerbil.
En illustrert, rød racerbil.

Øving gjer meister!

I staden for å starte på motorvegen eller med full biljakt i 120, så er det fint å ha ein parkeringsplass du kan teste ut køyringa litt grunnleggjande først. Det same gjeld for sex.

Du kan begynne å onanere og kjenne på din eigen kropp og seksualitet først, som om du er på ein stor og tom parkeringsplass utan nokon andre å ta omsyn til. Når du skal svinge ut på vegen, så kan du ta nokre rolege småvegar og kanskje ikkje forvente at du meistrar motorvegen i rushtida med éin gong.

To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.
To illustrerte figurer ligger i en seng. Den ene figuren ligger oppå den andre og har en stor, rød L på ryggen.

 

Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)

Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Trine Arvold?

Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.

Kven er Tuva Fellman?

Tuva har tatt vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?